Sharona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°43′36″N 35°28′0″E
Sharona
landsby
Sharrona.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Nedre Galilea regionale kommune
Koordinatar 32°43′36″N 35°28′0″E
Folketal 516
Grunnlagd 1938
 - Grunnlagd av tårn og palisade
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sharona
Nettstad: Offisiell nettstad (he)

Sharona (hebraisk שָׁרוֹנָה) er ein moshav i Nedre Galilea regionale kommune i Israel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1200-talet skildra geografen Yaqut al-Hamawi Sârûniyyah som «eit pass nær Tabariyya, der du går opp for å kome tiø At Tûr»[1] I 1596 budde det 17 muslimske familiar i landsbyen.[2] I 1870 skreiv Guérin om Sarona:

«Denne landsbyen er delt inn i to delar: Husa er bygds på to haugar i dalen. Dei får vatn frå ei kjelde lukka inne i eit slags lite, firkanta kammer.»[3] Kring 10 år seinare noterte Survey of Western Palestina «basalt-steinhus, med kring 250 muslimar, på ei oppdyrka slette utan tre.»[4]

I 1878 vart Sarona busett av tsjerkessisk flyktningar frå Kaukasus, men i 1910 hadde dei flytta andre stader og landsbyen var igjen erstatta av arabarar.[5] Landområdet vart kjøpt frå arabarane av Jewish Colonization Association i 1910.[5]

I 1913 vart det grunnlagd ei jødisk busetjing kalla Rama, men òg kalla Sarona, nær den arabiske landsbyen av folk frå Chicago.[6] Den fyrste verdskrigen, dårlege tilhøve og mangel på arbeidskraft gjorde at busetjinga sleit med økonomien.[6] I 1922 hadde den nye og den gamle busetjinga 77 arabiske innbyggjarar, men berre 15 jødar.[7] Sommaren i 1923 kom fleire jødiske nybyggjarar til staden frå Kfar Yehezkel, med støtte frå Jewish National Fund, men mot slutten av 1928 stod busetjinga tom og landområdet vart gjeve til Palestine Jewish Colonization Association, etterkomaren etter Jewish Colonization Association.[6] Halvparten av landområdet vart leigd ut til arabiske leigebuarar.[8] I 1938 vart det grunnlagd ein moshav av medlemmar av Gordania-organisasjonen,[6] betalt av Palestine Jewish Colonization Association og Agricultural Workers Federation.[8] I 1945 var folketalet registrert til 110 jødar og ingen arabarar.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Guy Le Strange, Palestine under the Moslems, s. 532
  2. Hütteroth, s. 187
  3. Sitert i Survey of Western Palestina (1880), Vol 1, s. 361
  4. Survey of Western Palestina (1880), Vol 1, s. 361
  5. 5,0 5,1 Arieh Avneri, The Claim of Dispossession, s. 18, 106
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Joseph B. Glass, From New Zion to Old Zion: American Jewish Immigration and Settlement in Palestina, 1917-1939 (America-Holy Land Monographs,2002) s. 164–166
  7. Palestina Census of 1922, report page 39.
  8. 8,0 8,1 Palestina Post, 20. november 1938, s. 2
  9. Government of Palestina, Village Statistics 1945