Kfar Kisch
Utsjånad
| Kfar Kisch | |||
| moshav | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Kommune | Nedre Galilea regionale kommune | ||
| Koordinatar | 32°40′2″N 35°26′55″E / 32.66722°N 35.44861°E | ||
| Folketal | 318 | ||
| Grunnlagd | 1946 | ||
| • Grunnlagd av | Demobiliserte soldatar | ||
![]() Kfar Kisch 32°40′02″N 35°26′55″E / 32.667222222222°N 35.448611111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Kefar Kisch | |||
Kfar Kisch eller Kfar Kish (hebraisk כְּפַר קִישׁ) er eit jordbrukskollektiv (moshav) i Israel, i Nedre Galilea regionale kommune, langs Tabor.
Han vart grunnlagd i 1946 av jødiske soldatar som hadde kjempa i den britiske hæren i andre verdskrigen, men politiske usemjer førte til at mange av pionerane drog i løpet av det første året. Vassmangel tvang innbyggjarane til å transportere vatn frå Nahal Tavor utan skikkeleg utstyr, og fram til 1953 drog stadig fleire innbyggjarar. Etter 1953 betra tilhøva seg og Kfar Kisch byrja å ta inn jødiske emigrantar frå Polen, Ungarn og Sovjetunionen.[treng kjelde]
Landsbyen vart kalla opp etter sionistleiaren Frederick Kisch.[treng kjelde]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kfar Kisch» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


