Kongens gate 32 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongens gate 32 i Moss

Bilde tatt av Kongens Gate 32 Moss i 2020
Kart
Kongens gate 32 i Moss
59°26′08″N 10°39′57″E / 59.4355573°N 10.6658002°E / 59.4355573; 10.6658002

Kongens gate 32 er ein bustad- og handelsbygning i Moss kommune. Huset består av to etasjar i tillegg til ein kjellar og eit loft. I dag inneheld det butikken Standard Sport AS, og dessutan to leilegheiter.

Bygningen er i dag verna av kulturminnelova, og er dermed sett på som eit kulturminne (ID:Id:231609-0).[1] Bustaden er i dag bevart som ein del av eit heilskapleg miljø, saman med dei andre husa i Kongens gate som vart bygde opp att etter bybrannen i 1881.[1]

Etter at bygningen vart bygd opp att i 1881, var den opphavlege (tenkte) funksjonen hans handel og bustad.[1]

Bygningsstruktur i historisk kontekst[endre | endre wikiteksten]

Bygget var opphavleg bygd i trevirke, truleg seint på 1700-talet, ettersom det ikkje er funne historie om bygninga før på byrjinga av 1800-talet.

Store delar av huset i Kongens gate 32 brann ned til grunnen under den store bybrannen i Moss i 1881. Det einaste som stod att var grunnmuren på bygget, den same grunnmuren som står der den dagen i dag. I staden for å bygga ein ny grunnmur, bygde eigaren av garden det nye huset oppå den gjenverande grunnmuren. På denne måten sparte dei både tid og pengar på oppbygninga av huset.

Etter den store bybrannen vart det innført murtvang i heile Moss sentrum, ettersom dette var ein av mange bybrannar i Moss.[2][3] Alle bygg som brann ned under den siste bybrannen i 1881, måtte derfor byggast opp i mur for å unngå eventuelle nye bybrannar. Ein annan faktor til at det vart innført murtvang var på grunn av husa på den tida stod veldig nær kvarandre, noko som gjorde det lett for bybrannane å spreie seg frå hus til hus. Den tette bygningsmassen gjorde bybrannane ofte store og uoverkommelege.

Hovudsakleg vart huset i Kongens gate 32 bygd opp att av teglstein.[4] Denne steinen var robust og grov, men vart pussa flat, gjerne for å få ein meir heilskapleg utsjånad. Årsaka til at huset vart bygd opp av teglstein var for at huset skulle byggast opp fortast mogleg, slik at bebuarar hadde ein stad å busetja seg igjen etter bybrannen. Teglstein var ein av dei raskaste måtane å bygga opp bygningar igjen seint på 1800-talet, og det tok ikkje meir enn eit halvt år før huset var klart til å busetjast.

Taket og golvet i bygningen vart bygd i trevirke i 1881, sidan dei endå ikkje hadde funne nokon teknikk for å bygga dette i mur eller stein. Det skal informerast om at betong ikkje endå var funnen opp då huset vart bygd og dette var dermed ikkje eit alternativ.

Ein annan ting å merka seg er at vindauga på baksida av huset ikkje er plasserte på linje eller systematisk. Vindauga er berre plasserte der dei hadde behov for lys, noko som var typisk for bygningane bygd i teglstein på 1800-talet. Det var lett å sette inn vindauga på denne måten i ein bygning bygd av teglstein. Ei anna årsak til at vindauga ser slik ut kan vera fordi eigaren ville ha huset fort ferdig, og dermed ikkje brydde seg så mykje om korleis baksida av huset såg ut, men fokuserte meir på framsida.

