Lofthusen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gangaren Lofthusen (2/4-takt), er ein vandreslått med stor utbreiing. Namnet skriv seg frå spelemannen Lars Lofthus, ein av læremeistrane til Ola Mosafinn. Ola Mosafinn fortalde at Lars Lofthus nok dikta slåtten sjølv. I formoppbygging er denne slåtten ein typisk vosserull. Når ein reknar saman det store talet på former, kan ein tru at Lars Lofthus heller har prega ei eldre slått enn at han har dikta han heilt sjølv. I Telemark finst slåtten under namnet Prestegangaren eller Ringjaren. Namnet Prestegangaren skriv seg frå spelemannen Livius Smitt, son av presten på Voss, som tok slåtten med seg til Telemark og lærde han bort der. Han hadde og lærd slåtten av Lars Lofthus. Elles er formene halla Bekkjinguten, Ringjaren eller Leirlien. Nokre av formene har teke til seg vandretak frå andre slåttar.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Variantgruppa er svært stor, og finst under tre nummer i hardingfeleverket, nr 124 (tre variantar), nr 157 (14 variantar) og nr 160 (to variantar). I alt er det trykt 19 variantar av slåtten. Fire av desse er etter Torkjell Haugerud.

Nr 124[endre | endre wikiteksten]

Denne variantgruppa er stundom kalla Lofthusen II, men er sopass nærskyldt den ”klassiske” Lofthusen at han er teken med her.

Nr 157[endre | endre wikiteksten]

  • a: Lofthusen etter Ola Mosafinn frå Voss [4]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal nye slåttar nr 8). Mosafinn lærde slåtten av Lars Lofthus frå Voss, som og skal ha laga han. ”I Telemark kallar sume denne slåtten for Prestesonen” (etter Livius Smitt).
  • m: Ringjaren etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark [16]. Nedskrift Eivind Groven 1956 etter opptak i NRK ( G 1072).

nr 167[endre | endre wikiteksten]

Desse slåttane er rekna som former av Lofthusen II (nr 124):

nr 169[endre | endre wikiteksten]

  • a: Vossarull etter Ola Mosafinn, Voss [20]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal gamle slåttar hefte 1, nr 4I. Denne forma minner meir om Leirlien (157j).
  • b: Lofthusen etter Halldor Meland, Kvam [21]. Nedskrift Eivind Groven 1964 etter privatopptak (G 1540). Meland bygde ut den opphavlege vosseforma.