Laura Dern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laura Dern
Laura Dern Deauville 2017.jpg
Fødd10. februar 1967 (55 år)
FødestadLos Angeles
FødenamnLaura Elizabeth Dern
Aktive år1973–
Verka somskodespelar, filmskodespelar, filmregissør, filmprodusent, stemmeskodespelar, fjernsynsskodespelar
MorDiane Ladd
FarBruce Dern
EktefelleBen Harper
SambuarKyle MacLachlan, Nicolas Cage, Renny Harlin, Jeff Goldblum, Billy Bob Thornton
BornEllery Harper, Jaya Harper
PrisarGolden Globe, Oscar for beste kvinnelige birolle, Primetime Emmy Award for Outstanding Supporting Actress in a Miniseries or a Movie, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Laura Elizabeth Dern (fødd 10. februar 1967 Los Angeles) er ein amerikansk skodespelar, filmregissør og filmprodusent.[1][2][3] Ho debuterte som skodespelar i bilfilmen Spikern i bånn, McKlusky (1973) og har sidan spelt i filmane Masken (1985), Første gang (1985), Blue Velvet (1986), Wild at Heart (1990), Jurassic Park (1993), Citizen Ruth (1996), October Sky (1999), I Am Sam (2001), Inland Empire (2006), The Master (2012), The Fault in Our Stars (2014) og Star Wars: The Last Jedi (2017). Dern vart nominert til oscarpris for beste kvinnelege hovudrolle for Rambling Rose (1991) og for beste kvinnelege birolle for Wild (2014).

Dern har òg markert seg på TV-skjermen. Ho har vorte nominert til Primetime Emmy Awards for rollene i TV-filmen Afterburn (1992), antologiserien Fallen Angels (1993), komedieserien Ellen (1997), TV-filmen Recount (2008) og komedieserien Eit perfekt liv (2011–2013), og ho vann i 2017 for rolla som Renata Klein i miniserien Big Little Lies. Skodespelaren har òg vunne tre Golden Globe-prisar og fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Laura Elizabeth Dern vart fødd 10. februar 1967 i Los Angeles i California. Ho er dottera til skodespelarane Bruce Dern (f. 1936) og Diane Ladd (f. 1935), og dessutan oldebarnet til tidlegare krigsminister George Dern (1872–1936).[4][5] Foreldre skilde lag då ho var to år gammal, og ho heldt til mesteparten av oppveksten med mora og mormora.[6] Mormora hennar hadde norske anar frå Oslo.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

1973–1989: fyrste filmroller[endre | endre wikiteksten]

Dern spelte mot mora Diane Ladd i sine fyrste to filmrollar. Ho spelte Sharon Anne i bilfilmen Spikern i bånn, McKlusky (1973) og ei jente med iskrem i Martin Scorsese sin dramafilm Alice bor her ikke lenger (1974). Den neste filmrolla hennar kom først seks år seinare, i dramafilmen Nesten voksen (1980).

I 1982 vart Laura Dern den yngste vinnaren av nykommarprisen «Miss Golden Globe».[7] Ho spelte i eit par TV-filmar i byrjinga av 1980-åra før ho fekk si fyrste hovudrolle i dramafilmen Første gang (1985). Ho spelte 15 år gamle Connie, ein opprørsk tenåring som ynskjer å verta voksen. Connie vert kjent med ein sjarmerande ungkar, men han byr på problem. Ho fekk god kritikk for rolla, og Sheila Benson frå Los Angeles Times kalla Dern si rolleskildring ei «hending». «Det er sjeldan å få eit så variert innblikk i ungdomstida av ein kvinneleg skodespelar som nærmar seg den alderen sjølv.» Dern vart nominert til ein Independent Spirit Award for rolletolkinga.[8][9] I 1985 spelte ho òg mot Cher i dramafilmen Masken, om ein deformert gut og mora hans.

