Vyborg
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Viborg i Danmark.
Vyborg Вы́борг | ||
---|---|---|
![]() | ||
![]() |
![]() | |
Flagget til Vyborg | Byvåpenet til Vyborg |
|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1293 1403 | |
Borgarmeister | Vasilij Osipov | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
78 595 | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 188800-188811 | |
Retningsnummer (tlf) | +7 81378 | |
Bilnummer | 47 | |
Nettstad: www.city.vbg.ru |
Vyborg (russisk Вы́борг, Vyborg, finsk Viipuri, svensk Viborg) er ein by i Leningrad oblast i Russland, i ein del av det området som Finland måtte avstå til Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Vyborg ligg ved Finskebukta på Det karelske neset. Hovudgata i Vyborg er Lenina prospekt, under finsk styre vart gata kalla Torgilsgatan / Torkkelinkatu.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Vyborg vart grunnlagd av Torgils Knutsson i 1293 som ein del av den svenske ekspansjonen austover, i sentrum av ein gamal karelsk busetnad og eit handelssentrum frå 900-talet. Etter den store nordiske krigen, i tida frå 1721 til 1812, var byen ein del av Russland, då grensa mellom Finland og Russland vart dregen på nytt, aust for Vyborg.

Etter at Finland vart sjølvstendig i 1917 var Viborg den tredje største byen i riket, med rykte på seg som ein internasjonal by. Sovjetunionen klarte aldri å okkupere Viborg, men i Moskvafreden etter den finske vinterkrigen måtte Finland gje frå seg det karelske neset, og dimed Viborg òg, til Sovjetunionen. Deretter tok Finland Viborg attende, i 1941, før dei måtte gje frå seg byen på nytt 1944 i slutten av den finske framhaldskrigen. Ved Parisfreden 1945 vart byen sovjetisk. Innbyggjarane vart evakuerte, hovudsakleg til Lahti, og Sovjetunionen folkesette byen med eigne borgarar.
I dag[endre | endre wikiteksten]
Dagens Vyborg er eit populært turistmål blant finnar, og det er lett å reise til Vyborg både med buss og tog. I byen bur det 78 595 (2008) menneske. Byen har gamle finske bygningar i temmeleg dårleg forfatning, det mest kjende er Vyborg bibliotek, teikna av Alvar Aalto. Byen er prega av at han ligg nær grensa, på ein blindveg i sovjettida, med grensevakter og industriarbeidarar som dominerande yrkesgrupper.
Kjende stader[endre | endre wikiteksten]
Den viktigaste kjende staden er Vyborg slott frå slutten av 1200-talet. Rundt byen var det òg, som den einaste finske byen, ein mellomaldermur, som vart riven på 1800-talet, men der delar står att, mellom anna Rådhustårnet og Rundetårnet.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- Viipuri-keskuksen sivut
- Wiipuri-Yhdistys ry (Det finske Viborg-sambandet)
- www.vanhaviipuri.com Arkivert 2016-01-11 ved Wayback Machine. - Bilete frå det gamle Viborg