Katerína Sakellaropoúlou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Katerina Sakellaropoulou)
Katerína Sakellaropoúlou

FøddΚατερίνα Σακελλαροπούλου
30. mai 1956 (67 år)
Thessaloníki
Statsborgar avHellas
Partipartilaus
Yrkedommar, jurist, president
InstitusjonarStatsrådet
Utdanna vedNasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten
Université Panthéon-Assas
Arsakeia - Tositseia Schools
VervPresident i Hellas 2020-
FøregangarProkópis Pavlópoulos
Alle verv
  • Hellas’ president (2020–) Sjå dette på Wikidata
Signatur

Katerína Sakellaropoúlou (fødd 30. mai 1956) er ein gresk jurist og dommar som 13. mars 2020 blei president i Hellas. Ho var første kvinnelege justitiarius i Statsrådet, den høgaste domstolen i forvaltingssaker, og den første kvinnelege presidenten i landet. Ho er politisk uavhengig.[1] Sakellaropoúlou overtok embetet etter Prokópis Pavlópoulos.[2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sakellaropoúlou er fødd i Thessaloníki, der ho budde dei fyrste åtte åra av livet. Familien flytta til Aten i 1964.[3] Far hennar, Nikolaos Sakellaropoúlous, var dommar, og var ei tid visepresident i øvsteretten.[2]

Ho studerte juss og fullførte studia sine ved Universitetet i Aten i 1978. Ho har òg studert i Frankrike, der ho konsentrerte seg om til forfatnings- og forvaltingsrett ved Université Panthéon-Assas (Paris II) frå 1989 til 1990.[4]

Statsrådet[endre | endre wikiteksten]

I 1982 blei Sakellaropoúlou tilsett ved Statsrådet, den høgaste greske domstolen i forvaltingssaker. Etter å ha stige i gradane i denne domstolen, blei ho visepresident for domstolen i 2015 og president i oktober i 2018. Sakellaropoúlou blei med dette den første kvinna i dette embetet.[5]

Sakellaropoúlou har arbeidd mykje med miljøsaker og berekraftig utvikling, der omsynet til kultur- og naturmiljø må vegast opp mot økonomisk utbygging på avgrensa geografiske område.[6] Ho har vore med på å forma rettspraksis i samband med fleire viktige miljøsaker i Hellas,[7] som den omstridde omlegginga av Akhelóos-elva, som blei stoppa,[8][9] den pågåande ureininga av elva Asopós, som retten gav staten pålegg om å rydda opp i,[10] og Skouries-gruva, som fekk utbyggingsløyve.[11] I saka om dei såkalla flyktningeblokkene (Prosfygika) på Aleksandras-avenyen i Aten råda ho Statsrådet til å verna dei modernistiske bygga frå 1930-talet i staden for å la staten riva dei, noko retten vedtok.[12] Blokkene blei sidan verna som kulturminne.[13]

Sakellaropoúlou støttar borgarrettar og er oppteken av miljøsaker og minoritetsrettar.[14] Ho er kjend for relativt progressive synspunkt, og har til dømes støtta å ta bort religiøs tilhøyring frå offisielle greske ID-kort.[15] Ho skilde seg frå mange andre greske dommarar ved å ta ei klart standpunkt for borgarrettar i samband med diskriminering grunna kjønn, seksualitet eller flyktningstatus.[14]

Frå 2004 til 2014 underviste Sakellaropoúlou i miljørett ved den greske dommarskulen.[16] Frå 2015 til 2019 var ho leiar for den greske samskipnaden for miljørett (Ellinikís Etaireías Dikaíou tou Perivállontos, EEDiP).[17] Ho har skrive fleire artiklar og bøker om konstitusjonell rett og miljørett.[3]

President[endre | endre wikiteksten]

President Sakellaropoúlou ved markeringa av gjeninnføringa av demokratiet, 24. juli 2020.

I januar 2020 blei Sakellaropoúlou nominert til vervet som gresk president av statsminister Kyriakos Mitsotakis frå det konservative partiet Nytt demokrati.[18] Opposisjonspartia Syriza og Kinima Allagis støtta nominasjonen.[14] Parlamentet valde henne til president 22. januar 2020 med 261 av 300 stemmer.[19] Ho var eit uvanleg val både gjennom å vera den første kvinna nominert til stillinga, og gjennom å vera politisk uavhengig. Statsminister Mitsotakis hadde tidlegare fått kritikk for det låge talet på kvinner i regjeringa si. Sakellaropoúlou blei ein konsensuskandidat som fekk eit rekordstort stemmer i parlamentet.[2]

Ho blei innsett i presidentembetet 13. mars 2020 som den første kvinnelege presidenten i Hellas,[20] og byrja i stillinga dagen etter.[3] Seremonien var avgrensa grunna den pågåande koronapandemien.[21]

Verk[endre | endre wikiteksten]

(Utval)[22][23]

  • Oikonomikí krísi kai prostasía tou perivállontos sti nomología tou Symvoulíou tis Epikrateías (Οικονομική κρίση και προστασία του περιβάλλοντος στη νομολογία του Συμβουλίου της Επικρατείας. 'Economic crisis and environmental protection in the case law of the Council of State'). Aten, 2017. ISBN 978-960-02-3295-0
  • Ē dikaiosynē stēn Ellada : protaseis gia ena synchrono dikastiko systēma. Med Michalēs N Pikramenos. (Η δικαιοσύνη στην Ελλάδα). 2019. ISBN 9786188283374
  • I dikaiosýni stin Elláda. Protáseis gia éna sýnchrono dikastikó sýstima (Η δικαιοσύνη στην Ελλάδα. Προτάσεις για ένα σύγχρονο δικαστικό σύστημα. 'Justice in Greece - Proposals for a modern judicial system') Aten, 2020. ISBN 978-618-5431-26-6

