Sosnovyj Bor i Leningrad oblast
Utsjånad
| Sosnovyj Bor | |||
| Сосновый Бор | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Leningrad oblast | ||
| Høgd | 20 m | ||
| Areal | 72 km² | ||
| Folketal | 63 462 (2024)[1] | ||
| Grunnlagd | 1958 | ||
| • Bystatus | 1973 | ||
| Postnummer | 188510; 188540–188544 | ||
| Retningsnummer | (+7) 81369 | ||
![]() Sosnovyj Bor 59°54′N 29°06′E / 59.9°N 29.1°E | |||
| Wikimedia Commons: Sosnovy Bor | |||
Sosnovy Bor (russisk Сосно́вый Бор) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg på sørsida av Finskebukta, 80 km vest for Sankt Petersburg. Byen dekker eit areal på 72 km².
Namnet på byen tyder «granskog» på russisk. Han vart grunnlagt i 1958, som ein busetnad for å tene Leningrad kjernekraftverk og fekk bystatus i 1973. Frå St. Petersburg kjem ein til Sosnovyj Bor med forstadstog frå Baltijskij stasjon.
Byen er ikkje berre kjent som «atomby» (russisk: атомград – atomgrad), men òg for sine forskningsinstitutt og bygningsindustri. Det er rundt fem hundre store og små føretak i byen, mange av dei teknologisk orienterte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sosnovyj Bor» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.
