Kristian Nordlid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Nordlid
Fødd 6. mai 1846
Død

9. juli 1905

Yrke journalist

Kristian Magnus Olsen Nordlid (6. mai 18469. juli 1905) var ein norsk lærar, bladmann og prest frå Østre Aker. Gjennom fleire ulike avisutgjevingar gjorde han mykje til å spreie bruken av landsmål i 1880-90-åra, og ved å nytte landsmålet i kyrkja og i religiøse tekstar. Olaf Norli var ein yngre bror.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nordlid var son til ein fiskar på Sjursøya ved Oslo. Han vart student i 1864, etter skulegang på Schreiners/Gjertsens skole i Kristiania, og tok teologisk embetseksamen i 1870. I studietida var han huslærar i Sauland og Mandal.

Han var så folkehøgskulelærar 1871/72 hos Viggo Ullmann i Seljord og 1873 i Skodje under Einar Skavlan. Åra 1874-77 var Nordlid folkeskulelærar i Drangedal. Sidan var han ei tid huslærar hos Olaus ArvesenSagatun folkehøyskole ved Hamar. Deretter var Nordlid lærar 1879/80 på Alvheim folkehøgskule i Enningdalen i Østfold.

Frå 1880 gav Nordlid ut Østlandsk Tidende i Fredrikstad og Nordmanden i Kristiania til 1883. Samstundes deltok han i arbeidet med å få ut målavisa Fedraheimen. Åra 1883-86 redigerte han Dagsposten i Trondheim.

I 1886 fekk han stilling som stiftskapellan i Kristiania bispedøme. Kring den tid endra han etternamnet sitt frå Olsen til Nordlid, og vart samstundes redaktør i målavisa Nordmannen, eit avistiltak som stoppa opp i 1889. I tida 1895-98 vikarierte Nordlid som redaktør av Norsk Barneblad.

Nordlid vart i 1898 tilsett sokneprest i Seljord. Den 17. mai 1899 vart det for fyrste gong halde heile gudstenester på nynorsk i tre kyrkjer i Telemark, mellom dei i Seljord ved sokneprest Nordlid. Sviktande helse gjorde at han søkte avskil i 1903. Siste leveåra heldt han til i Kristiania. Olav Midttun skriv om Nordlid at «han aldri [var] nokon stiv teolog, han vilde helst vera folkelærar». Nordlid gav ut ein del religiøse skrifter, mellom anna eit utval tekstar han hadde omsett frå Martin Luther, og ei bok av den skotske evangelisten og naturvitaren Henry Drummond.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]