Laura Dern har hatt eit jamt samarbeid med regissøren David Lynch.
Foto: Sasha Kargaltsev

I 1986 spelte Dern i David Lynch sin thrillerfilm Blue Velvet. Filmar handlar om ein student (Kyle MacLachlan) som ein dag finn eit menneskeøyre på bakken i heimbyen. Saman med studenten Sandy Williams (Dern) prøver han å finna ut kven øyret tilhøyrar. Benson frå Los Angeles Times skreiv denne gongen at Dern makta å «balansera det melodramatiske innslaget til studenten med ein god, tørr sindigheit».[10] Dern vart nominert til ein ny Independent Spirit Award for rolla.[11] Før tiåret var omme spelte ho òg sjukepleiaren Kathleen Robinson i Skygenes menn (1989), ein krigsfilm om Manhattanprosjektet.

1990–1999: Oscar-nominasjon og arbeid på fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Laura Dern spelte mot Nicolas Cage i sitt neste Lynch-prosjekt Wild at Heart (1990). Filmen handlar om to ungdomar som rømmer frå heimbyen og dei autoritære skikkelsane som står i vegen for dei. Dern har sagt at detta var fyrste gong ho fekk spela ein figur som «ikkje berre var veldig seksuell, men som på eige sett og vis også var veldig sjølvtilfreds».[12] Peter Travers frå Rolling Stone kalla Dern eit «under» og skreiv at ho gav figuren ein «robust livlegheit».[13]

I 1991 spelte ho mot mor si i dramafilmen Rambling Rose. Dern spelte den fattige ungpjenta Rose som vert tilsett som hushjelp av ein velståande familie i Georgia under den store depresjonen. Ho fekk god kritikk og vart nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for arbeidet i filmen.[14] Peter Travers omtalte Dern som «ei av dei beste kvinnelege skodespelarane frå sin generasjon», medan Desson Howe frå Washington Post roste skodespelaren sitt «eksentriske nærvær». «Det gjer at påverknadskrafta som [rollefiguren] har på menn vert fullstendig truverdig.»[15][16]

I 1992 hadde Dern hovudrolla i TV-filmen Afterburn. Filmen er basert på ei sann historie, og Dern spelte den unge flygarenka Janet Harduvel som tek opp kampen mot United States Air Force og industrikonsernet General Dynamics for å reinvaska det gode namnet og ryktet til mannen sin.[17] John J. O'Connor frå The New York Times var nøgd og kalla Dern si rolleskildring eit «valdsamt lidenskapeleg portrett».[18] Ho vart nominert til ein Primetime Emmy Award og vann ein Golden Globe for rolla.[19][20]

Dern spelte dinosaureksperten Dr. Ellie Sattler i Steven Spielberg sin eventyrfilm Jurassic Park i 1993. Filmen handlar om ein vitskapsmann som har attskapt utdøydde dinosaurar til utstilling i ein fornøyelsespark. Dern fekk god kritikk og vart nominert til ein Saturn Award for arbeidet i filmen.[21] I 1993 vart ho òg nominert til ein Primetime Emmy Award for gjesterolla i antologiserien Fallen Angels, og ho spelte kriminologen Sally Gerber i Clint Eastwood sin dramafilm A Perfect World.[19] Regidebuten til Laura Dern, kortfilmen The Gift, hadde premiere i oktober 1994 som ein del av Showtime-serien Directed By. Han handlar om ei kvinne som må få livet sitt på stell etter eit brot med kjærasten.[22]

Deretter spelte ho i ei rekkje TV-filmar, blant annan dramafilmen Oppgjøret ved Ruby Ridge (1996), om skyteepisoden ved Ruby Ridge i august 1992. Ho fekk god kritikk og vart nominert til ein Satellite Award for rollen i filmen.[23] I 1996 hadde ho hovudrolla i Alexander Paynes regidebut Citizen Ruth. Filmen handlar om den uansvarlege og arbeidslause Ruth Stoops, ein mislukka dagdrivar som ufrivillig hamnar midt i abortdebatten. Janet Maslin frå The New York Times var nøgd og skreiv at Dern er ein «fantastisk fysisk komikar». Dern spelte deretter ein lesbisk TV-produsent i komedieserien Ellen (1997), ei fortvila firebarnsmor i TV-filmen The Baby Dance (1998) og ein engasjert naturfaglærar i dramafilmen October Sky (1999). Ho vart nominert til ein Emmy-pris for Ellen og ein Golden Globe for The Baby Dance.[19][20]

