Long Black Veil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Long Black Veil
Singel av Lefty Frizzell
B-side When It Rains the Blues
Utgjeve 20. april 1959 (USA)
Innspelt 3. mars 1959
Sjanger Country
Lengd 3:05
Selskap Columbia 4-41384
Låtskrivar(ar) Marijohn Wilkin og Danny Dill
Produsent Don Law
Lefty Frizzell-kronologi
«Cigarettes and Coffee Blues»
(1958)
Long Black Veil «Forbidden Lovers»
(1963)


«Long Black Veil» er ein countryballade frå 1959, skriven av Danny Dill og Marijohn Wilkin og opphavleg spelt inn av Lefty Frizzell.

Statue av ein sørgjande engel på ein kyrkjegard.

Songen vert fortald frå synspunktet til ein mann som er feilaktig tiltala for mord og avretta. Han nekta å oppgje eit alibi, fordi han natta då mordet skjedde hadde eit utanomekteskapleg forhold med kona til bestevenen sin, og vil heller døy og ta løyndomen med seg i grava enn å innrømme sanninga. Refrenget skildrar kvinna som i sorg vitjar gravstaden hans med eit langt, svart slør («long black veil») i ein iskald vind.

I 2019 vart versjonen til Frizzell av «Long Black Veil» vald ut av Library of Congress for bevaring i National Recording Registry for å vere «kulturelt, historisk eller estetisk viktig».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Låtskrivarane sa seinare at dei var inspirert av tre kjelder for denne songen: Red Foley si innspeling av «God Walks These Hills With Me», ein avisartikkel frå den tida om eit uløyst mord på ein prest, og ei segn om ei mystisk kvinne med slør som ofte vitja grava til Rudolph Valentino. Dill sjølv kalla det ei «umiddelbar folkevise.»

Wilkin spelte piano på originalinnspelinga til Frizzell. Songen var ein annan stil enn den vanlege honkytonk-stilen frå tidlegare innspelinga av Frizzell, og var eit forsøk på å flytte han mot den då stadig meir populære folkemusikk-aktige musikken og den gryande Nashville sound-stilen.

Suksess[endre | endre wikiteksten]

Frizzell spelte inn songen i Nashville i 1959 og produsert av Don Law. Singelen nådde sjetteplassen på Billboard Hot C&W Sides-lista. I prosessen vart songen den største suksessen til Frizzell på fem år.

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

«Long Black Veil» har blitt ein standard og har blitt spelt av ei rekkje artistar innan country, folk og rock. Versjonen som gjorde det best på hitlistene var versjonen til Sammi Smith som nådde 26. plassen på countrylista i USA i 1974.

Johnny Cash framførte songen i første episoden av The Johnny Cash Show i 1969, i ein duett med Joni Mitchell. Songen vart òg gjeven ut på album av Johnny Cash og The Band i 1968 og gjekk inn på lista igjen i 1999 med Dave Matthews Band, som framførte songen på scenen med Emmylou Harris på ein hyllestkonsert til Johnny Cash. Tidleg i karrieren hennar spelte Joan Baez songen på konsertane sine og spelte songen inn to gonger i studio.

The Band framførte songen på Woodstockfestivalen og spelte han inn for debutalbumet sitt, Music From Big Pink.

Songen er med på samlealbumet til David Allan Coe frå 1984, 20 Greatest Hits, og på Marianne Faithfull sitt Rich Kid Blues, spelte inn i 1971, men ikkje gjeven ut før i 1985.[2]

Nick Cave and the Bad Seeds spelte inn ein versjon i 1986 for coveralbumet Kicking Against the Pricks.

Songen vart framført av Bruce Springsteen i 2006 på Seeger Sessions Band-turneen hans.[3] Refrenget er ofte sungen av Bruce Hornsby på konsertversjonar av songen hans «White Wheeled Limousine», inkludert versjonen som finst i plateboksen Intersections (1985-2005).

Mick Jagger spelte inn ein versjon med The Chieftains for albumet til gruppa The Long Black Veil i 1995.

Mike Ness, frontmann og gitarist i punkrockbandet Social Distortion, spelte inn songen i 1999 for det første soloalbumet sitt, Cheating at Solitaire.

