Francisco Carrasco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francisco Carrasco
Statsborgarskap Spania
Fødd 6. mars 1959
Alcoy
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Francisco José Carrasco Hidalgo (fødd 6. mars 1959) er ein spansk tidlegare fotballspelar frå Alcoy. Han var i elleve år venstreveng i FC Barcelona, ein klubb han vann både cupvinnarcupen og den spanske cupen og serien med.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Carrasco spelte på FC Barcelona frå 1978 til 1989. I mai 1979 var han med då Barcelona etter ekstraomgangar vann cupvinnarcupfinalen med 4-3 mot Fortuna Düsseldorf. Tre år seinare var han med på sin andre triumf i cupvinnarcupen, framfor over 100 000 tilskodarar heime på Nou Camp sigra Barcelona med 2-1 over Standard Liège. Våren i førevegen, 1981, fekk han sin fyrste av tre nasjonale cuppokalar. Sesongen 1984/85 vart han spansk seriemeister då FC Barcelona sanka 53 poeng, heile 10 poeng meir enn Atlético Madrid på andreplassen. Eit år seinare tapte Barcelona og Carrasco europacupfinalen 1986 mot Steaua București etter 0-0 og straffetevling. Då Barcelona ved sesongslutt i 1989 vann cupvinnarcupen for tredje gong, vart Carrasco sitjande på reservebenken. Om sommaren same året vart han overført til franske FC Sochaux, der han var akiv i tre sesongar til 1992.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Carrasco var spansk landslagsspelar åra 1979-80, 1983-84 og 1986-88. Han deltok under europameisterskapen både i 1980 og 1984, i den siste meisterskapen klarte han ikkje hindre at vertslandet Frankrike vann 2-0 over Spania i finalen. Carrasco var med til Mexico-VM 1986, solid plassert på reservebenken. Han opptrådde i 35 kampar og skåra 5 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv: 1984 for Spania
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1979, 1982, 1989 med FC Barcelona
  • Spansk cupmeister: 1981, 1983, 1988 med FC Barcelona
  • Spansk seriemeister: 1985 med FC Barcelona
  • Tapande finalist i europacupen: 1986 med FC Barcelona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]