2000–2009: Nytt Lynch-samarbeid og fleire småroller[endre | endre wikiteksten]

I 2000-åra hadde Laura Dern fleire småroller på film og fjernsyn. Ho spelte ei plagsam svigerinne i komedien Dr. T og kvinnene (2000), Dr. Ellie Degler i Jurassic Park-oppfølgjaren Jurassic Park III (2001), fostermora Randy i dramafilmen I Am Sam (2001), kjærasten til hovudpersonen i thrilleren Lonely Hearts Killers (2006) og ei sjølvopptatt venninne i Year of the Dog (2007). Ho fekk gjennomgåande god kritikk for arbeidet.

Dern under ein Hollywood Walk of Fame-seremoni i desember 2009.
Foto: Angela George

Dern fekk òg god omtale for rolla i dramafilmen We Don't Live Here Anymore (2004). Han handlar om to tilsynelatande lukkelege ektepar som vert drivne til eit vendepunkt når dei oppdagar utruskap seg i mellom. Peter Travers frå Rolling Stone kalla det Derns «beste rolleskildring sidan Citizen Ruth», medan Claudia Puig frå USA Today skreiv at Derns «meisterlege rolleskildring er prega av ein så handgripeleg angst at frykta til dei andre figurane nesten verkar skøytelaus i samanlikning.»[24][25]

Dern gjenopptok samarbeidde med David Lynch i thrillerfilmen Inland Empire i 2007. Filmen handlar om Hollywood-stjerna Nikki (Dern), som er midt i innspelinga av ein dramafilm om sjalusi. Etter kvart byrjar tilveret hennar å likna meir og meir på den marerittaktige og surrealistiske filmen ho skal spela inn. Dern fekk god kritikk for rolla, og Martin Nordvik frå Adresseavisen meinte at ho spelar «mer intenst og overbevisende enn noensinne i et rystende karakterstudie».[26] Ann Hornaday frå Washington Post var òg nøgd og skreiv at Inland Empire er «nok eit døme på Lynchs ekstraordinære samarbeid med Dern. [...] Dern er ei uvanleg fleksibel muse; ho kan vera snerpete og ærverdig i éi scene, frodig moden i ei anna scene og like uhyggeleg som eit Dorothea Lange-portrett i ei heilt anna scene.»[27]

Dern fekk òg god kritikk for arbeidet med TV-filmen Recount i 2008. Filmen skildrar presidentvalet i USA i 2000 og den påfølgjande rettssaka mellom presidentkandidatane George W. Bush og Al Gore. Dern spelte statssekretæren i Florida, Katherine Harris, som var ein avgjerande skikkelse i valsaka. Alessandra Stanley frå The New York Times kalla Dern si rolletolking «fortryllande» og skreiv at «Derns skildring nærmar seg parodi, [...] men ho evnar å formidla glimt av menneskelegheit bak den tjukke sminka og den tjukkare skallen».[28] Ho vann ein Golden Globe og vart nominert til ein Primetime Emmy-pris og ein Screen Actors Guild-pris for rolla.[20][19][29]

2010–i dag: TV-prosjekt og Star Wars-rolle[endre | endre wikiteksten]

