Shadmot Dvora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shadmot Dvora
landsby
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Nedre Galilea regionale kommune
Koordinatar 32°41′50″N 35°26′2″E
Folketal 469
Grunnlagd 23. mai 1939
 - Grunnlagd av PJCA/tårn og palisade
Kart
Shadmot Dvora
32°41′50″ N 35°26′2″ E
Wikimedia Commons: Shadmot Dvora
Nettstad: Offisiell nettstad (he)

Shadmot Dvora (hebraisk שַׁדְמוֹת דְּבוֹרָה) er ein jordbruksmoshav i Nedre Galilea regionale kommune i Israel. Han vart grunnlagd den 23. mai 1939 av jødiske immigrantar som hovudsakleg kom frå Tyskland. I dag har staden kring 350 innbyggjarar. Somme av dei driv jordbruk på staden, medan andre arbeider andre stader.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Moshaven vart grunnlagd under den jødiske feiringa av Shavuot (23. mai 1939) på landområdet til den arabiske landsbyen al-Shajara, som PJCA kjøpte i 1920-åra. Han vart først grunnlagd som ei tårn og palisade-busetjing av nokre medlemmar frå moshaven Moledet, som hovudsakleg var emigrantar frå Tyskland. Dei kalla først busetjinga «Omer», men seinare fekk han namnet «Shadmot Dvora», etter Dorothy de Rothschild, kona til James Armand de Rothschild som var leiar i PICA (han vart utpeikt til denne stillinga i 1924 av faren Edmond James de Rothschild).

Dei første sju åra levde innbyggjarane i moshaven innafor murane til den vesle «tårn- og palisade»-bysetjinga, som låg like ovanfor den fiendtlege, arabiske landsbyen Shaara på andre sida av wadien, og det var først etter den arabisk-israelske krigen i 1948 då innbyggjarane i Shaara flykta til andre arabiske område, at landsbyen deira vart ruinert og innbyggjarane i moshaven følte seg trygge nok til å bu utafor murane. Etter dette, mot slutten av 1940- og byrjinga av 1950-åra, vart landområdet til moshaven fordelt mellom alle innbyggjarar, og dei starta individuelle gardar for kvar familie, medan resten av landområdet vart fordelt mellom innbyggjarane for jordbruksføremål.

I 1970-åra vart ein ny del av moshaven lagt til i sør, der det vart bygd nye hus kjøpt av barna til innbyggjarane i moshaven, i tillegg til nye innbyggjarar.

I 1980-åra var det dårlege økonomiske tilhøve i moshaven, vart felleseigenskapane til busetjinga styrt av ein bustadsstyrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]