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Utanlandske

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Glastaket spräcks i Grekland – landet får sin första kvinnliga president». DN.SE (på svensk). 30. mars 2020. Henta 28. juni 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Grekland får sin första kvinnliga president – obundna domaren Ekaterini Sakellaropoulou stöds över partigränser». svenska.yle.fi (på svensk). Henta 28. juni 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 President – Presidency of the Hellenic Republic (på engelsk), henta 10. februar 2021 
  4. «Head of Greece's top administrative court nominated for next president» (på engelsk). 15. januar 2020. Henta 19. januar 2020. 
  5. «Greek PM taps top female judge as country's president». Reuters (på engelsk). 15. januar 2020. 
  6. «Η στάση του Συμβουλίου της Επικρατείας και η φέρουσα ικανότητα», Νόμος και Φύση (på gresk), 4. februar 2016, henta 11. februar 2021 
  7. Vasiliki KarageorgouA (2019). «National Developments in Environmental Law: Country Updates 2019. Recent National Developments-Greece» (PDF). AVOSETTA MEETING. s. 3. 
  8. «Court keeps Acheloos River diversion on hold | Kathimerini», www.ekathimerini.com (på engelsk), henta 11. februar 2021 
  9. «The Wounded River Strikes Back!», Hellenic Ornithological Society, henta 11. februar 2021 
  10. «High court orders state to tackle Asopos River pollution issue | Kathimerini», www.ekathimerini.com (på engelsk), henta 11. februar 2021 
  11. Staff, Reuters (20. januar 2016). «UPDATE 1-Eldorado Gold wins appeal over Greek mining ban». Reuters (på engelsk). 
  12. «Hope for refugee buildings? | Kathimerini», www.ekathimerini.com (på engelsk), henta 11. februar 2021 
  13. «Prosfygika», Atlas Obscura (på engelsk), henta 11. februar 2021 
  14. 14,0 14,1 14,2 Smith, Helena (16. januar 2020). «Progressive judge to become Greece's first female president». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  15. Katerina Sakellaropoulou: first-elect female President of the Hellenic Republic – International Alliance of Women (på engelsk), henta 11. februar 2021 
  16. «Mitsotakis nominates Katerina Sakellaropoulou for President of the Hellenic Republic» (på engelsk). 16. januar 2020. Henta 19. januar 2020. 
  17. Ελληνική Εταιρεία Δικαίου του Περιβάλλοντος | ΔΙΟΙΚΗΤΙΚΟ ΣΥΜΒΟΥΛΙΟ (på gresk), henta 10. februar 2021 
  18. «Greek PM taps top female judge as country's president». Reuters (på engelsk). 15. januar 2020. 
  19. «With a nod from Parliament, Greece gets first female president» (på engelsk). 22. januar 2020. Henta 22. januar 2020. 
  20. «Greece Swears in First Female President, No Handshakes Amid Coronavirus». The New York Times (på engelsk). 13. mars 2020. ISSN 0362-4331. 
  21. Greece's First Female President Katerina Sakellaropoulou Is Sworn In - Greek City Times (på engelsk), 13. mars 2020, henta 10. februar 2021 
  22. biblionet.gr
  23. worldcat.org
  24. «Επίτιμη δημότης της Ξάνθης ανακηρύχθηκε η Κ. Σακελλαροπούλου». Νέα, Ειδήσεις, Εκδηλώσεις στην Ξάνθη (på gresk). 28. mai 2020. Henta 22. september 2020. [daud lenkje]
  25. «Επίτιμη Δημότης Κομοτηνής ανακηρύχθηκε η Κατερίνα Σακελλαροπούλου». www.xronos.gr (på gresk). Henta 22. september 2020. 
  26. «Στους Λειψούς η Κατερίνα Σακελλαροπούλου - Ανακηρύχθηκε επίτιμη δημότης [Εικόνες]». The TOC (på gresk). 29. juni 2020. Henta 22. september 2020. 
  27. emprosnet.gr. «Επίτιμη Δημότης Δυτικής Λέσβου η Σακελλαροπούλου [Vid] - emprosnet.gr». www.emprosnet.gr (på gresk). Henta 22. september 2020. 
  28. Team, My City (13. september 2020). «Σακελλαροπούλου: «Ποτέ μόνοι κι αβοήθητοι οι κάτοικοι του Kαστελόριζου»». MyCity (på gresk). Henta 22. september 2020. 
  29. IEFIMERIDA.GR, NEWSROOM (22. september 2020). «Κύπρος: Επίτιμη δημότης Πλατρών η Κατερίνα Σακελλαροπούλου | ΠΟΛΙΤΙΚΗ». iefimerida.gr (på gresk). Henta 22. september 2020. 
  30. Newsroom. «Επίτιμη δημότης Καρπάθου η Κατερίνα Σακελλαροπούλου | Η ΚΑΘΗΜΕΡΙΝΗ» (på gresk). Henta 5. oktober 2020. 
  31. «Incontro con il Presidente della Repubblica Ellenica, S.E. la Signora Katerina Sakellaropoulou, in visita ufficiale» (på italiensk). quirinale.it.