Krossknapp
Krossknapp | ||
| ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Eudicotyledonae | |
Orden: | Lamiales | |
Familie: | Lamiaceae | |
Slekt: | Glechoma | |
Art: | G. hederacea | |
Vitskapleg namn | ||
Glechoma hederacea |
Krossknapp (Glechoma hederacea) er ei eviggrøn, flerårig urt i leppeblomfamilien. Planta har ein krypande til oppstigande vekst. Han blir 5–30 cm høg, men stengelen kan krype opptil 1 meter.[1] Blada er runde eller nyreforma med ei svakt hårete overside. Blomane sit i mindre kvastar ved bladhjørna på opprette skot.[2] Dei er blåfiolette på farge og har purpurfarga flekkar på underleppa.[1]
Pollenknappen dannar to kvite krossar i blomen, noko som har gjeve planten det norske namnet sitt. Han har ei sterk aromatisk lukt.[2]
Leveområde og utbreiing[endre | endre wikiteksten]
Krossknapp føretrekk fuktig jordsmonn i mellom anna buskas, kulturmark eller lauvskog. Krossknapp veks i skogkantar, ved gjerde og langs vegkantar. I Noreg er han vanlegast på Austlandet.[2] Han veks nord til Finnmark, men er sjeldan i innlandet og i Nord-Noreg.
Krossknapp veks over store delar av Europa og nord og vest i Asia. Han er også innført i Nord-Amerika og på New Zealand.[1] Han formerer seg og spreier seg raskt og blir sett på av mange som ein invasiv art. Planten vert nytta som staude i hagar, men er invaderande og blir av mange sett på som eit ugras.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Blome og blad kan brukast til vinlaging.[3] Før han blei erstatta av humleplanten blei krossknapp også brukt til ølbrygging, for å gjera brygget beiskare, klarare og meir haldbart.[1]
Planten er svakt giftig og var tidlegare mykje nytta som feber- og hostemiddel.[2] Han er blitt spreidd i Finland som hageplante, og teken med av europeiske utvandrarar til koloniane.
Variantar[endre | endre wikiteksten]
Den tidlege, meir djupblå varianten blir ofte kalla vårkrossknapp, og er mindre enn krossknapp.
- Glechoma hederacea subsp. glabriuscula (Neilr.) Gams
- Glechoma hederacea var. micrantha (Rchb.) Nyman
- Glechoma hederacea var. micrantha P.Fourn.