Lodnemyrklegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lodnemyrklegg
Lodnemyrklegg
Lodnemyrklegg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Snylterotfamilien Orobanchaceae
Slekt: Myrkleggslekta Pedicularis
Art: Lodnemyrklegg P. hirsuta
Vitskapleg namn
Pedicularis hirsuta

Lodnemyrklegg (Pedicularis hirsuta) er ein fleirårig urt i snylterotfamilien. Planten er nokså låg, og blir opptil 20 cm høg. Han er lett kjenneleg på kombinasjonen av nordleg utbreiing, karakteristiske blomster og sagtakka, spisse bladkantar.

Stilken har kvite hår og blada er smale. Lodnemyrklegg blomstrar tidleg, ofte i juni, og dei rosa blomane sit i eit aks på toppen av stilken. Veksestadene er fuktige og kalkhaldige, og planten finst på steinrik tundra, havstrender og elvebreidder. Han er ein halvparasitt som syg næring frå røtene til andre plantar, ofte Salix-artar.[1][2][3]

Lodnemyrklegg i Endalen, sidedal til Adventdalen ved Longyearbyen.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Utbreiinga er sirkumpolar i dei isfrie landområda i Arktis, men med eit gap rundt Beringsundet. Arten finst i det nordaustre Canada, på Grønland, Svalbard, Novaja Semlja, og i nordlege delar av Fennoskandia, europeisk Russland og Sibir. Arten er sjeldan i Alaska.[3][4]

I Dei skandinaviske fjella opptrer lodnemyrklegg som ein nordleg unisentrisk art, og ein finn planten i fjellet frå polarsirkelen til Vest-Finnmark, inkludert delar av det nordlegaste Sverige og Finland.[5][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 372–373. ISBN 82-512-0355-4. 
  2. 2,0 2,1 «Fjällspira». Den virtuella floran. Henta 3. mai 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Pedicularis hirsuta». Flora of the Canadian Arctic Archipelago. Henta 3. mai 2016. 
  4. R. Elven m.fl. (red.) Lodnemyrklegg i Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF): Vascular plants. Besøkt 17. april 2018.
  5. «Karplanter. Vurdering av lodnemyrklegg Pedicularis hirsuta som NT for Norge». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 30. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]