Jerry Garcia, David Grisman og Tony Rice spelte inn songeni 2000 for Pizza Tapes.

Han har blitt spelt av Harry Manx, inkludert ein versjon på samlealbumet Johnny's Blues: A Tribute to Johnny Cash, og i oktober 2009 av Rosanne Cash på albumet hennar The List. Ein versjon av det skotske rockebandet Nazareth kom aldri ut på eit album, men vart framført på konsertar av dei.[4]

På albumet Rancho Alto av Jason Boland & the Stragglers frå 2011 er songen «False Accuser's Lament» ein oppfølgjar til «Long Black Veil», som skildrar synspunktet til vitne av hendingar og rolla han spelte.

Phil Lesh frå Grateful Dead framførte songen fleire gonger, med ymse musikarar på spelestaden hans Terrapin Crossroads. Jamey Johnson har spelte songen på turné.[5] Black Rebel Motorcycle Club har stundom spelt songen på konsertane sine.[6] The Black Crowes spelte songen på somme av konsertane sine.

Richard Hawley spelte inn songen som B-side til «Just Like the Rain».[7]

Hitsinglar[endre | endre wikiteksten]

Albumspor[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andrews, Travis M. (20. mars 2019). «Jay-Z, a speech by Sen. Robert F. Kennedy and 'Schoolhouse Rock!' among recordings deemed classics by Library of Congress». The Washington Post. Henta 13. september 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Rich Kid Blues». Discogs. Henta 13. september 2020. 
  3. «Long Black Veil - Bruce Springsteen & the Seeger Sessions». YouTube. Henta 13. september 2020. 
  4. «Nazareth - Long Black Veil (Ekaterinburg, 29.10.2008)». Henta 13. september 2020 – via YouTube. 
  5. «Jamey Johnson Long Black Veil July 4th picnic at Billy Bob's Fort Worth Texas». YouTube. Henta 13. september 2020. 
  6. «BRMC «Long Black Veil/A Fine Way To Lose» @ High Noon Saloon». YouTube. Henta 13. september 2020. 
  7. «Just Like the Rain - Richard Hawley | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 13. september 2020. 
  8. 4. mai 1964, The Tangent, Palo Alto, CA, The Grateful Dead Family Discography, henta 13. september 2020 
  9. Johnny Williams and The Jokers - The Long Black Veil, Discogs, henta 13. september 2020 
  10. The Move - The BBC Sessions, Discogs, henta 13. september 2020 
  11. The Byrds - Live In Boston 1969, Discogs, henta 13. september 2020 
  12. Guitars 101 Forum discloses the «unnamed» track 3 of that recording. Track 3 is Long Black Veil. Henta 28. juli 2013.
  13. Bill Monroe And His Blue Grass Boys - Kentucky Bluegrass, Discogs, henta 13. september 2020 
  14. Hank Williams Jr. With The Mike Curb Congregation, Discogs, henta 13. september 2020 
  15. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2007-01-07. Henta 15. august 2014. 
  16. Baby Opaque - Fugue In Cow Minor, Discogs, henta 13. september 2020 
  17. The Proclaimers - King Of The Road, Discogs, henta 13. september 2020 
  18. Don Walser: Official Website, DonWalser.com, arkivert frå originalen 10. juli 2011, henta 16. juni 2014 
  19. Sally Timms - Cowboy Sally, Discogs, henta 16. juni 2014 
  20. Jason & The Scorchers - Wildfires + Misfires, Discogs, henta 18. juni 2014 
  21. Bastard Sons Of Johnny Cash - Distance Between, Discogs, henta 18. juni 2014 
  22. Deadstring Brothers - Deadstring Brothers, Bloodshot Records, 20. desember 2013, henta 18. juni 2014 
  23. Jon Langford And The Pine Valley Cosmanauts, Discogs, henta 18. juni 2014 
  24. Rob Coffinshaker = Fairytales From The Dungeon, Discogs, henta 18. juni 2014 
  25. Tim O'Brien - Fiddler's Green, Discogs, henta 13. juli 2014 
  26. Charming Hostess - Punch, Discogs, henta 13. juli 2014 
  27. Various - Like A Version Two, Discogs, henta 6. september 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]