Rundt byrjinga av 1900-talet vart det bygd på eit påbygg på huset i Kongens gate 32. Dette påbygget kopla saman Kongens gate 30 og Kongens gate 32, slik at dei to bygningane no ligg vegg i vegg som dei hadde gjort før brannen i 1881.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Huset vart truleg bygd på slutten av 1700-talet. Opplysningar om kven som først eigde eller bygde huset er ikkje funne, men i 1841 vart huset kjøpt opp av ein ung mann på 29 år. Det står opplyst i fleire kjelder at mannen berre «flyttet » til huset og «til egen eiendom», derfor kan ein rekna med at personen som kjøpte huset i 1840 ikkje sjølv bygde huset (huset må ha stått der før han kjøpte det).[5][6]

Denne eigaren var ein kjøpmann med namn Carsten Smith (1812-1893) frå Elverum kommune.[7][8][9] Smith var eigaren av huset i Kongens gate 32 frå 1840 og skulle eiga det heilt fram til han døydde i 1893.[10] Kjøpmann var eit typisk yrke på midten av 1800-talet, sidan handelsborgarskapet voks i denne perioden. Det var ikkje alle med kjøpmannsyrket som vart like suksessfulle, men Carsten Smith skulle bli ein av dei mest velståande i Moss kommune. Smith kom til å spela ei betydeleg rolle i Moss som ein del av handelsborgarskapet. Carsten Smith utvikla næringslivet i kommunen og eigde opp til fleire bedrifter, blant bedriftene han eigde heilt eller delvis var Colonial og Moss bryggeri [5][11][12]. I tillegg til å utvikla handelsmarknaden, var han og med i bystyret i ein alder av 28 år. Der sat han heilt til han frivillig melde seg ut då han passerte 80 år.[8] På denne måten var Carsten Smith ein sentral borgar i Moss kommune på 1800-talet, han var med på å utvikla næringslivet til kommunen, og dessutan fatta avgjerder som skulle bli avgjerande for kommunen i framtida.

Det var mykje som tyda på at det var ein velståande familie som eigde huset frå 1841 til 1893. Far i huset (Carsten Smith) var ein stor grunder i hans tid. Han eigde fleire føretak,[5][11][12] hadde rike og velståande venner og familie og vart i tillegg administrerande direktør i Moss Sparebank.[13][14] Dei fleste konferansar om lån skjedde på hans kontor i Kongens gate 32, der vart også drifta av banken leia.[15][16] Samstundes hadde han ei av dei beste brannforsikringane i Moss kommune. Han hadde ei forsikring på 34,720 kr, rett etter Th. Petersons.[17]

Carsten Smith var ein velståande kjøpmann. Han kjøpte bygnaden for å driva sin nyoppretta forretning, Colonial. Smith hadde i 1838 leid lokale i Holweygården i Gudes gate, men han såg større moglegheiter i huset som låg på hjørnet av Kongens gate og kjøpte dermed Kongens gate 32 i 1840.[5][6][18] Butikken hans skulle veksa fram til å bli ein av dei største i byen, med omsetning av alle slags matvarer, brennevin og vin, jern og stål, bakevarer m.m.[8][19] Carsten Smith dreiv ein utstrekt handel med Sverige, og selde varer frå nabolandet i forretninga si i Kongens gate 32.[20][21] Smith fekk for eksempel stangjern frå andre sida av grensa.[22][23]

Mellom 1841 og 1842 møtte han Anette Christine Semb, som seinare vart kona hans. Dei fekk det første barnet sitt i 1843.[24] Deira førstefødde fekk namnet Agnes Nathalie Smith, seinare Agnes Vogt. Deretter fekk Carsten Smith og Anette Christine Semb Smith seks barn til: Valborg Smith, Hans Julius Smith, Anna Cathrine Smith, Carsten jr. Smith, Anders Semb Smith og Helene Smith.[24] Carsten Smith fekk det siste barnet sitt i 1863, i ein alder av 51 år.[24]

Det var stor forskjell på folks levemåte på 1800-talet. Livet for arbeidarklassen var heilt annleis enn livet for velståande kjøpmenn, embetsmenn og fabrikkeigarar.[25] Sidan forsørgjaren i huset i Kongens gate 32 (Carsten Smith) var velståande, var det ikkje behov for barna eller kona hans å ta seg arbeid[26]. Ungane kunne gå på skulen og kona tok vare på huset. Dei kjente heller ikkje på svolt, og sannsyna for at dei hadde noko alkoholproblem var liten, sjølv om dei fleste innbyggarane i Moss sleit med alkoholisme i denne perioden.[27] Hovudårsaka til alkoholismen var at det eksisterte mange brenneri i Moss kommune, og innbyggarane hadde dermed lett tilgang til billeg brennevin. I 1835 var det heile 14 brenneri berre i Moss.[27][28] Ein annan faktor var at fattigdommen var stor blant arbeidarane, og det var i denne klassen problemet var størst.[27] Arbeidarane utgjorde mesteparten av innbyggarane i Moss.

