Kristian Erslev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Erslev
Kristianerslev.jpg
Fødd28. desember 1852
København
Død20. juni 1930
NasjonalitetDanmark
Yrkehistorikar
InstitusjonarKøbenhavns Universitet
Alma materKøbenhavns Universitet
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Det kongelige danske Selskab for Fædrelandets Historie

Kristian Sophus August Erslev (28. desember 185220. juni 1930) var ein dansk historikar. Erslev var professor i historie ved Københavns Universitet frå 1883 til 1916 og riksarkivar i Danmark frå 1916 til 1924. Han vert rekna som far til kjeldekritikken i nordisk historieforsking.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Erslev vart fødd i København, der faren var forlagsbokhandlar. I 1870 vart Erslev elev frå Mariboes Skole i København, og byrja så å studere ved Københavns Universitet. Her tok han 17. mai 1876 magistereksamen. Året etter var han, 28. januar, med å stifte Selskabet for Udgivelse af Kilder til Dansk Historie. I oktober 1877 la han ut på ei lang utanlandsreise som varte fram til august 1879, og drog til Tyskland, Italia, Hellas og Paris i Frankrike. Etter heimkoma vart han seinare same året dr.philos. med disputasen Konge og Lensmand i 16. Aarh. Studier over Statsomvæltningen 1536 og dens Følger for Kongemagt og Adelsvælde. Disputasen var bygt på eit grundig studium av dei danske lensmenn og forleningsvilkåra for dei danske lena i perioden 15131596.

1. januar 1881 vart Erslev stipendiat ved Gehejmearkivet, og frå 1. mars 1883 var han professor i historie ved Københavns Universitet, etter at Frederik Schiern hadde døydd. Året før var Erslevs gamle læremeister, professor Caspar Paludan-Müller, død og hadde vorte avløyst som professor av Johannes Steenstrup. Erslevs verksemd i historisk metode dei påfølgjande åra vart i høg grad prega av eit oppgjer med Paludan-Müller sin metode, medan Steenstrup i høgre grad vidareførte arven etter sistnemnde.

På Københavns Universitet var Erslev rektor frå november 1910 og eitt år framover. Då han avslutta rektorgjerninga heldt han ein tale, der han framheva dei tenester han og elevane hans hadde gjort for å forbetre dansk historieskriving.

En fuld Værdsættelse deraf kan først Eftertiden foretage, men jeg antager dog, at man altid vil anerkende, at der er arbejdet stærkt og samvittighedsfuldt; intetsteds har man slaaet sig til Ro med, hvad tidligere Granskere har ment; alt er optaget fra Grunden af, baade Stoffet og Arbejdsomraadet er blevet stærkt udvidet og uddybet, og ivrig har man stræbt at faa hver Tidsalder frem i dens Ejendommelighed.

Erslevs embetstid enda med ei årrekke som riksarkivar, då han 1. februar 1916 tok over denne posten. Her ordna han saman med arkivar William Christensen mellomaldersamlinga etter proveniensprinsippet.

Frå 1913 til 1926 var Erslev styreformann for Carlsbergfondet. Både i Carlsbergfondet og i andre posisjonar han fekk, fekk han utfalde sin framifrå evner som administrator.

Litterær produksjon[endre | endre wikiteksten]

Erslevs vesentlegaste innsats låg innanfor studiet av den danske mellomalderen og utviklinga av kjeldekritikken. Klassiske mellomalderstudiar frå Erslev er «Europæisk feudalisme og dansk lensvæsen» i Historisk Tidsskrift 1889 og monografiane Dronning Margrethe og Kalmarunionens Grundlæggelse (København 1882) og Erik af Pommern, hans Kamp for Sønderjylland og Kalmarunionens Opløsning (København 1901).

Dei kjeldekritiske hovudverka er Nogle Grundsætninger for historisk Kildekritik (København 1892) og Historisk Teknik. Den historiske Undersøgelse fremstillet i sine Grundlinjer, som kom i første utgåve i 1911.

Utviklinga av kjeldekritikken[endre | endre wikiteksten]

Debutarbeidet frå 1873, artikkelen Harald Hårdråde i Limfjorden i Aarbøger for nordisk Oldkyndighed og Historie, inneheldt ingen tilløp til kjeldekritikk. Det er ei undersøking av ei forteljing frå Snorre Sturlason, der Harald Hardråde slepp unna nokre forfølgjarar ved å trekke skipa sine over land frå Limfjorden til Nordsjøen. Erslev tek framstillinga for pålydande, og artikkelen handlar om å stadfeste dei lokalitetane som vert nemnde i forteljinga.

