Ole Bærøe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Bærøe

Fødd29. januar 1877
Undrumsdal
Død22. mars 1943 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde, redaktør, godsforvalter
FarOle Karenius Bærøe
Alle verv

Ole Ludvig Bærøe (29. januar 187722. mars 1943) var ein norsk gardbrukar, agronom og politikar frå Våle i Vestfold. Han var landbruksminister 1926–28, kyrkje- og undervisningsminister 1927–28 og formann i Høgre 1937–40. Periodane 1928-30 og 1934-43 var han stortingsrepresentant for høvesvis Hedmark og Akershus.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ole Bærøe var fødd i Undrumsdal i Våle, faren var amtsagronom og gardbrukar. Sjølv tok han eksamen ved Jarlsberg og Larviks amts landbruksskule på Fossnes i 1897, samt eksamen ved jordbruksavdelinga på Norges landbrukshøgskole i 1899. Åra 1900-04 var han stipendiat ved landbrukshøgskulen.

Bærøe var gardsfullmektig på Skog i Brøttum i 1900, landbrukslærar på Rikheim i Lærdal 1903/04, forvaltar av storgarden Tomb 1904–09, amtsagronom i Hedmark 1909–10, forvaltar av Jarlsberg hovudgard i Sem 1910–17. Frå 1917 til -26 var han styrar av Jønsberg landbruksskole og sidan 1929 driftsleiar ved Norges landbrukshøgskole. Gjennom mange år redigerte han landbrukssidene i Aftenposten.

Bærøe var medlem av Sem heradsstyre 1913–16 og deretter medlem av Romedal heradsstyre 1919–28. Han var statsråd i Landbruksdepartementet i Lykke-regjeringa frå 5. mars 1926 til 27. januar 1928. Tingbolken 1928-30 representerte han Hedmark og Høgre på Stortinget, der han var medlem av landbrukskomitéen. Frå 1934 til -40 var han atter stortingsmann, då innvald frå Akershus fylke, medlem av finans- og tollkomitéen.

Frå 1928 var Bærøe medlem av sentralstyret i Høgre. Då maktkampen i Høgre mellom stortingspresident Carl Joachim Hambro og formann Johan H. Andresen enda med at sistnemnde i 1937 trekte seg frå vervet, vart den «lojale og noe bleke»[1] nestformannen gjennom tre år, Ole Bærøe, vald til ny partiformann i Høgre.

I juni 1940 deltok Bærøe i riksrådsforhandlingane med den tyske okkupasjonsmakta. Den 17. juni nekta han å underskrive ei «henstilling til kongen om å abdisere».[2] Han var også avvisande til å vere med på å kalle saman «Stortinget i en situasjon der landet var okkupert av en fiendtlig makt».[3]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Borgerlig oppdemmingspolitikk:317
  2. Borgerlig oppdemmingspolitikk:363
  3. Borgerlig oppdemmingspolitikk:362

Kjelder[endre | endre wikiteksten]