Kremmarhus
Kremmarhus, kremmartut, spisspose, strut og så vidare er ein kjeglefoma pose eller eit spist, tutforma beger som vanlegvis er laga av papir og rulla eller lima saman. Dei er tradisjonelt blitt brukt av kremmarar og andre handelsfolk til å pakka små mengder krydder, godteri og andre varer i.
Ordet kjem frå det mellomnedertyske Kremerhus og danske Kræmmerhus som i gamle dagar òg kunne brukast om butikken til ein kremmar.[1]
Variantar[endre | endre wikiteksten]
Kremmerhus er lette og rimelege å laga. Opninga øvst kan lukkast ved å brettast ned eller knyttast igjen med ei snor. Dei passar som behaldarar for eller innpakning av ulike typar varer. Det finst difor mange variantar, til dømes spisse plastposar av blank, gjennomsiktig cellofan slik at innhaldet synest, kjegleforma juletrekorger og dekorative papirstrutar fylt med luktande lavendel. Is kan serverast i kremmarhusforma kjeks eller krumkakeliknande bakverk som er lett å halda i handa. Tradisjonelle overflodshorn kan òg minna om kremmerhus.
I Danmark er pynta kremmarhus vanlege å ha på juletre som pynt. Slike kremmarhus kan vera heimelaga og dekorert på ulike måtar. Det er pålimt ein hank og kan fyllast med nøtter eller godteri.
I deler av Tyskland har det frå 1800-talet vore tradisjon med Schultüte eller Zuckertüte, ein stor, konisk, dekorert «skulepose» eller «sukkerpose» fylt med godteri, småleiker eller skulesaker som barn kan få med seg til fyrste skuledag.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Pommes frites med majones og karri-ketsjup servert i tradisjonelt kremmarhus av papir og med liten plastgaffel og belgisk pølse.
«Lejlighedssang» til dansk konfirmasjonsselskap, kopiert på papir, rulla til kremmarhus og fylt med serviettar.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kremmerhus» frå Wikipedia på bokmål, den 1. desember 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Kræmmerhus» frå Wikipedia på dansk, den 1. desember 2020.