Laura Dern spelte ein rektor i komedien Verre enn verst (2010), ein hengiven kulttilhengar i dramafilmen The Master (2012), mora til ein kreftsjuk tenåring i ungdomsfilmen The Fault in Our Stars (2014) og ein frisør i dramafilmen 99 Homes (2014). Frå 2011 til 2013 var ho òg serieskapar med Mike White for komedieserien Eit perfekt liv. TV-serien handlar om 40 år gamle Amy Jellicoe (Dern), som får eit mentalt samanbrot på jobb og hamnar på ein behandlingsheim. Etter opphaldet til ein månad dreg ho attende til California for å starta eit nytt og betre liv, men ho møter motstand frå kollegaene. Programmet gjekk i to sesongar, og Dern fekk god kritikk for rolleskildringa. Matthew Gilbert frå Boston Globe meinte at Dern alltid «virker fullt oppslukt i rollefigurane sine», og roste den «rå elektrisiteten» til skodespelaren. «Dern evnar å gjera Amy både latterleg og rørande på same tid.» Ho vann sin tredje Golden Globe og vart nominert til ein ny Primetime Emmy-pris for rolla.[30][20][19]

Dern i mai 2013.
Foto: Georges Biard

Ho vart òg nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle for rolleskildringa i naturfilmen Wild (2014). Filmen er basert på ei sann historie om Cheryl Strayed, som etter mange år med uvøren åtferd bestemte seg for å leggja ut på ei reise langs Pacific Crest Trail i USA. Dern spelte mor til Cheryl, Bobbi, som døydde av lungekreft medan dottera gjekk på høgskule. Jon Selås frå VG skreiv at «Derns livsbejaende holdning og glede i en tilværelse som tross alt har lite å by på, levendegjør sterkt den sorgen som tynger ned Cheryl», medan Erlend Loe frå Aftenposten skreiv at «få som henne kan spille en hardt prøvet alenemor som klarer å holde hodet hevet».[31][32]

Sidan 2015 har Dern hatt ei av hovudrollene i animasjonsserien F is for Family. TV-serien føregår i 1970-åra og handlar om kvardagen til familien Murphy. Dern har stemmen til mora i familien, Sue. I 2016 hadde ho biroller i dramafilmane Certain Women og The Founder.

I 2017 hadde Dern fleire roller på film og TV. Ho spelte mot Woody Harrelson i dramakomedien Wilson i 2017. Filmen handlar om ein einsam, nevrotisk og fanatisk ærleg middelaldrande einstøing (Harrelson) som etter mange år møter ekskona si (Dern) att. Simon Thompson frå IGN var nøgd og skreiv at Dern si «rolleskildring er ei blanding av slapstickhumor og vennleg irritasjon. Ho er ei glede som gjer filmen betre. Dern gjer det bra for tida, og ho har ei rekkje interessante og viktige roller i prosjekt på både film og fjernsyn som viser oss kva ho har å by på når det kjem til rekkjevidd og dugleik. Wilson er eit prakteksempel på dette.»[33]

