Joan Baez in Concert, Part 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joan Baez in Concert, Part 2
Konsertalbum av Joan Baez
Utgjeve November 1963
Innspelt April-mai 1963 på ein amerikansk turné
Sjanger Viser
Lengd 48:00
Selskap Vanguard
Produsent Maynard Solomon
Joan Baez-kronologi
Joan Baez in Concert
(1962)
Joan Baez in Concert, Part 2 Joan Baez/5
(1964)


Joan Baez in Concert, Part 2 var det andre konsertalbumet til Joan Baez, spelt inn under turneen hennar i USA tidleg i 1963. Albumet nådde sjuandeplassen på Billboard Pop Albums-lista.

Historie[endre | endre wikiteksten]

In Concert, Part 2 er det første Baez-albumet med songar av Bob Dylan: «Don't Think Twice It's Alright» og «With God on Our Side» (i følgje Baez den første Dylan-songen ho lærte seg). Innspelinga hennar av «We Shall Overcome» vart spelt inn i Miles College i Birmingham i Alabama same dagen som massearrestasjonane av borgarrettsdemonstrantane i mai 1963.

Teksten på plateomslaget inneheld eit dikt av Bob Dylan utan tittel, med det gjentakande temaet «An' I walked my road an' sung my song», som refererer til forholdet mellom dei to.

På den originale vinylutgåva til Vanguard hadde stereo- og monoutgåva[1][2] forskjellig innhald. Songen «With God on Our Side» frå stereoutgåva, var ikkje med på monoutgåva. I staden for hadde monoutgåva «Railroad Bill» og «Rambler Gambler».

I 1988 gav Vanguard ut det meste av Part 2 i lag med det meste av Part 1 på ein enkel CD kalla Joan Baez in Concert (det var ikkje plass til begge albuma på ein enkel CD).

Ei utgåve frå Vanguard frå 2002 inneheld alle songane frå stereo- og monoutgåvene, i tillegg til tre bonusspor som ikkje var gjeven ut før: «Death of Emmett Till,» «Tomorrow is a Long Time» og «When First Unto This Country A Stranger I Came.»[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]

I meldinga si for Allmusic skreiv Richie Unterberger om album «Repertoaret hennar utvikla seg frå reint tradisjonelle viser til å dekke songar av moderne visesongarar. Endringa var likevel ikkje så radikal at ho framandgjorde fansen sin, og albumet inneheld framleis mange tradisjonelle viser av typen som lanserte karrieren hennar. Å spele nye songar gjorde mykje for å hindre at ho fall inn på «maiden-of-constant-sorrow»-sporet.»[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er tradisjonelle utanom der andre er nemnde.

Original stereoutgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Once I Had a Sweetheart»    3:12
2. «Jack-a-Roe»    3:06
3. «Don't Think Twice It's Alright»  Bob Dylan 3:11
4. «We Shall Overcome»  Guy Carawan, Lee Hamilton, Zilphia Horton, Pete Seeger 3:31
5. «Portland Town»  Derroll Adams 2:48
6. «Queen of Hearts»    2:31
7. «Manhã de Carnaval (Morning of Carnival) / Te Ador (I Adore You)»  Luiz Bonfá, Antônio Maria / Tradisjonell 4:50
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
8. «Long Black Veil»  Marijohn Wilkin, Horace Eldred Danny Dill 3:05
9. «Fennario»    4:01
10. «'Nu Bello Cardillo (The Beautiful Goldfinch)»    2:57
11. «With God on Our Side» (berre stereoutgåva)Bob Dylan 6:14
12. «Three Fishers»  John Pyke Hullah, Charles Kingsley 2:45
13. «Hush Little Baby»    1:25
14. «Battle Hymn of the Republic»  Julia Ward Howe 3:24

Original monoutgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Once I Had a Sweetheart»    3:12
2. «JackaRoe»    3:06
3. «Don't Think Twice It's Alright (Bob Dylan)»    3:11
4. «We Shall Overcome (Guy Carawan, Lee Hamilton, Zilphia Horton, Pete Seeger)»    3:31
5. «Portland Town (Derroll Adams)»    2:48
6. «Queen of Hearts»    2:31
7. «Manhã de Carnaval (Morning of Carnival) / Te Ador (I Adore You) (Luiz Bonfá, Antônio Maria / Traditional)»    4:50
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
8. «Long Black Veil (Marijohn Wilkin, Horace Eldred Danny Dill)»    3:05
9. «Railroad Bill» (berre monoutgåva)  2:08
10. «Rambler, Gambler» (berre monoutgåva)  2:05
11. «Fennario»    4:01
12. «'Nu Bello Cardillo (The Beautiful Goldfinch)»    2:57
13. «Three Fishers (John Pyke Hullah, Charles Kingsley)»    2:45
14. «Hush Little Baby»    1:25
15. «Battle Hymn of the Republic (Julia Ward Howe)»    3:24
Bonusspor på nyutgjeving
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
16. «The Death of Emmett Till»  Bob Dylan 3:53
17. «Tomorrow is a Long Time»  Bob Dylan 3:14
18. «When First Unto This Country A Stranger I Came»    2:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Joan Baez – vokal, akustisk gitar
  • Reice Hamel - lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1964 Billboard Pop Albums 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Release« Joan Baez In Concert» by Joan Baez». MusicBrainz. Henta 13. oktober 2018. 
  2. «Release «Joan Baez In Concert» by Joan Baez». MusicBrainz. Henta 13. oktober 2018. 
  3. «Release «Joan Baez In Concert» by Joan Baez». MusicBrainz. Henta 13. oktober 2018. 
  4. 4,0 4,1 Unterberger, Richie. «Joan Baez in Concert, Part 2 > Review». Allmusic. Henta 13. oktober 2018.