Hopp til innhald

Jay Graydon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jay Graydon

Fødd8. oktober 1949 (75 år)
FødestadBurbank
OpphavUSA
Instrumentgitar
Verka somkomponist, låtskrivar, jazzmusikar, musikkprodusent, gitarist
PrisarGrammy Award for Best R&B Song, Grammy Award for Best R&B Song

Jay Graydon (fødd 8. oktober 1949) er ein USA-amerikansk låtskrivar, plateartist, gitarist, songar, produsent, arrangør og lydteknikar. Han har vunne to Grammyprisar (R&B-kategorien) og vore nominert tolv gonger, mellom anna for årets produsent og beste lyd. Han har spelt innan mange sjangrar og stilartar, og innspelingane hans er blitt nytta på plate, film, fjernsyn og scene.

Graydon spelte tidleg i bandet til Don Ellis før han frå seint i 1960-åra til seint i 1970-åra arbeidde som studiomusikar i Los Angeles. Her arbeidde han med artistar som Gino Vannelli, Barbra Streisand, Dolly Parton, Diana Ross, The Jackson Five, Alice Cooper, Cheap Trick, Al Jarreau, Christopher Cross, Ray Charles, Cher, Joe Cocker, Marvin Gaye, Hall & Oates, Wayne Shorter, Olivia Newton-John, Albert King. Ein av dei mest kjende framføringane hans var gitarsoloen han spelte på Steely Dan-songen «Peg».

Som produsent har Jay Graydon arbeidd for Airplay, Air Supply, George Benson, Al Jarreau, DeBarge, El DeBarge, Sheena Easton, Art Garfunkel, The Manhattan Transfer, Johnny Mathis, Patti LaBelle, Lou Rawls, Dionne Warwick, Alan Sorrenti og på albumet They Don't Make Them Like They Used To av Kenny Rogers.

Han skipa sitt eige plateselskap, Sonic Thrust Records, i 2001.