To år seinare blanda Erslev seg i striden mellom Caspar Paludan-Müller og Johannes Steenstrup om Kong Valdemars Jordebog. I artikkelen «Kong Valdemars jordebog og den nyere kritik» i Historisk Tidsskrift, slutta han seg til Paludan-Müller sin framgangsmåte; først undersøke skriftet i sin heilskap, og dernest dei enkelte jordeboksstykka i det. Derimot forkasta han professoren si oppfatning av jordeboka som øvingsbok for ein skrivar. Den sentrale problemstillinga for Erslev var å finne fram til ein plausibel situasjon, der kjelda kan vere framkomen. Ein analyse av innhaldet gjorde at han slutta seg til Paludan-Müller sitt synspunkt om at handskriftet bestod av ei rekke usamanhengande stykke, som først hadde vorte samla då handskriftet vart til, og altså ikkje, som Steenstrup meinte, opphavleg hadde utgjort ei eining.

Metodisk låg Erslev såleis i dette arbeidet tett opp mot Paludan-Müller og historismen sin hermeneutiske og intuitive framgangsmåte. Det handlar om å leve sig inn i den situasjonen der kjelda er oppstått.

I nokre andre arbeid av numismatisk karakter, byrja å vise spor av ein ny metodisk tilgang. I artikkelen «Vore bynavnes ældste former, oplyste ved danske mønter» frå 1873 peika han på at det ville vere mogleg å følgje namneformer lengre tilbake i tid, dersom ein drog inn myntmaterialet. To år seinare viste han i artikkelen «Roskildes ældste mønter. Studier til dansk mønthistorie» at det same materialet hadde ytterlegare moglegheiter som kjeldemateriale for historikarar. Myntar frå Roskilde i ulike myntfunn vart kronologisk oppstilt og deretter utnytta til å seie noko om utviklinga av myntstellet i byen, og i Danmark som heilskap.

Arbeidet med Roskilde-myntane viser to interessante trekk ved Erslevs metodiske posisjon. For det første finst det ein tydeleg positivistisk inspirasjon. Materialet kan beskrivast eksakt ved å verte målt og vege, og uttrykkast i tal og analyserast gjennom statistikk. For det andre legg han større vekt på leiviningsverdet i myntane, enn verdet i forteljingar og andre narrative kjelder.

Bruken av statistikk vart nærast eit kjennemerke for Erslev. I disputasen frå 1879 forklarte han valet av lensvesenet som emne med «den sjældne og uvurderlige Egenskab, at det tillader en positiv, næsten Exakt Behandling» og tillegg resultatet stor sikkerheit, då det er bygt «paa indgaaende Detailundersøgelser og deraf uddragne statistiske Resultater.»

Opp gjennom 1880-åra viste Erslev mindre interesse for leivningsverdet i kjeldene. Meir vekt vart lagt på å utnytte forteljinga som kjelde, noko som kjem til uttrykk i artikkelen «Studier til Dronning Margrethes Historie» frå 1882. Her skilde han mellom det diplomatiske materialet og «Kilderne [...] – dette Ord taget i snævrere Forstand, hvorefter det kun omfatter Forfatternes Beretninger om det skete». Sidan tok han fatt på å undersøke det innbyrdes tilhøvet mellom desse kjeldene og kjeldeverdien i dei. Han tilla dei samtidige kjeldene størst verde, dei frå Margrete si eiga levetid eller kort deretter. Dei seinare kjeldene har dels gjengitt opplysningane i dei eldre kjeldene, og dels nytta seg av munnlege overleveringar. Desse yngre kjeldene vert omtala som sekundære.

Verdien i metoden prøvde Erslev å påvise i artikkelen, ved å nytte den på slaget ved Åsle i 1389. Her går han ut frå opplysningane i årbøkene og supplerer desse med ikkje-nordiske kjelder, primært frå Lübeck, for å finne samanhengen og utviklinga av hendingane. Først deretter dreg han inn brotstykke som kan leiast ut av diplommaterialet. Konklusjonen hans var at det såleis var vist «hvor meget der er at lære af de samtidige Kilder, hvor overordentlig lidt, der kan hentes ud fra alle senere Beretninger, og dette Udslag kan dristig overføres næsten paa alle Punkter i Datidens historie.» I større omfang vart metoden brukt i monografien om dronning Margrete, som kom ut nesten samtidig med artikkelen.

Erslev fekk motbør frå kollegaen Johannes Steenstrup. I danske Dagbladet kunne ein 23. mars 1891 lese ein anonym artikkel under overskrifta «Hjemlige Studier. Fri forskning og Skole», som var ei melding av den nemnde artikkelen. Forfattaren var Steenstrup, og han fann opplagt avvisinga av Huitfeldts tapte kjelder for bastant. Han syntest avvisinga var «lidt for vidtgaaende» og han spurte, om «ikke Erslev tildeler den nyere Kildekritik alt for store Fortjenester?» Han meinte at kjeldekritikken i Tyskland hadde gjort historiestudiet til «et mekanisk, stundom aandløst Studium og poengterte at historie også handla om Kunsten at kunne leve sig ind i den skildrede Tid, saa man stod lige overfor den som en samtidig».

