Hopp til innhald

Lakonía

Periferieininga Lakonía
Περιφερειακή ενότητα Λακωνίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
PeriferiPeloponnes
HovudstadSpárti
Folketal84 337 (2021[1])
Areal3 636 km²
Folketettleik23/km²
Kommunar5
Postnummer23x xx
Retningsnummer273x0
BilnummerAK
Heimesidewww.lakonia.gr

Periferieininga Lakonía (gresk Περιφερειακή ενότητα Λακωνίας, Periferiakí enótita Lakonías) er ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes.[2] Hovudstaden i periferieininga er Spárti. Andre byar og landsbyar er Areópoli, Jýthio, Molái, Monemvasiá, Mystrás, Neápoli og Sellasía. Her ligg Kapp Maléa, Kapp Ténaro og ein stor del av Mánihalvøya.

Vest for Taýjetosfjella ligg Messinía, nord for Párnonasfjella ligg Arkadía, Myrtóohavet ligg i aust og Lakoníabukta og Middelhavet i sør. Øyane Kýthira og Andikýthira ligg i sør, men dei høyrer administrativt til periferieininga Øyane i Attikí.

Evrótas er den lengste elva i prefekturet. Evrótasdalen er hovudsakleg eit jordbruksområde, med mange sitrus- og olivenlundar, enger og mest av alt appelsiner.

Taýjetos på 2 407 moh, kjend som Pendedáktylos (fem fingrar) gjennom mellomalderen, ligg vest for Spárti og Evrótasdalen. Det er det høgaste fjellet i Lakonía og på Peloponnes. Det andre store fjellet er Párnonas på 1 961 moh som ligg i aust.

Den kjende stalaktittgrotta Diroú ligg i sørvest, sør for Areópoli, og er ein stor turistattraksjon.

Området har varme somrar og milde vintrar, men i fjella, og særleg på Taýjetos, er det vanleg med snø om vinteren.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Lakonía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]

PeriferieiningKommuneTidlegare
kommune
Postnummer
LakoníaSpártiSpárti231 00
Therápnes231 00
Karyés230 67
Mystrás231 00
Inoúndas230 64
Péllana230 59
Fáris230 54
EvrótasSkála230 51
Jerónthres230 58
Élos230 55
Krokeés230 57
Niáta230 60
MonemvasiáMonemvasiá230 70
Asopós230 56
Viés230 53
Zárakas230 68
Molái230 52
ElafónisosElafónisos230 53
Aust-MániAust-Máni230 66
Jýthio232 00
Ítylo230 62
Smýnos230 61

I antikken utgjorde området store delar av staten Sparta (Spárti). Lakonía var i krig med Kongedømet Makedonia og hadde mange slag mot dei. Etter kvart vart dei derimot ein del av Romarriket, og i mellomalderen ein del av Austromarriket. Etter krosstoga låg despotatet Morea her. Lakonía vart så ein del av Det osmanske riket, men Mánihalvøya var i praksis sjølvstyrt. Lakonía vart frigjort etter den greske sjølvstendekrigen i 1821 og Spárti vart vald som hovudstad i det nye prefekturet. Økonomien og jordbruket blømde gjennom 1800-talet. Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen byrja folketalet å gå noko nedover, då folk flytta frå landsbyane til større greske byar lenger nord eller til utlandet.

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

TettstadKommuneFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
SpártiSpárti16 23916 782
JýthioAust-Máni4 2794 070
MoláiMonemvasiá2 5342 850
SkálaEvrótas3 0672 816
NeápoliMonemvasiá3 0902 715
VlakhiótisEvrótas2 0801 989
PapadiánikaMonemvasiá1 6571 737
MagoúlaSpárti1 4151 477
JéfyraMonemvasiá1 2991 441
Káto GlykóvrysiEvrótas1 4851 375
AsopósMonemvasiá1 0231 195
JerákiEvrótas1 2441 181
KrokeésEvrótas1 137979
XirokámbiSpárti963868
AreópoliAust-Máni888805

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

37°00′N 22°35′E / 37.000°N 22.583°E / 37.000; 22.583