Kwame Nkrumah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Kwame Nkrumah (21. september 190927. april 1972) var ein ghanesisk politikar, og vert rekna som grunnleggar av pan-afrikanismen. Nkrumah var sosialist og var inspirert av Karl Marx, han var også inspirert av den vitskaplege sosialismen etter mønster frå Friedrich Engels.

Nkrumah vart født i Nkroful, Gullkysten (Ghana), og heit opphavleg Francis Nwia-Kofi Ngonloma. Etter å ha gått på Achimota School i Accra, og deretter på det romersk-katolske seminaret i Amisano, arbeida han som lærar på ein katolsk skule i Axim. Seinare reiste han til USA, og studerte ved Lincoln University i Pennsylvania. I 1942 fullførte han ein mastergrad (MSc) i utdanning, og i 1943 ein mastergrad (MA) i filosofi ved dette universitetet.

I 1945 flytta han til London for å studere ved London School of Economics and Political Science. Men etter å ha treft George Padmore vart han involvert i organiseringa av den sjette pan-afrikanske kongress i Manchester. Han engasjerte seg i arbeidet for dekolonisering av Afrika, og vart viseformann i den vestafrikanske studentunionen i England.

Nkrumah vendte heim til Gullkysten i 1947, og gjekk inn i United Gold Coast Convention (UGCC), leia av Joseph B. Danqauh. Same år grunnla han eit nytt parti, Convention Peoples Party (CPP), med mottoet Sjølvstyre no. Han forlèt UGCC i 1949, og i desember det året sette han i gang masseaksjonar - boikott, streik og sivil ulydnad - mot dei britiske styresmaktene. Han vart arrestert av britane i januar 1950. Britane bestemte seg for å gje kolonien sjølvstende, og utlyste val til ein lovgjevande forsamling i januar 1951. Nkrumah, som framleis sat fengslet, vann eit sete. Han vart sett fri i februar 1951, og vart invitert til å leide ein overgangsregjering saman med den britiske guvernøren.

6. mars 1957 vatt Ghana erklært uavhengig, og Nkrumah vart utnemnt til statsminister. Landet hadde først den engelske monarken som statsoverhovud, men vart i 1960 republikk. Ei økonomisk nedgangstid følgde, og det oppstod uro. Nkrumah overlevde eitt attentat. I 1964 valde han å erklære Ghana som eittpartistat, med seg sjølv som president for livstid. Under eit besøk i Beijing og Hanoi i 1966 vart han avsett saman med sin regjering etter eit militærkupp.

Nkrumah kunne ikkje vende tilbake til Ghana, og levde derfor i eksil i Guinea. Han fortsette derifrå sitt arbeid for panafrikansk eining. I april 1972 reiste han til Romania for å få medisinsk behandling, og døydde der.

Han skreiv fleire bøker, blant anna Kvifor Afrika må einast (1963), Den afrikanske personlegdomen (1963), Handbok for revolusjonær krigføring (1968) og Klassekamp i Afrika (1970).

Spire Denne politikkartikkelen som har med Afrika å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.