Smith budde sjølv i Kongens gate 32, i tillegg leigde han ut rom på storgarden sin. Under folketeljinga i 1865 budde Smith-familien i lag med 2 handelsbetjentar, 1 bakargut, 1 gardsgut og 2 tenestejenter.[24] Gardsguten, tenestejentene og bakarguten arbeidde på garden til familien Smith. Det var vanleg for dei mest velståande familiane å ha folk som arbeidde på garden sin i denne tidsperioden.

Saman med svogeren sin Lars Semb, dreiv Carsten Smith og Moss Bryggeri i Kongens gate 15.[11][29] Forretningspartnarane Semb og Smith kjøpte opp Moss Bryggeri i 1859 etter at dei tidlegare eigarane gjekk konkurs.[8]

16.juli 1881 braut det ut brann i brygg-garden til Carsten Smith i Kongens gate 15.[8] Brannen strekte seg gjennom 39 gardar og dei fleste husa i Kongens gate og Klostergata brann ned.[2][30] Eit av dei husa som vart hardt skadde under brannen var huset i Kongens gate 32, der berre grunnmuren stod igjen. Etter brannen var Smith-familien ein av få familiar som hadde sterk nok økonomi til å bygga opp huset igjen relativt raskt. Bygningen vart bygd opp igjen i teglstein sidan det vart innført murtvang i Moss sentrum etter bybrannen.

Carsten Smith døydde i 1893, og den dagen han vart gravlagd, halde alle butikkar i byen lukka.[10] At butikkar heldt stengt, fortel kor stor tyding han hadde på handelsmarknaden i Moss kommune.

I år 1900 budde Anette Cathrine Semb Smith som enkje med sonen Hans Julius Smith og dottera Anna Cathrine Smith, og dessutan to tenestejenter i Kongens gate 32.[31]

Eingong mellom 1900 og 1914 var det berre to gjenverande frå Smith-familien som var busette i Moss kommune, Anna Cathrine Smith og Agnes Vogt.[32][33] Anna Cathrine Smith selde huset til Joh. Skistad, og med pengane frå huset flytta ho til Dronningens gate 20 i Moss.[32] Kva som skjedde med mora og broren hennar er ikkje klart, men ein går ut frå at dei døydde like etter faren og ektemannen sin, ettersom dei ikkje er å finna i noko register etter 1914.

I 1914 var eigaren av garden Joh. Skistad. Garden bestod av butikklokale, verkstad, målar, ein basar og 8 leilegheiter.[34]

Det tok ikkje mange år før huset vart kjøpt opp igjen. I 1920 står eigedommen registrert på H.Andresen & Sønn, som hadde drive møbelforretning i bygget frå tidleg 1890-talet. H.Andresen & Sønn eigde garden fram til 1945, då den første kvinna tok over garden, Elise Fladeby.[35]

7. februar 1922 vart bedrifta Standard AS Sport og kjøkkenforeining oppretta og fekk lokalet i Kongens gate 32.[36] I dag er Standard Sport AS framleis ei pågåande bedrift og tilhøyrer same adresse som i 1922.

