Hopp til innhald

Vysotsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vysotsk
Высоцк
by
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Areal 39,81 km²
Folketal 1 121 (2024)
Grunnlagd 1700-talet
   Bystatus 1940
Retningsnummer +7 81378
Kart
Vysotsk
60°37′32″N 28°34′06″E / 60.625555555556°N 28.568333333333°E / 60.625555555556; 28.568333333333
Wikimedia Commons: Vysotsk

Vysotsk[a] er ein by og hamn i Leningrad oblast i Russland med om lag 1 200 innbyggjarar. Han ligg på Det karelske neset, på austsida av Viborgbukta, 12 km sørvest for Viborg og 159 km nordvest for Sankt Petersburg. Han er heimstad for ein base til den russiske Austersjøflåten. Han fekk bystatus i 1940 og er framleis ein av dei minste byane i landet.

Festninga Trångsund vart bygd etter ordre frå Peter den store på byrjinga av 1700-talet, etter at Russland hadde erobra området frå Sverige under den store nordiske krigen.[1] I 1812 vart Trongzund av Aleksander I av Russland inkludert i det nyoppretta Storhertugdømet Finland.

Mellom 1918 og 1940 var byen ein del av det sjølvstendige Finland under namnet Uuras.[1] Som følgje av vinterkrigen i 1940 og freden i Moskva vart han annektert av Sovjetunionen og vart ein del av Karelsk-finske SSR. I 1941 vart Uuras gjenerobra av finske troppar og igjen ein del av Finland i framhaldskrigen. I juni 1944 fall byen igjen til den raude armeen og vart avstått til Sovjetunionen av Finland som følgje av Moskvafreden og Paristraktatane. I juli 1948 vart byen omdøypt til Vysotsk, til ære for den sovjetiske maskingeværskyttaren Kuzma Demidovitsj Vysotskij, som vart drepen i området 4. mars 1940, i dei siste dagane av vinterkrigen.[1]

Vysotsk er ein av fødestadane til radioen, sidan det var der Aleksander Stepanovitsj Popov gjennomførte sine banebrytande eksperiment i 1897 og 1902.[1]

  1. russisk Высо́цк, finsk Uuras, svensk Trångsund), før 1917 kalla Trongzund (russisk Тронгзунд)
  1. 1 2 3 4 Энциклопедия Города России. Moscow: Большая Российская Энциклопедия. 2003. s. 97. ISBN 5-7107-7399-9.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vysotsk