Johan H. Dyblie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan Helmar Dyblie (19. august 18196. februar 1905) var ein norsk lensmann og postmeister frå Trondheim. Han var stortingsmann 1871-73 frå Finmarkens amt.

Dyblie var son til ein skipper. Sjølv arbeidde han i yngre år ved ulike embetskontor. I 1842 vart han konstituert postekspeditør i Alta, fast tilsett i stillinga frå 1854. Frå 1844 var han i tillegg lensmann i Alta og Talvik i 30 år. Medan han budde i Alta deltok han mykje i styringa av herad og amt. Mellom anna var han forlikskommissær og medlem i heradsstyret, styremedlem i sparebank og i landbruksselskapet for Finnmark. 1857-58 var Dyblie med i ein kongeleg kommisjon som undrsøkte tilhøvet mellom samar og fastbuande i Troms og Finnmark. I fyrste halvdel av 1870-åra var han medlem i to ulike kommisjonar; ein om ei ordning av jordspørsmålet i Finnmark og så i ein matrikkelkommisjon for Troms amt.

Gjennom stortingsvalet 1870 vart Dyblie kåra til å representere Finnmark på Stortinget, der han var medlem i Tollkomiteen. I 1874 tok han til som postmeister i Namsos, eit embete han styrte til 1890. Han døydde i fødebyen Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]