Melodi Grand Prix 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 2017
JOWST Norway Kyiv 2017.jpg
Dato
Finale 11. mars 2017
Vertskap
Finale Oslo Spektrum, Oslo
Programleiarar Line Elvsåshagen og Kåre Magnus Bergh
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Grab the Moment»
Artist JOWST og Aleksander Walmann
Resultat i Eurovision Song Contest 2017
Semifinalepoeng 189
Semifinaleplass 5 av 18
Finalepoeng 158
Finaleplass 10 av 26
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2016 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2018

Melodi Grand Prix 2017 var den 55. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti songar deltok i finalen i Oslo Spektrum 11. mars 2017, og vinnaren blei songen «Grab the Moment», framført av duoen JOWST og Aleksander Walmann. Songen er komponert av Joakim With Steen, medan Jonas McDonnell har skrive teksten. «Grab the Moment» var Noregs bidrag i Eurovision Song Contest i Kiev i Ukraina i mai 2017, der songen kom på tiandeplass i finalen.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2016 inviterte NRK norske og utanlandske låtskrivarar til å sende inn bidrag til tevlinga innan 11. september 2016. Til saman kom 1035 låtar inn før fristen, det høgaste talet nokon gong.[1][2] Av dei innsendte bidraga valde redaksjonen ut ti til å delta i den norske finalen. Songar, komponistar og artistar blei offentleggjorde under ein pressekonferanse 7. februar 2017.[3] Songane blei deretter slepte for sal og strøyming 15. februar, medan startrekkjefølgja i finalen blei klar 6. mars.[3][4]

MGP 2017 blei arrangert laurdag 11. mars i Oslo Spektrum, som har husa alle norske finalar sidan 2001. Programleiarar var Line Elvsåshagen og Kåre Magnus Bergh. Opphavleg skulle Bergh ha leia sendinga saman med Silya Nymoen som under finalane i 2015 og 2016. Nymoen måtte stå over programleiarjobben sidan ho var oppteke med andre oppdrag.[5]

Finalen opna med ein førehandsinnspela kortfilm i Star Wars-tema. Programleiarane sto om bord i eit romskip, og inn kom musikalsk ansvarleg Jan Fredrik Karlsen utkleidd som Darth Vader. Filmen gjekk så over til opningsnummeret direkte i Oslo Spektrum, der artistane Stian Thorbjørnsen og Reidun Sæther song, utkleidd som programleiarane Line Elvsåshagen og Kåre Magnus Bergh.[6]

Deretter blei dei ti finalesongane framførte ein gong, medan sjåarane kunne røyste per SMS. Kort tid etter avslørte dei ti internasjonale juryane favorittane sine, ein etter ein. Den irske juryen sin poengopplesar var Johnny Logan som etter juryrøystinga plutseleg dukka opp på scenen og song vinnarlåten sin frå 1987, «Hold Me Now». Etterpå blei dei fire gullfinalistane avslørte i tilfeldig rekkjefølgje.

Etter at alle gullfinalistane hadde sunge songane sine på nytt, kunne sjåarane røyste om att. Vinnaren blei kåra eine og aleine av røystene til sjåarane. Under sendinga tok ein fleire gongar turen innom ein privat MGP-fest i Sortland i Nordland, der festdeltakarane blei intervjua om kva dei tykte om songane og artistane. Fjorårsvinnar Agnete Johnsen framførte så ein ny versjon av vinnarlåten sin, «Icebreaker». Til slutt blei vinnarane avslørt. I staden for at dei ulike landsdelane las opp røystetala sine som tidlegare, las programleiarane opp dei fire gullfinalistane frå nummer fire og opp til førsteplass. Det er altså ikkje kjend kor mange røyster kvar gullfinalist fekk.[6] Vinnaren blei elektropoplåten «Grab the Moment», sungen av JOWST og Aleksander Walmann.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Places» Ulrikke Ulrikke Brandstorp og Tony Alexander Skjevik 4
2 «I Go Where You Go» Jenny Augusta Jenny Augusta Enge Inga Þyri Þórðardóttir 10
3 «Run Run Away» Rune Rudberg Band Peter Danielson, Åsa Karlström og Mats Larsson 8
4 «Grab the Moment» JOWST og Aleksander Walmann Joakim With Steen Jonas McDonnell 1
5 «You & I» Kristian Valen Kristian Valen 7
6 «Nothing Ever Knocked Us Over» In Fusion Gustav Euren, Danne Attlerud, Niklas Arn, Ulrik Eurén og Cissi Kallin 9
7 «Mesterverk» Amina Sewali Amina Sewali 5
8 «Wrecking Crew» Ammunition Åge Sten Nilsen og Erik Mårtensson 2
9 «First Step in Faith (Oadjebasvuhtii)» Elin & The Woods Elin Kåven og Robin Lynch 3
10 «Mama's Boy» Ella Ida Maria og Per Kristian Ottestad 6

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass
1 «Places» Ulrikke Ulrikke Brandstorp og Tony Alexander Skjevik 4
4 «Grab the Moment» JOWST og Aleksander Walmann Joakim With Steen Jonas McDonnell 1
8 «Wrecking Crew» Ammunition Åge Sten Nilsen og Erik Mårtensson 2
9 «First Step in Faith (Oadjebasvuhtii)» Elin & The Woods Elin Kåven og Robin Lynch 3

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Vinneran blei avgjort av tv-sjåarane og ti internasjonale jurygrupper – etter same modell som i svenske Melodifestivalen.[7] NRK har brukt internasjonale juryar i Melodi Grand Prix to gonger tidlegare: i 1985 og 1995. Begge gongene vann også Noregs bidrag den internasjonale finalen, men det var ikkje takka vere dei internasjonale juryane i den norske finalen. I 1985 ville den internasjonale juryen heller ha «Karma» i staden for «La det swinge», og i 1995 gav den irske juryen like mange poeng til 2. plassen «La oss feire livet» som til «Nocturne».[8][9]

Dei internasjonale juryane var frå følgjande land: Armenia, Finland, Irland, Israel, Malta, Storbritannia, Sverige, Tyskland, Ungarn og Austerrike. Dette var første gong sidan 2013 at NRK brukte fagjuryar til å avgjere resultatet, og målet var at dei internasjonale juryane skulle hjelpe Noreg med å plukke ein låt som kan vinne Eurovision Song Contest.[10] Juryane røysta berre i første runde. I andre runde, gullfinalen, var det berre norske tv-sjåarar som røysta fram vinnaren.[3]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

I første runde røysta dei ti internasjonale juryane på bidraga med poeng i valørane 1–8, 10 og 12. Totalt gav dei ti juryane 580 poeng, og tv-sjåarane hadde like mange poeng til fordeling. Sjåarpoenga blei fordelte ut frå kor stor prosentdel kvar song fekk. Om eit bidrag fekk 10 prosent av SMS-røystene, fekk denne songen 10 prosent av sjåarane sine 580 poeng – altså 58 poeng. Dei fire songane med flest poeng gjekk vidare til gullfinalen. Etter første runde var juryane ferdige med jobben.[11] Berre toppoenga frå juryane blei leste opp under sendinga, og dei fire gullfinalistane blei avslørte i tilfeldig rekkjefølgje.[6]

Nr. Tittel Flag of Ireland.svg Irland Flag of Armenia.svg Armenia Flag of Finland.svg Finland Flag of Sweden.svg Sverige Flag of Israel.svg Israel Flag of Germany.svg Tyskland Flag of Austria.svg Austerrike Flag of Hungary.svg Ungarn Flag of Malta.svg Malta Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
1 «Places» Flag of Ireland.svg Irland Flag of Armenia.svg Armenia Flag of Germany.svg Tyskland
2 «I Go Where You Go»
3 «Run Run Away»
4 «Grab the Moment» Flag of Sweden.svg Sverige Flag of Israel.svg Israel Flag of Hungary.svg Ungarn Flag of Malta.svg Malta
5 «You & I»
6 «Nothing Ever Knocked Us Over»
7 «Mesterverk»
8 «Wrecking Crew» Flag of Finland.svg Finland Flag of Austria.svg Austerrike
9 «First Step in Faith (Oadjebasvuhtii)»
10 «Mama's Boy» Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

Gullfinalen[endre | endre wikiteksten]

I gullfinalen var det sjåarane sine SMS-røyster aleine som kåra vinnaren. «Grab the Moment» fekk flest sms-røyster og blei Noregs bidrag til Eurovision Song Contest 2017 i Kiev i Ukraina. Berre plasseringane blei offentleggjorte under sendinga.[6] NRK offentleggjorde gullfinalistane sine røystetala først måndagen etter finalen.[12]

Nr. Tittel Arist Røyster Plass
1 «Places» Ulrikke 12 662 4
4 «Grab the Moment» JOWST og Aleksander Walmann 46 064 1
8 «Wrecking Crew» Ammunition 40 128 2
9 «First Step in Faith (Oadjebasvuhtii)» Elin & The Woods 28 591 3

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jon Marius Hyttebakk (9. juni 2016). «Sitter du på neste års vinnerlåt?». Nrk.no. Besøkt 29. juli 2016.
  2. Zakariassen og Woldsdal, Gaute og Nicolay (7. september 2016). «MGP satser på Bobbysocks-oppskriften»NRK.no.
  3. 3,0 3,1 3,2 Aune og Revheim, Oddvin og Hanna Huglen (7. februar 2017). «Disse 10 skal konkurrere i MGP-finalen 2017»nrk.no.
  4. Hyttebakk, Jon Marius (6. mars 2017). «Her er låtrekkefølgen i årets MGP»nrk.no.
  5. Østbø, Stein (25. januar 2017). «Line og Kåre Magnus skal lede Melodi Grand Prix: Lover glitter og glamour»VG Nett.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Melodi Grand Prix 2017». Norsk rikskringkasting. 11. mars 2017. Besøkt 12. mars 2017.
  7. Camilla Sand (20. februar 2017). «Melodi Grand Prix 2017». nrk.no. Besøkt 5. mars 2017.
  8. «Melodi Grand Prix 1985 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 30. mars 1985. Besøkt 30. juli 2016.
  9. «Melodi Grand Prix 1995 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 1. april 1995. Besøkt 3. august 2016.
  10. Braseth, Sofie (9. november 2016). «Slik skal Norge kuppe Eurovision Song Contest»Dagbladet.no.
  11. Jon Marius Hyttebakk (9. mars 2017). «Slik kåres årets MGP-vinner». nrk.no. Henta 9. mars 2017. 
  12. Jon Marius Hyttebakk (13. mars 2017). «Her er resultatet fra MGP-gullfinalen». nrk.no. Henta 13. mars 2017.