Joakim With Steen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joakim With Steen
Joakim With Steen Kyiv 2017.jpg
Fødd26. juni 1989 (33 år)
FødestadTrondheim
OpphavNoreg
Aktiv2011–
Sjangerpop
Instrumentgitar
Verka sommusikar, musikkprodusent, DJ, songar

Joakim With Steen (fødd 26. juni 1989), best kjend under artistnamnet Jowst (vanlegvis stilisert JOWST), er ein norsk musikar, låtskrivar og musikkprodusent. Han vart kjend i Noreg då han og Aleksander Walmann vann Melodi Grand Prix 2017 med songen «Grab the Moment».[1][2] Songen vart skriven saman med Jonas McDonnell og gjeven ut av Warner Music Noreg i 2017.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Steen vart fødd i Trondheim og vaks opp i bydelen Tiller. Då han var 14 år flytta familien til Steinkjer.[4] I Steinkjer fekk han interesse for gitar, band, rock og låtskriving, og starta det alternative rockebandet Enter. Dei deltok på UKM og spelte på mindre lokale scener. Steen tok seinare musikkprodusent-utdanning på Noroff i Oslo, og starta Red Line Studio der han har jobba som lydteknikar og produsent sidan 2011. Steen har jobba med ei rekkje artistar innan hiphop, elektronisk musikk, pop og rock.[5]

I 2016 skreiv og produserte han låten «Grab the Moment» under artistnamnet JOWST, som er sett saman av dei første bokstavane i namna hans. Dette var den fyrste originale utgjevinga hans i eige namn, og han fekk med seg songaren og låtskrivaren Aleksander Walmann på vokal. Songen vart utgjeven for strøyming og sal 15. februar 2017 og vann Melodi Grand Prix 11. mars same året. Steen og Walmann representerte seinare Noreg i Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv, der «Grab the Moment» enda på ein tiandeplass i finalen 13. mai.

JOWST har gjeve ut musikk med Warner Music, Sony Music, UpNorth, og på sitt eige merke JOWST AS.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar som JOWST

År Tittel VG-lista
2017 «Grab the Moment» 6
«ThatFeeling»
2018 «Burning Bridges» (med Kristian Kostov)
«Roller Coaster Ride»
2019 «Everybody Knows …»
«Better Place»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ighanian, Grøtte, Talseth og Hansen, Catherine Gonsholt, Marit, Thomas og Frode (11. mars 2017). «JOWST vant MGP – vil endre sceneshowet til Eurovision». VG Nett. 
  2. Henriksen, Arve (12. mars 2017). «Vant 7500 kroner på seg selv». Aftenposten. 
  3. «JOWST». nrk.no. 7. februar 2017. Henta 12. mars 2017. 
  4. Hovde, Kari (12. mars 2017). «Trondhjemmer og MGP-vinner fikk hjelp på Facebook». Adresseavisen/ adressa.no. 
  5. «Jowst på LinkedIn». LinkedIn. Henta 12. mars 2017. [daud lenkje]