Kuria Muria
Kuria Muria | |||
øygruppe | |||
Kart over Khuriya Muriya-øyane
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | |||
![]() Kuria Muria | |||
Wikimedia Commons: Khuriya Muriya Islands | |||
Khuriya Muriya-øyane eller Kuria Muria (arabisk جزر خوريا موريا, Juzur Khurīyā Murīyā eller Khūryān Mūryān) er ei gruppe på fem øyar i Arabiahavet, 40 km utafor søraustkysten av sultanatet Oman. Øya er ein del av provinsen Shalim- og Hallaniyatøyane i guvernementet Dhofar.
Historie[endre | endre wikiteksten]
I oldtida vart øyane kalla Zenobii eller Zenobiouøyane. Øyane er nemnt av fleire tidlege geografar som Ptolemaios (vi. 7. § 47) som talte sju små øyar i Khuriya Muriya-bukta (Σαχαλίτης κόλπος; Sinus Sachalites), mot innløpet til «Persiabukta» (mest truleg dagens Adenbukta).[1] I 1854 avstod sultanen av Muscat (seinare Muscat og Oman og i dag Oman) øyane til britane og i 1868 vart dei lagt til protektoratet Aden (i dagens Jemen). Øyane høyrte til britane fram til 1967 og vart styrte av den britiske guvernøren i Aden fram til 1953, så av den britiske høgkommisæren fram til 1963, og til slutt av den britiske residenten i Persiabukta (heldt til i Bahrain). Den 30. november 1967 annonserte Lord Caradon, den britiske ambassadøren til Dei sameinte nasjonane at øyane, i tråd med ønske til dei lokale innbyggjarne, skulle returnerast til Muscat og Oman, trass i kritikk frå president Qahtan Muhammed al-Shaabi som meinte øyane måtte overførast til Folkerepulikken Sør-Jemen.[2]
Øyar[endre | endre wikiteksten]
Øy | arabisk | Transliterasjon |
---|---|---|
Al-Hasikiyah | جزيرة الحاسكية | Ǧazīrat al-Ḥāsikiyya |
Al-Sawda | الجزيرة السوداء | al-Ǧazīra al-sawdāʾ |
Al-Hallaniyah | جزيرة الحلانية | Ǧazīrat al-Ḥallāniyya |
Qarzawit | جرزعوت | Ǧazīrat Ǧarzaʿūt |
Al-Qibliyah | الجزيرة القبلية | Ǧazīra al-qibliyya |
Khuriya Muriya-øyane | جزر خوريا موريا | Ǧuzur Ḥūriyā Mūriyā |
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Khuriya Muriya Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: