Jiří Parma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jiří Parma
Fødd 9. januar 1963
Frenštát pod Radhoštěm
Yrke skihoppar

Jiří Parma (fødd 9. januar 1963) er ein tsjekkisk skihoppar som representerte både Tsjekkoslovakia og sidan Tsjekkia. Han vart verdsmeister i normalbakken i ski-VM 1987. Parma vann 1984-85 tre renn i verdscupen i skihopping og fire medaljar i lagtevlingar under verdsmeisterskap og vinter-OL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Parma debuterte i verdscupen i skihopping 30. desember 1980. I skiflygings-VM 1983 i Harrachov kom han på sjetteplassen. Midt i desember 1983 kom han på tredjeplass i eit storbakkerenn i verdscupen i Lake Placid. Fire veker seinare, 14. januar 1984, vann han i Harrachov sitt første verdscuprenn. Han deltok i begge renna under vinter-OL 1984 i Sarajevo, med ein tiandeplass i normalbakken som best. Straks etter dei olympiske leikane var han med på det tsjekkoslovakiske laget som kom på bronseplass i lagtevlinga i ski-VM i Engelberg. I mars 1984 tok han sin andre siger i verdscupen då han vann hopprennet i den Svenska skidspelen i Falun. Nokså nøyaktig eitt år seinare tok han i Örnsköldsvik sin tredje og siste siger i verdscupen.

Parma vann gullmedaljen i normalbakkerennet under VM 1987 i Oberstdorf. Med 224,4 poeng vann han ein klar siger, nesten åtte poeng føre Matti Nykänen med Vegard Opaas på bronseplassen. I storbakkenrennet vart Parma nummer ni. Parmas beste sesong var likevel 1988-sesongen, endå om han ikkje vann eit einaste renn. Han kom då på fjerdeplass samanlagt i verdscupen. I den tysk-austerrikske hoppveka vart han samanlagt nummer tre. Under vinter-OL 1988 i Calgary vart han nummer fem i normalbakken. Ein ny femteplass vart det i den neste olympiaden, 1992 i Albertville.

Parma vann fleire medaljar med nasjonale hopplag i dei internasjonale meiserskapstevlingane. Han var med på Tsjekkoslovakias bronselag i ski-VM 1989 i Lahti, og under vinter-OL 1992 i Albertville. Dessutan var han på sølvlaget i ski-VM 1993 i Falun. Under verdsmeisterskapen i Falun kom han på 6. og 8. plass i dei to individuelle renna, best var han i storbakken.

Parma vann tre renn i verdscupen og stod 17 gongar på pallen etter verdscuprenn. Han la opp som skihoppar i 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]