Johan Jørgen Schwartz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Jørgen Schwartz
Fødd 19. februar 1824
Drammen
Død

16. mars 1898
Drammen

Yrke politikar, forretningsdrivande, trelasthandlar

Johan Jørgen Schwartz (19. februar 182416. mars 1898) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar, ordførar og stortingsmann frå Drammen.

Schwartz var son til ein skipsreiar. I 1841 tok han handelseksamen, og byrja i 1848 med eiga handelsverksemd i fødebyen. Med åra dreiv han det stort som trelasthandlar, skipsreiar og sagbrukseigar. Frå 1873 var han medeigar også i Eidsfos verk. Han gjekk konkurs i 1879.

Schwartz var stortingsmann for Drammen periodane 1857-64 og 1868-76. I 1857 var han medlem av justiskomite nr 2 og komiteen om representantfordelinga. På omframtstortinget 1858 var han med i finanskomiteen, medan han frå 1859 til -63 var medlem av Lagtinget og justiskomite nr 1. Han heldt fram i Lagtinget på omframttinget 1864. Schwartz var sekretær i justiskomiteen 1868-69 og deretter medlem i same komiteen 1871-76. Elles var han formann i vegkomiteen 1871-74, samt medlem av skattekomiteen og røysterettskomiteen 1875-76. 1874-sesjonen var han lagtingspresident.

Han var i 1862 mellom Stortinget sine utsendingar til Göteborg og opninga av jarnbanen mellom Noreg og Sverige. I 1864 deltok han for Tinget under 17. mai-feiringa på Eidsvoll og 4. november-markeringa i Stockholm. Også medlem av kroningsdeputasjonen til Stockholm i 1873.

Schwartz var ordførar i Drammen i 1862 og 1864-65. Frå slutten av 1860-åra til midt på 1870-talet var han med i anleggsstyret for fleire jarnbanestrekningar på Austlandet og til Trøndelag.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Schwartz mottok St. Olavs Orden, Nordstjerneordenen og Dannebrogordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]