Hopp til innhald

Karnei Hittin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karnei Hittin
vulkan
Land  Israel
Distrikt Nordlege distrikt
Koordinatar 32°48′00″N 35°27′34″E / 32.80000°N 35.45944°E / 32.80000; 35.45944
Kart
Karnei Hittin
32°47′59″N 35°27′35″E / 32.799722222222°N 35.459722222222°E / 32.799722222222; 35.459722222222
Wikimedia Commons: Horns of Hattin

Karnei Hittin (hebraisk קרני חיטין; arabisk قرون حطين, Kurûn Hattîn) er ein utdøydd vulkan med to toppar som ligg oppom Hattinsletta i Nedre Galilea, Israel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur Karnei Hittin var åstad for slaget ved Hattin, då Saladin sigra over krossfararane i 1187. Slaget ved Hattin var utkjempa om sommaren då graset var knusktørt. Soldatane til Saladin sette fyr på graset og stengde tilkomsten til Genesaretsjøen for krossfararane.[1] Saladin bygde ein «sigersdom», Qubbat al-Nasr, på toppen. Thietmar, ein tysk pilegrim som vitja staden i 1217, skreiv at «tempelet Saladin hadde reist til ære for gudane sine etter sigeren er no forlate.» Tidleg på 1600-talet vart ruinane som vart funnen på toppen trudd å vere av ei kyrkje. Før 1948 låg det ein arabisk landsby, Hittin, ved foten av åsen.[2] Det vart gjort utgravingar på åsen i 1976 og 1981.[3]

Somme forskarar har identifisert åsen som Sæleprisingsfjellet, der Jesus heldt Bergpreika si.[4][5] I 1864 skildra Fergus Ferguson fjellet som staden ein «trudde» det var fordi «plasseringa samsvarar med forteljinga, men ingen kan med visse sei at det var her han heldt preika.»[2]

Utsyn frå Karnei Hittin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  • Denne artikkelen bygger på «Karnei Hittin» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2014.
  • Ferguson, Fergus (1864), Sacred Scenes, Or, Notes of Travel in Egypt and the Holy Land: Or, Notes of Travel in Egypt and the Holy Land, Thomas Adamson; Jackson, Walford, and Hodder; W.P. Nimmo 
  • Wilson, Edward Livingston, In Scripture Lands: New Views of Sacred Places, Adamant Media Corporation, ISBN 978-1-4021-5515-4, ISBN 1-4021-5515-8 
  • Tischendorf, Lobegott Friedrich Constantin; Shuckard, W.E. (1847), Travels i East, tr. from [Reise in den Orient], Oxford University 
  1. Region lived through centuries of warfare
  2. 2,0 2,1 Ferguson, 1864, s. 297
  3. The slaget ved Hattin Revisited Arkivert 2010-12-29 ved Wayback Machine., Benjamin Kedar
  4. Livingston, s. 340.
  5. Tischendorf and Shuckard, 1847, s. 240.