Gunnar Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunnar Berge
none  Gunnar Berge i 2016Foto: Tore Sætre
Gunnar Berge i 2016
Foto: Tore Sætre
Fødd 1940

Etne

Parti Arbeidarpartiet
1. verv Nordisk samarbeidsminister
 - periode 1992–1996
 - regjering Brundtland III
 - føregjengar Kjell Borgen
 - etterfylgjar Grete Knudsen
2. verv Norsk kommunalminister
 - periode 4. september 1992–16. oktober 1996
 - regjering Brundtland III
 - føregjengar Kjell Borgen
 - etterfylgjar Kjell Opseth
3. verv Norsk finansminister
 - periode 9. mai 1986–16. oktober 1989
 - regjering Brundtland II
 - føregjengar Arne Skauge
 - etterfylgjar Arne Skauge
4. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1969–1993
 - valkrins Rogaland
Wikimedia Commons: Gunnar Berge

Gunnar Berge (fødd 29. august 1940 i Etne) er ein norsk Arbeidarparti-politikar, statsråd, parlamentarisk leiar og nestleiar i Arbeidarpartiet og direktør i Oljedirektoratet.

Gunnar Berge var industriarbeider fra 1957 til 1964. Han var lokalpolitikar Stavanger frå 1963. Han var Stortingsrepresentant for Rogaland frå 1969 til 1993.

Han var statsråd for Finansdepartementet frå 1986 til 1989. Han var statsråd for Kommunaldepartementet mellom 1992 og 1996.

Han var parlamentarisk leiar for Arbeiderpartiet si stortingsgruppe 19901992. Han var nestleiar i Arbeidarpartiet frå 1989 til 1992.

Gunnar Berge blei tilsett som direktør for Oljedirektoratet i Stavanger i 1990, men tok ikkje til i stillinga før ved årsskiftet 1996-1997, fordi han var først var stortingsrepresentant og deretter kommunal- og arbeidsminister. Den 26. juni 2007 annonserte han at han gjekk av som oljedirektør for å bli styreleiar i det statlege oljeselskapet Petoro.

Gunnar Berge var medlem av Den Norske Nobelkomite i perioden 1997-2002, i 1999 var han nestleiar i komiteen og i 2000-2002 var han leiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]