Leigetakarar[endre | endre wikiteksten]

Leigetakarar i Kongens gate 32 under folketeljinga i 1910:[37]

  • Jernbanebetjent Anton Karlsen f. 1877 i Moss, gift med Anna Karlsen f. 1882 i Våler i Smaalenene. Bur saman med sine to søner, Jacob og Walther, og dessutan ei tenestejente.[37]
  • Harald Andresen f.1879 i Christiania, budde saman med kona si Inga Andresen, f. 1875 i Moss.[37]
  • Sagarbeider Petter Hermansen f. 1885 i Moss og budde saman med kona si, Hedvig Hermansen, f. 1887 i Christiansand, og dessutan sonen sin Thorleif Hermansen f. 1910 i Moss.[37]

Leigetakarar i Kongens gate 32 under folketeljinga i 1914:[34]

  • Møbelsnikkar Olaf Kristian Olsen f. 1886 i .[34]
  • Olava Larsen Holmen f. 1858 i Svinndal, innehavar av «basar/Kafeen».[34]
  • Inger Larsen Holmen, f. 1849 i Svinndal, utleier rom til losjerande.[34]
  • Arkitekt Emanuel Thoring f. 1877 i Moss.[34]
  • Bokhaldar Jacob Gamborg Jensen f. 1856 i Moss og kona Elida Jacobsen f. 1867 i Våler og tre barn mellom dei ein sjømann.[34]
  • Malarmeister Engebret Engebretsen f. 1883 i Våler med kona Marie f. 1887 i Moss.[34]
  • Mekanikar Hans Andreasen f. 1890 i Råde.[34]
  • Sagmeister Kristian August Hermansen f. 1880 i Moss, kona Astri Emilie Lagerta f. 1885 i Son og deira fire barn.[34]
  • Konduktør Johan Anton Karlsen f. 1877 på Kambo og kona Anna Marie Karlsen f. 1882 i Våler og deira to barn og tenestejente Johanne Andresen f. 1877 i Råde.[34]

Leigetakarar i Kongens gate 32 under folketeljinga i1930:[38]

