Hopp til innhald

Komotiní

Komotiní
Lokalt namn Κομοτηνή

Frå gamlebyen med hovudmoskeen og klokketårnet
Geografi
StadThráki
Koordinatar41°07′N 25°24′E / 41.117°N 25.400°E / 41.117; 25.400
Areal644,7 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Rodópi
HovudseteKomotiní (51 732 innb.)
Demografi
Folketal65 243 (2021[1])
Folketettleik101,2 /km²

Komotiní (gresk Κομοτηνή, bulgarsk Гюмюрджина Gjumjurdzjina, tyrkisk Gümülcine) er ein by i periferieininga Rodópi i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas. Han er hovudsete i kommunen med same namn og er hovudstad både i periferieininga og i periferien.

Komotiní har lenge vore ein travel gresk by og eit handelssenter ved krossvegen mellom sivilisasjonar. Byen har like over 50 000 innbyggjarar i tillegg til 13 000 studentar og soldatar.

Byen voks fram langs Via Egnatia, den romerske vegen som gjekk frå Dyrrhachium til Konstantinopel, først under skuggen til Maximianopolis og så under den osmanske perioden. Under Austromarriket vart festninga og den omliggande busetnaden kalla Koumoutzina eller Komotina, og under Det osmanske riket var Komotiní kalla Gümülcine - eit namn som framleis vert nytta av den muslimske minoriteten i byen.

Under den første balkankrigen erobra bulgarske styrkar byen, men måtte overgje han til den greske hæren under den andre balkankrigen i 1913. Bucharesttraktaten gjorde derimot at Hellas måtte gje området tilbake til Bulgaria. Byen vart verande ein del av Bulgaria fram til etter den første verdskrigen. I denne korte perioden vart republikken Gumuljina oppretta i Vest-Thrakia, der Komotiní vart hovudstad. I 1919 medførte Neuillytraktaten at Komotiní kom tilbake til Hellas i lag med resten av Vest-Thrakia.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Kart over kommunaleiningane i kommunen Komotiní. ██ 1 - Komotiní ██ 2 - Éjiros ██ 3 - Néo Sidirokhóri

Frå 2011 omfattar kommunen Komotiní òg dei tidlegare kommunane Éjiros og Néo Sidirokhóri. Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Den tidlegare kommunen Komotiní, no kommunaleininga Komotiní

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 65 243 innbyggjarar, medan kommunaleininga Komotiní hadde 60 160 og tettstaden med same namn 51 732 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadKommunaleiningFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
KomotiníKomotiní50 99051 732
ÍfestosKomotiní1 9101 348
RodítisKomotiní1 0181 078
KósmioKomotiní922905
ÉjirosÉjiros924777
KálkhasKomotiní634598
KikídioKomotiní610566
ThrylórioKomotiní620550
FanáriÉjiros490438
Néo SidirokhóriNéo Sidirokhóri567436

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Komotiní