Dern spelte òg i tredje sesong av David Lynch sin thrillerserie Twin Peaks, som gjekk på TV i 2017. Ho vann sin fyrste Primetime Emmy-pris for arbeidet i miniserien Big Little Lies. Dern spelte rivaliserande powermamma Renata Klein i serien, som vert rasande når dottera vert skadd på fyrste skuledag. Det set i gang ein kjedereaksjon som til slutt endar med mord. Ho vart òg nominert til andre bransjeprisar for denne rolla, blant anna ein Golden Globe og ein Screen Actors Guild-pris. I 2017 hadde ho òg ei gjesterolle i dramakomedien Downsizing, og ho spelte motstandsoffiseren Amilyn Holdo i Star Wars-filmen The Last Jedi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Laura Dern - Munzinger Biographie», www.munzinger.de, henta 30. november 2021 
  2. «Laura.0 Dern», roglo.eu, henta 30. november 2021 
  3. «Généalogie de Laura DERN», Geneanet (på fransk), henta 30. november 2021 
  4. Harrington, Richard (14. september 2007). «The Essential Roger Corman». The Washington Post (Washington D.C.: Washington Post Company). ISSN 0190-8286. Henta 9. oktober 2017. Dern's real-life wife, Diane Ladd, playing the Loser's wife, became pregnant with daughter-actress Laura Dern during shooting. 
  5. Don Walton (13. januar 2013). «Epilogue: Meet George Dern, the first». Lincoln Journal Star. Henta 9. oktober 2017. 
  6. Marc Maron (7. oktober 2013). «Intervju med Laura Dern». WTF Podcast. 
  7. «Miss/Mr.Golden Globe: Presenting Hollywood's Next Generation». Golden Globe Awards. Henta 9. oktober 2017. 
  8. Sheila Benson (14. november 1985). «Movie Review : 'Smooth Talk' Hears The Tremor Of Adolescence». Los Angeles Times. Henta 9. oktober 2017. 
  9. Robert Abele (22. februar 2007). «Dern associated with indie film, Lynch». Variety. Henta 9. oktober 2017. 
  10. Sheila Benson (19. september 1986). «MOVIE REVIEWS: BLISS, BOREDOM AND BANALITY : Dark Sexuality Illuminated in Lynch's 'Blue Velvet'». Los Angeles Times. Henta 9. oktober 2017. 
  11. Shipra Harbola Gupta (18. november 2014). «Watch: Laura Dern Remembers Spirit Awards Early Days in Exclusive Anniversary Promo». IndieWire. Henta 9. oktober 2017. 
  12. Van Gelder, Lawrence (17. august 1990). «At the Movies». The New York Times. Henta 9. oktober 2017. 
  13. Travers, Peter (17. august 1990). «Wild At Heart». Rolling Stone. Henta 9. oktober 2017. 
  14. «The 64th Academy Awards (1992) Nominees and Winners». Academy of Motion Picture Arts and Sciences (AMPAS). Henta 9. oktober 2017. 
  15. Travers, Peter (20. september 1991). «Rambling Rose». Rolling Stone. Henta 9. oktober 2017. 
  16. Howe, Desson (20. september 1991). «‘Rambling Rose’ (R)». Washington Post. Henta 9. oktober 2017. 
  17. «Ensom kamp mot overmakten». NRK. Henta 9. oktober 2017. 
  18. O'Connor, John J. (2. juni 1992). «Review/Television; Pilot Error? A Widow Won't Accept the Verdict». The New York Times. Henta 9. oktober 2017. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 «Laura Dern». emmys.com. Henta 9. oktober 2017. 
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 «Laura Dern». Golden Globe Awards. Henta 9. oktober 2017. 
  21. «Laura Dern Awards». Internet Movie Database. Henta 9. oktober 2017. 
  22. «Laura Dern Biography». HBO. Arkivert frå originalen 2017-10-10. Henta 10. oktober 2017. 
  23. «Utdelingen i 1997». International Press Academy. Henta 9. oktober 2017. 
  24. Travers, Peter (5. august 2004). «We Don't Live Here Anymore». Rolling Stone. Henta 12. oktober 2017. 
  25. Puig, Claudia (12. august 2004). «'We Don't' follows 'I do'». USA Today. Henta 12. oktober 2017. 
  26. Nordvik, Martin (13. september 2007). «Mesterlig mareritt». Adresseavisen. Henta 12. oktober 2017. 
  27. Hornaday, Ann (13. januar 2007). «'Inland': Monkeys, Coffee and Other Lynchpins». Washington Post. Henta 12. oktober 2017. 
  28. Stanley, Alessandra (23. mai 2008). «Soothing or Salting Wounds From Election 2000». The New York Times. Henta 12. oktober 2017. 
  29. «The 15th Annual Screen Actors Guild Awards». Screen Actors Guild Awards. Henta 12. oktober 2017. 
  30. Gilbert, Matthew (10. oktober 2011). «Dern takes the lead in ‘Enlightened’». Boston Globe. Henta 13. oktober 2017. 
  31. Selås, Jon (5. mars 2015). «Filmanmeldelse: Wild». VG. Henta 14. oktober 2017. 
  32. Loe, Erlend (4. mars 2015). ««Wild:» Problemer? Gå en tur.». Aftenposten. Henta 14. oktober 2017. 
  33. Thompson, Simon (23. mars 2017). «Wilson Review». IGN. Henta 21. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Laura Dern