Johan Skipnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Skipnes
Fødd18. desember 1909
Aure
Død12. mars 2005 (95 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, klokkar
Utdanna vedDet norske Diakonhjem

Johan Kristoffer Winther Skipnes (18. desember 190912. mars 2005) var ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Han var kommunalminister 1972-73. Han var fødd på Skardsøya i Stemshaug kommune (no Aure kommune) på Nordmøre. Han hadde ei rekkje offentlege og organisatoriske verv[1]. Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1982[1].

Yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Skipnes vart utdanna klokkardiakon og var tilsett i dette yrket i Molde frå 1935 til 1937 og som klokkardiakon og helserådsassistent frå 1937 til 1945. Frå 1940 til 1941 var han forretningsførar ved Molde forsyningsnemnd, kombinert klokkardiakon og kyrkjeverje 1950-1976 og sjukehussjef i Møre og Romsdal frå 1976 til 1979[1].

Kommunepolitikk[endre | endre wikiteksten]

Han var medlem Molde bystyre 1945-1947, ordførar 1962-1963, 1963-1965, og 1971-1973 (med fritak frå oktober 1972 til november 1973), medlem av Molde formannskap 1947-1951, 1951-1955, 1955-1959, 1959-1962, 1965-1967, 1967-1971 og 1973-1975.

Fylkespolitikk[endre | endre wikiteksten]

Han var fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkesting 1963-1963 og 1963-1964, fylkesvaraordførar 1964-1967, 1971-1974, fylkesordførar 1975-1975 og medlem av Møre og Romsdal fylkesutval 1967-1971.

Rikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Han var kommunal- og arbeidsminister i regjeringa Korvald frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973.

Boligbygging[endre | endre wikiteksten]

I 1946 var han med på å stifta Molde Boligbyggelag (MOBO) og frå 1966 til 1976 var han formann i MOBO[2]. Frå 1973 til 1982 var han representantskapsordfører i Norges Boligbyggerlag (NBBL) og frå 1983 til 1985 var han leiar for NBBL sitt framtidsutval[2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Skipnes, Johan ( 1909-2005 ), Stortinget.no.
  2. 2,0 2,1 Norges Bolinbyggerlag, arkivert frå originalen 2007-09-27, henta 10. august 2007