Graydon har skrive over 200 songar, mellom anna for film og fjernsyn.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
År Tittel Merknad
1993 Airplay For The Planet
2001 Bebop
2006 Past To Present - The 70s
2008 Airplay For The Planet - Live In Japan
År Artist Tittel Rolle
1974 Boz Scaggs Slow Dancer Gitar
Joe Cocker I Can Stand a Little Rain
1975 Gino Vannelli Storm at Sunup
Aretha Franklin You
Barbra Streisand Lazy Afternoon
1976 Albert King Albert
Candi Staton Young Hearts Run Free
Paul Anka The Painter
Jennifer Warnes Jennifer Warnes
Marvin Gaye I Want You
Donovan Slow Down World Synthesizer, programmering
Cher I'd Rather Believe in You Gitar, mandolin
Stephen Bishop Careless Elektrisk gitar, akustisk gitar
Gino Vannelli The Gist of the Gemini Elektrisk gitar
1977 Olivia Newton-John Making a Good Thing Better Elektrisk gitar, akustisk gitar, slidegitar
Dolly Parton Here You Come Again Pedalsteelgitar
Boz Scaggs Down Two Then Left Gitar, gitarsolo
Steely Dan Aja Gitarsolo
Rhythm Heritage Last Night on Earth Sologitar
Marlena Shaw Sweet Beginnings Gitar
Paul Anka The Music Man
Jackie DeShannon You're the Only Dancer
Leo Sayer Thunder in My Heart
Dionne Warwick Love at First Sight
Shaun Cassidy Born Late
Dalbello Lisa Dal Bello
Syreeta Wright Rich Love, Poor Love
1978 Ymse artistar Grease Soundtrack
Carole Bayer Sager ...Too
Leo Sayer Leo Sayer
Melissa Manchester Don't Cry Out Loud
Barbra Streisand Songbird
Paul Anka Listen to Your Heart
Helen Reddy We'll Sing in the Sunshine
Juice Newton Well Kept Secret
Shaun Cassidy Under Wraps
Candi Staton House of Love
Valerie Carter Wild Child
Ben E. King Let Me Live in Your Life
Rhythm Heritage Sky's the Limit
Alice Cooper From The Inside Gitar, synthesizerprogrammering
Brian Cadd Yesterdaydreams Synthesiser
Rita Coolidge Love Me Again Gitar, akustisk gitar
Nigel Olsson Nigel Olsson Gitar, elektrisk gitar
Pages Pages Lydteknikar, gitar, horn, klaverinstrumentprogrammering, produsent, låtskrivar
1979 Barbra Streisand Wet Elektrisk gitar
Christopher Cross Christopher Cross Gitarsolo
Cher Take Me Home Gitar
Paul Anka Headlines
Peter Allen I Could Have Been a Sailor
Yvonne Elliman Yvonne
Donna Summer Bad Girls
Rhythm Heritage Disco Derby
Nigel Olsson Nigel Elektrisk gitar, akustisk gitar
The Manhattan Transfer Extensions Produsent, arrangement, gitar, synthesiser, gitarsolo, ekstra vokal, synthesizerprogrammering, miksing
Marc Jordan Blue Desert Sologitar, synthesiser, arrangør, dirigent, produsent, lydteknikar
Earth, Wind & Fire I Am Låtskrivar
1980 Peter Allen Bi-Coastal Gitar
Syreeta Wright Syreeta Musikar
Bernie Taupin He Who Rides the Tiger Elektrisk gitar
Mariya Takeuchi Miss M Akustisk og elektrisk gitar, rytmearrangement, korvokal, låtskrivar
Airplay Airplay produsent, gitar, solo- og korvokal, overdubbing, miksing, låtskrivar
Al Jarreau This Time Synthesiserprogrammering, elektrisk gitar, rytmearrangement, produsent, lydteknikar
1981 Breakin' Away produsent, miksing, låtskrivar, elektrisk gitar, synthesiserprogrammering, rytmearrangement, vokalarrangement
Dolly Parton Dolly, Dolly, Dolly Gitar
Carole Bayer Sager Sometimes Late at Night
The Manhattan Transfer Mecca for Moderns produsent, låtskrivar, gitar, synthesiser, arrangement
Pages Pages Komponist, lydteknikar, gitar, miksing, produsent, programmering
1982 Herbie Hancock Lite Me Up Komponist, lydteknikar, gitar, produsent, låtskrivar
Dionne Warwick Friends in Love produsent, rytmearrangement, synthesiser, gitar, perkusjon, innspeling, miksing
1983 Donna Summer She Works Hard for the Money Låtskrivar, gitar
The Tubes Outside Inside Musikalske bidrag
Paul Anka Walk a Fine Line Komponist
Sheena Easton Best Kept Secret Gitar, produsent, lydteknikar
Christopher Cross Another Page Gitarsolo
David Foster The Best Of Me Komponist, lydteknikar, gitar, låtskrivar
Al Jarreau Jarreau produsent, låtskrivar, rytmearrangement, gitar, synthesiser, gitarsolo, lydteknikar
1984 High Crime produsent, låtskrivar, gitar, arrangement, synthesiser, datakonsept
1985 DeBarge Rhythm of the Night produsent, låtskrivar, gitar, synthesiser
1986 El DeBarge El DeBarge Synthesiser, gitar, låtskrivar, arrangør, produsent, lydteknikar
Kenny Rogers They Don't Make Them Like They Used To produsent, lydteknikar, låtskrivar, synthesiser, sologitar, elektroniske trommer, arrangement, gitarsolo, trommer, gitarlinjer
Al Jarreau L Is for Lover Låtskrivar
1988 Heart's Horizon Produsent, låtskrivar, synthesiser
Art Garfunkel Lefty Produsent, lydteknikar
George Benson Twice the Love Produsent, synthesiser, trommer, arrangement, lydteknikar, miksing
1989 El DeBarge Gemini produsent, låtskrivar
1993 Planet 3 Music From The Planet Gitar, klaverinstrument, programmering, miksing, innspeling
2004 Gems Unearthed Sologitar, klaverinstrument, programmering, notat, mastering
2008 JaR Scene 29 Solo- og korvokal, gitar, trommer, synthesiser, komponist, arrangør, produsent, lydteknikar, miksing og mastering

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]