  • Jørgine Bjurstrøm f.1904 i Moss. Ho er tilsett i Helly Hansen i Moss, noko som tyder på at industrien hadde komme til Moss. Ho budde saman med enkemor si, Maren Annette Bjurstrøm f. 1865 i Spydeberg.[38]
  • Dyrlege Thormod Cold Langballe f. 1879 i Kvinherrad. Han budde saman med kona si Ellen Gerner Langballe f. 1879 i Moss. Saman har dei 4 søner, 1 dotter og hushjelp.[38]
  • Erik Vigo Haakensen f. 1879 i Moss. Bur saman med broren sin Otto Henrik Haakensen f.1878 i Moss. Erik Vigo er forsørgd av veslebroren sin Otto Henrik.[38]
  • Sætterske Gudrun Formo f. 1887 i Moss.[38]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Kulturminnesøk, «Kulturminnesøk», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 9. september 2020 
  2. 2,0 2,1 «Bybranner – Moss byleksikon», www.mossbyleksikon.no, henta 12. september 2020 
  3. «Murtvang for å forebygge brann», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 9. september 2020 
  4. Per Edfeldt (1978). Kortfattet lokalhistorie for Moss til bruk i skolen. s. 35.  ["Oppbygningen i brannområdet begynte med engang, men nå ble gatene utvidet, og mange av de nye bygningene ble oppført av teglstein"]
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Per Schulstad (1951). Den Nyttige Indretning. A.S Moss Boktrykkeri (Moss Avis). s. 84.  ["I 1838 begynte han sin egen forretning i Holwygården i Gudes gate, senere flyttet han opp i Kongensgate (hvor A/S Standard har sine lokaler i dag), og her vokste den frem til å bli en av byens største.."]
  6. 6,0 6,1 O.P Nyquist (1990). Mossiana fra ældre tider. s. 38.  ["Carsten begyndte sin senere saa omfattende kjøbmandsforretning i denne gaard, hvor han bodde tilleie indtil han i 1840 flyttet til egen eiendom..."]
  7. Per Schulstad (1951). Den Nyttige Indretning. s. 82. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Karin Behn Skjævestad (2010). «Kongens gate 32 "Standardgården"»: 36. 
  9. Adler Vogt (1946). Personalia fra det gamle Moss. Cammermeyersboghandel. s. 63.  ["Mathias Gudes søstersønn Carsten Smith (1812-93), sønn av fløtningspektør i Elverum.."]
  10. 10,0 10,1 Per Schulstad (1951). Den Nyttige Indretning. A.S Moss Boktrykkeri (Moss Avis). s. 85.  ["Han døde i 1893, og den dagen han ble begravet, holdt samtlige butikker i byen lukket."]
  11. 11,0 11,1 11,2 Karin Behn Skjævestad (2010). «Kongens gate 32 "Standrad gården"»: 36.  Sammen med sin svoger Lars Semb drev han også Moss Bryggeri i Kongens gate 15.
  12. 12,0 12,1 «1 Carsten Smith - 1 - 15 Kongens Gade - 6 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1891 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 12. september 2020 
  13. Schulstad, Per (1951). «Jevn fremgang i rolige år». Den Nyttige Indretning. A.S Moss Boktrykkeri (Moss Avis). s. 84. «I Moss Sparebank var Smith faktisk administrerende direktør mesteparten av den tid han satt som formann i direksjonen (1867 - 1892).» 
  14. Karin Behn Skjævestad (2010). «Kongens gate 32 "Standardgården"»: 36.  "Carsten Smith var også administrerende direktør og formann i direksjonen i Moss Sparebank (1867-1892).
  15. Schulstad, Per (1951). «Jevn fremgang i rolige år». Den Nyttige Indretning. A.S Moss Boktrykkeri (Moss Avis). s. 84. «Således foregikk alle konferanser om lån på hans kontor i Kongens gate, og herfra ble i det hele tatt bankens drift ledet.» 
  16. Karin Behn Skjævestad (2010). «Kongens gate 32 "Standard gården"»: 36.  "Således foregikk alle konferanser om lån på hans kontor i Kongens gate, og herfra ble i det hele tatt bankens drift ledet."
  17. Nyquist, O.P (1990). Mossiana fra ældre tider. s. 199. «Av de høist assurerte gaarde kan noteres: Enkefru Bloms 25,860 kroner, Th. Petersons 44,160, Ernst Hilditsch's 25,040, Carsten Smith 34,720, Johan Nyquist 19,280, frøken Bjerks 19,100 kroner.» 
  18. O.P Nyquist (1990). Mossiana fra ældre tider. s. 253.  ["Efter hans død 1835 forblev gaarden i enkens eie til 1842, mens hun i 1838 bortleiet til kjøpmann Carsten Smith som denne gaard begyndte sin forretning her paa stedet"]
  19. Per Schulstad (1951). Den Nyttige Indretnig. A.S Moss Boktrykkeri (Moss Avis). s. 84. 
  20. Karin Behn SKjævestad (2010). «Kongens gate 32 "Standard gården"»: 36.  "I mellomrikslovens dager foregikk det en utsrakt handel med Sverige..."
  21. Per Schulstad (1951). Den Nyttige Indretning. A.S Moss Boktrykkeri (Moss Avis). s. 84.  ["I mellomrikslovens dager foregikk det en utstrakt handel med Sverige.."]
