Enrique Castro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Enrique Castro
Quini.jpg
Statsborgarskap Spania
Fødd 23. september 1949
Oviedo
Død

27. februar 2018
Gijón

Idrett fotball
Yrke fotballspelar
Quini Castro i 1983

Enrique Castro González, betre kjend under kallenamnet Quini, (23. september 194927. februar 2018) var ein spansk fotballspelar frå Oviedo som i 1982 vart matchvinnar for FC Barcelona i finalen i cupvinnarcupen. Han var angrepsspelar i Sporting Gijón i til saman 15 sesongar og fire i Barcelona.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Quini fekk proffkontrakt med Sporting Gijón i 1968, ein klubb som rykte opp i den spanske toppserien i 1970. Både i 1974, 1976 og 1980 vart han toppskårar i serien. Sommaren 1980 vart han overført til FC Barcelona og heldt fram spansk toppskårar i 1981 og 1982. Den 1. mars 1981 vart Quini kidnappa av to menn med revolverar. Fyrst 25 dagar seinare vart han sett fri, utan fysiske skadar. Den 18. juni same året gav han Barcelona leiinga 1-0 og 2-1 då laget vann 3-1 over nettopp Sporting Gijón i den spanske cupfinalen. Våren etter vart han matchvinnar då Barcelona vann 2-1 mot Standard Liège i finalen i cupvinnarcupen, ein kamp som fann stad på Barcelona si heimebane Camp Nou.

Etter fire sesongar i Barcelona gjekk Quini tilbake til Sporting Gijón og var aktiv i laget til 1987. Quini skåra 165 mål for Sporting og er tidenes flittigaste målskårar for laget. Han stod for til saman 219 mål i spansk toppserie.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Quini debuterte som innbytar for Spania 28. oktober 1970, skåra det andre målet då heimelaget i Zaragoza vann 2-1 over Hellas i ein vennskapskamp. Den 29. mars 1978 var han kaptein for dagen då Spania møtte Noreg på hans heimebane i Gijon. Han takka for tilliten og skåra det fyrste målet i ein kamp som enda 3-0. Quini deltok både i Fotball-VM 1978, EM 1980 og VM 1982, utan å få så mykje speletid. Landslagstida enda under 1982-VM på spansk heimebane. Han stoppa på 35 kampar og 6 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1982 med FC Barcelona
  • Spansk cupvinnar: 1981 med FC Barcelona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]