Karl Sanne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Sanne
Karl Sanne.jpg
Fødd 26. januar 1869
Farsund
Død

29. juni 1945

Yrke politikar, bonde

Karl Sanne (26. januar 186929. juni 1945) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Vanse i Vest-Agder. Han var medlem av Høgre.

Sanne var fødd i Farsund, son til ein snikkarmeister. Han voks til dels opp på garden hos ein pleiefar i Vanse, og overtok i 1894 garden Bryne etter denne. Frå 1897 var han også kasserar i Vanse Sogns Sparebank.

Sanne var medlem av Vanse formannskap 1896–1917, varaordførar 1907–10, medlem av Lista formannskap 1918–19, ordførar i Lista 1919–22 og medlem av Svelvik bystyre 1931–37. Sanne hadde ei rad tillitsverv utanom politikken, mellom anna var han åstadskommissær i fire år og medlem av forstandarskapen i Svelvik og Strøms Sparebank 1927–37.

Sanne representerte einmannskrinsen Lister på Stortinget periodane 1913–15 og 1919–21 og Vest-Agder åra 1922–27. Han var lagtingspresident 1920-21 og kyrkje- og undervisningsminister i Abraham Berge si regjering 1923–24. Sanne veksla frå den eine komiteen til den andre i sitt liv på Stortinget. Han var medlem av landbrukskomiteen 1913-15, utanriks- og konstitusjonskomiteen 1919-21, militærkomiteen 1922-24, og kyrkje- og skulekomiteen 1925-27. Sannne var medlem av sentralstyret for Høgre frå 1915.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]