Den 6. april kom Erslev sitt svar i Dagbladet. Han heldt fast ved at «al historisk granskning maa begynde med Kildekritik; da vi kun kender Fortiden gennem Overleveringen, maa vi prøve dennes Troværdighed, før vi bygger videre paa den.» Samstundes la han vekt på at oppgåva ikkje einast var å kassere dei «uægte kilder», då dette berre var første steg, derefter kommer Kildekritikens Hovedopgave, at værdsætte Kildens Autoritet, prøve Vidnets Troværdighed, Forfatterens Kundskab, Aktstykkets Beviskraft og saa følger Realkritiken, Forsøgene paa ad de forskelligste Veje at konstruere Billedet af den historiske Situation eller Personlighed." Synspunktet var at kjeldekritikken var ein naudsynt føresetnad for ordentleg historieskriving, men avviste ikkje betydninga av «psykologisk Iagttagelsesevne, af poetisk Forstaaelse, af Menneskekundskab», og understreka at han «i Kildekritiken kun seer Vejen, ikke Maalet.»

Erslev heldt fram sitt kjeldekritiske arbeid med to artiklar i Historisk Tidsskrift i 1891. »Det stockholmoske Blodbads Forhistorie og C. Paludan-Müllers Opfattelse deraf» var den eine, og «Paludan-Müllers Theori om Sagnkritikens Methode» den andre. Erslev avviste Paludan-Müller si historiske metode. I motsetnad til Paludan-Müller fann han at det mellom monument, segner og myter var eit skilje mellom «to helt forskellige Kildearter, mellem hvilke der er væsensforskel»: Forteljingar («Fortællingen om Fortiden, Begivenheden afspejlet i den menneskelige Hjerne») og leivning («den endnu bevarede rest af Fortiden»). Skilnaden ligg her i sjølve kjeldene og først seinare, primært i Historisk Teknik frå 1911, når han kjem fram til at skiljet ikkje ligg i kjeldene, men i historikaren si problemstilling.

I artikkelen «Sven Estridsøn og Biskop Vilhelm. Sagnstudier» frå 1892 tok han Saxo Grammaticus under same behandling som tidlegare Huitfeldt. Heller ikkje denne gongen var Steenstrup samd, men han reagerte først i 1907 med artikkelen «Biskop Vilhelm og Kong Svend» i Historisk Tidsskrift, 8. række, I, s. 1-64. Erslev si avhandling er ein analyse av underordningsforhold og munnar ut i ei avvising av Saxo som kjelde til Svend Estridsens tid, men som ei verdifull kjelde til Saxos eiga tid. Med andre ord er verdien av Saxo som forteljing låg, men som leivning høg. Enno ein gong formulerer Erslev seg som praktikar, på ein måte som minner om eit funksjonelt kjeldesyn, men som teoretikar heldt han stadig fast i eit materielt kjeldesyn.

Vender ein seg til Grundsætninger i historisk Kildekritik så er han i heile innleiinga oppteken av skiljet mellom forteljing og leivning, medan resten av læreboka handlar om korleis ein kritisk skal stille seg til forteljingar. Det er grunn til å tru at han oppfatta leivningar som «objektive» kjelder, som ein derfor, etter å ha avgjort opphavet til dei, utan vidare kunne bruke. Forteljingar var derimot «subjektive» kjelder og skulle difor «reinsast» for dei subjektive elementa, før dei kunne brukast.

Dei etterfølgjande avhandlingane frå 1890-åra dreia seg vesentleg om å teste metoden i praksis, for å demonstrere verdien i den. Ein viss tendens til auka interesse for leivningane kan anast, men forteljingane vert ofte brukt som grunnlag for avhandlingane. Det gjeld såleis til dømes «Fra Holstenervældens Tid i Danmark (1325–1340). Kritiske Smaastudier» frå 1896, der han i dei første to av dei tre små studiane i artikkelen, brukar kjeldekritikken på forteljingar og berre i det siste, «Mageskiftekontrakten af 11. Februar 1340», analyserer ei kjelde han reknar for å vere som leivning.

Først etter hundreårsskiftet kom leivningsutnyttinga i sentrum for Erslevs arbeid, særleg i Frederik IV og Slesvig. Arvehyldningsakterne af 1721 frå 1901 og "Gottorpernes Afkald paa Slesvig og dets Forhistorie" frå 1913. I det førstnemnde verket kjem Erslevs vitskapsideal om den fordomsfrie inngangen klart til uttrykk: «Vi vil først tage selve Akterne for os og, uden nogetsomhelst Hensyn til, hvad der før er sagt om dem, søge at forstaa deres Indhold saa klart og fyldigt, som det er os muligt. Den Forstaaelse, vi derved naar til, vil vi saa sammenligne med de Fortolkninger, som tidligere er fremsatte af Akterne, dels fra dansk, dels fra slesvigholstens side.»

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Biografi i Dansk biografisk leksikon 1. utgåve
  • Historisk Teknik(pdf) - introduksjon til Historisk Teknik skrive av Sebastian Olden-Jørgensen
  • Den radikale historikertradition(pdf) - Jens Christian Manniches verk om bl.a. Erslev i revidert utgåve frå 2000
  • Kildeskriftselskabet, heimeside for Selskabet for Udgivelse af Kilder til Dansk Historie, som Erslev var med å grunnleggje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]