Odvar Nordli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odvar Nordli
Odvar Nordli 2007 04 21.jpg
Odvar Nordli i 2007
Foto: Harry Wad
Fødd 3. november 1927

Stange

Død 9. januar 2018
Oslo
Parti Arbeidarpartiet

Odvar Nordli (3. november 19279. januar 2018) var ein norsk politikar og medlem av Det norske Arbeidarpartiet. Han var statsminister i over fem år, frå 1976 til 1981.

Nordli var frå Stange i Hedmark og er utdanna revisor. Han vart statsminister etter Trygve Bratteli den 15. januar 1976 og sat til den 4. februar 1981Gro Harlem Brundtland overtok. Odvar Nordli vart den fyrste statsministeren som merka at Noreg hadde vorte ein oljenasjon. Det kom oljeinntekter inn på statsbudsjettet. Omstridde saker var NATO sitt dobbeltvedtak og vasskraftutbygginga i Alta-Kautokeinovassdraget.

Nordli vart i 1981 utnemnd til fylkesmann i Hedmark fylke, eit embete han hadde til han gjekk av med pensjon i 1993. Han var frå 1985 til 1993 medlem av Den norske Nobelkomitéen. Etter den andre verdskrigen tenestegjorde han i Tysklandsbrigaden.

Odvar Nordli vart utnemnt til kommandør av St. Olavs orden i 1994 for samfunnsnyttig verksemd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]