Hopp til innhald

Podporozje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Podporozje
Подпорожье
by
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Areal 30 km²
Folketal 15 512 (2024)
Grunnlagd 1936
   Bystatus 1956
Postnummer 187780,187781
Retningsnummer +7 81365
Kart
Podporozje
60°55′00″N 34°10′00″E / 60.916666666667°N 34.166666666667°E / 60.916666666667; 34.166666666667
Wikimedia Commons: Podporozhye

Podporozje (russisk Подпорожье) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Svir, 285 km nord-aust for St. Petersburg. Podporozje grensar til Onegasjøen og republikken Karelen, Vologda oblast og til dei to regionane Tikhvin og Lodejnoje Pole i Leningrad oblast.

Etter kommunereforma i Leningrad oblast i 2006 er Podporozje eigen kommune og er samstundes det administrative sentrumet i regionen med same namn. Regionen består av ytterlegare 4 mindre kommunar, med til saman om lag 14 000 innbyggjarar.

Podporozje vart grunnlagd i 1936 og fekk bystatus i 1956.

Podporozje er venskapskommune med Steigen i Nordland.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Podporozje