  22. Karin Behn Skjævestad (2010). «Kongens gate 32 "Standard Gården"»: 36.  ".. og på vinterføre kunne det komme 10-12 sleder i følge, med stangjern fra den andre siden av grensen."
  23. Per Schulstad (1951). Den Nyttige Indretning. A.S Moss Boktrykkeri (Moss Avis). s. 84.  ["..på vinterføre kunne det til Smith gjerne komme 10-12 sleder i følge, med stangjern fra den andre siden av grensen."]
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 «001 Carsten Smith - 0079 Konggaden - 000 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1865 for 0104B Moss prestegjeld, Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 9. september 2020 
  25. Per Edfeldt (1978). Kortfattet lokalhistorie for Moss til bruk i skolen. s. 36.  ["Det var stor forskjell på folks levemåte i det århundre vi nå ser på, så livet for arbeidsfolk var helt annerledes enn livet for velstående kjøpmenn, embetsmenn og fabrikkeiere."]
  26. Per Edfeldt (1978). Kortfattet lokalhistorie for Moss til bruk i skolen. s. 37.  ["Når fedre ble arbeidsløse, eller tjente for lite at familien kunne klare seg, måtte mødrene og barna slite ekstra hardt."]
  27. 27,0 27,1 27,2 Per Edfeldt (1988). Kortfattet lokalhistorie for Moss til bruk i skolen. s. 37.  ["Marcus Thrane syntes også at arbeiderfolk hadde det dårlig i Moss, for på grunn av alle brenneriene, var alkoholmisbruk også et stort problem"]
  28. Rolf kr. Nilsen (1988). Vårt eget brygg: Moss Bryggeri 150 år. s. 9.  ["I 1835 hadde byen hele 14 brennerier, og de produserte årlig nær en million potter."]
  29. Per Schulstad (1951). Den Nyttige Indretning. A.S Moss Boktrykkeri (Moss Avis). s. 84.  ["Sammen med sin svoger, forvalder Lars Semb på Jernverket, drev Smith Moss Bryggeri."]
  30. Per Edfeldt (1978). Kortfattet lokalhistorie for Moss til bruk i skolen. s. 35.  ["I alt brant 39 gårder ned, men denne gangen gikk ingen offentlige bygninger tapt."]
  31. «001 Annette Christine Smith f Semb - 01 - 0032 Kongens Gade 32 - 003 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1900 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 9. september 2020 
  32. 32,0 32,1 «001 Anna Catrine Smith - 004* - 083* Dronningensgate 20 - 001 Moss - Tellingskretsoversikt - Kommunal folketelling 1914 for Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 9. september 2020 
  33. Adler Vogt (1946). Personalia fra det gamle Moss. Cammermeyers Boghandel. 
  34. 34,00 34,01 34,02 34,03 34,04 34,05 34,06 34,07 34,08 34,09 34,10 «Kongens gate 32 på hjørnet av Wulfbergsgate i Moss. Hanssen & Grønneruds Colonialforretning. Colonial. Mel. Fedevarer. Kjøpmann Lauritz Hanssen, f. 1862 i Drøbak, (Folketelling 1910 for Moss).Johan Grønnerud f. 1884 (?) (folketelling 1910 for Moss. Siden "Standard A/S" Gateadresse er Kongens gate 32 i Adressebok for Fredrikshald, Fredrikstad, Moss, Sarpsborg 1911-12. Gårdens Eier Joh. Skistad f. 1859 i Hobøl, 8 leiligheter, Butikklokaler, verksted, 1 maler, 1 basar. Møbelsnekker Olaf Kristian Olsen f. 1886 i Bø, Olava Larsen Holmen f. 1858 i Svinndal, innehaver av "basar/Kafeen". Inger Larsen Holmen, f. 1849 i Svinndal, utleier værelse til losjerende. Karoline Arntsen Gusland f. 1885 i Rygge, serveringsdame Basar/Kafeen. Arkitekt Emanuel Thoring f. 1877 i Moss, Josefine Jerimiassen f. 1860 i Holmestrand, husholderske. Bokholder Jacob Gamborg Jensen f. 18569 i Moss og kona Elida Jacobsen f. 1867i Våler og tre barn deriblatn en sjømann. Malermester Engebret Engebretsen f. 1883 i Våler med kona Marie f. 1887 i Moss , malersvenn Edvard Engebretsen f. 1892 i Råde, nåtlerske Maren Andreasen f. 1891 i Råde, mekaniker Hans Andreasen f. 1890 i Råde. Strykerske Mathilde Engebrethsen f. 1877 i Rygge, Anette Andersen Ekholt f. 1862 i Rygge. Sagmester Kristian August Hermansen f. 1880 i Moss, kona Astri Emilie Lagerta f. 1885 i Son og deres fire barn. Konduktør Johan Anton Karlsen f. 1877 på Kambo og kona handlende Anna Marie Karlsen f. 1882 i Våler og deres to barn og tjenestepike Johanne Andresen f. 1877 i Råde.», digitaltmuseum.no, henta 9. september 2020 
  35. Karin Behn Skjævestad (2010). «Kongens gate 32»: 37. 
  36. Johannes Hanche (1923). Fra Østfold Fylke. s. 11. 
  37. 37,0 37,1 37,2 37,3 «Personsøk - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 9. september 2020 
  38. 38,0 38,1 38,2 38,3 38,4 «Personsøk - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 9. september 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]