Juan Manuel Asensi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juan Manuel Asensi


Statsborgarskap Spania
Fødd 23. september 1949 (74 år)
Alicante
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1978, Sommar-OL 1968, EM i fotball 1980

Juan Manuel Asensi Ripoll (fødd 23. september 1949) er ein spansk tidlegare fotballspelar frå Alicante. Han er best kjend frå sine ti år som offensiv midtbanespelar i FC Barcelona, ein klubb han vann både den nasjonale cupen og serien med, samt cupvinnarcupen 1979.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Asensi fekk sitt gjennombrot med den dåverande Primera División-klubben Elche CF, der han var aktiv frå 1967. Tiårsperioden 1970-80 spelte han for FC Barcelona. Asensi var ein av dei sentrale spelarane då klubben vart seriemeister i 1974, for fyrste gong på 14 år. Fem år seinare skåra han det andre målet då Barcelona vann finalen i cupvinnarcupen 1979 med 4-3 mot Fortuna Düsseldorf, ein kamp som gjekk til ekstraomgangar. Asensi var Barcelona-spelar til seinhaustes 1980. Etter å ha fått lite speletid i det spanske storlaget, reiste han til Mexico. Han avslutta så med spel for dei meksikanske klubbane Puebla FC og CF Oaxtepec i åra fram til 1983.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Asensi fekk sin landslagsdebut i februar 1969 og skåra då Spania tapte 1-2 mot Belgia i ein VM-kvalifiseringskamp. Asensi var kaptein for det spanske landslaget som deltok i VM i fotball 1978, der han i Buenos Aires vart matchvinnar då Spania vann 1–0 over Sverige i gruppespelet, men til inga nytte ettersom begge laga rauk ut or meisterskapen. Asensi var kaptein også under Fotball-EM 1980. Her spelte han sin 49. og siste landskamp, ein kamp som enda med 2-1 til Belgia. Asensi skåra 7 mål for Spania.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1979 med FC Barcelona
  • Spansk seriemeister: 1974 med FC Barcelona
  • Spansk cupmeister: 1971 og 1978 med FC Barcelona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]