Ilaniya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°45′30″N 35°24′7″E
Ilaniya
אִילָנִיָּה
moshav
Sejera.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Nedre Galilea regionale kommune
Koordinatar 32°45′30″N 35°24′7″E
Folketal 471 (2012) [1]
Grunnlagd 1899
 - Grunnlagd av Jewish Colonization Association (JCA)
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ilaniya

Ilaniya (hebraisk אִילָנִיָּה) er ein moshav i Nedre Galilea regionale kommune i Israel. Landsbyen, som òg vert kalla Sejera, etter den nærliggande arabiske landsbyen al-Shajara, var den første jødiske busetjinga i Nedre Galilea. I 2012 hadde Ilaniya eit folketal på 471.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sejera, seinare Ilaniya, vart grunnlagd i 1902 på landområde kjøpt av baron Edmond James de Rothschild og overført til Jewish Colonization Association (JCA) i 1899. Garden Sejera vart driven av nybyggjarar frå den andre Aliyah, blant dei ein ung David Ben-Gurion.[2] Ved å ta ein av dei minst lønsame garden i landet og gjere han lønsam, synte Manya Shochat at ideane hennar om kollektivjordbruk kunne fungere. Seinare vart det grunnlagd ein moshava nær garden, av innbyggjarar frå Rosh Pina, Yesod HaMa'ala, Tiberias og Safed, i tillegg til studentar frå Mikve Israel med fleire jødiske familiar frå Kurdistan og Marokko og åtte russiske subbotnikfamiliar, det vil seia opphavleg kristne konvertittar til jødedommen, frå Astrakhan.

Organisasjonen «Bar-Giora», som vart grunnlagd for å la vakthaldet i jødiske busetjingar kome på jødiske hender, tok i 1907 ansvar for å erstatte dei upålitelege tsjerkessiske vaktane. Dei synte at jødar kunne forsvare jødiske samfunn like godt som andre lokale innbyggjarar. Den 12. april 1909, etter ein arabar frå Kafr Kanna døydde i eit forsøk på å rane ein jødisk fotograf som reiste til Sejera, vart ein av vaktmennene, Israel Korngold, skoten og drepen. Ben-Gurion og to bønder følgde etter åtakarane og vart fanga i eit bakhaldsåtak. Medan dei flykta vart ein av bøndene, Shimon Melamed, skoten og drepen.[3] I 1909 vart «Bar-Giora» ein del av Hashomer.

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart landsbyen angripen fleire gonger av Den palestinske frigjeringsarmeen, leia av Kaukji. Dei fleste jødiske innbyggjarar flykta frå staden, men dei gjenverande tok del i kampane. I 1949 vart busetjinga utvida og omfatta området til den palestinsk-arabiske nærliggande landsbyen al-Shajara, som vart avfolka under krigen. Ilaniya og Sejera er på lista over bevarte stader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ilaniya» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2015.
  • HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 33. ISBN 965-448-413-7.  (he)
  • ed. Yuval Elazari - Map's Concise Gazetteer of Israel Today MAP - Mapping and Publishing, Tel Aviv, 2003 (he)
  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 25. februar 2014. 
  2. Forester's House Complex Dedicated at Beit Keshet Forest
  3. Teveth, Shabtai (1985) Ben-Gurion and the Palestinian Arabs. From Peace to War. Oxford University Pres. ISBN 0-19-503562-3. s. 14, 15.