Low Budget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Low Budget
Studioalbum av The Kinks
Utgjeve 10. juli 1979 (USA)
7. september 1979 (Storbritannia)[1]
Innspelt Januar 1979 – juni 1979
Studio Power Station og Blue Rock Studios i New York
Sjanger Hardrock
Lengd 43:16
Selskap Arista
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi
Misfits
(1978)
Low Budget One for the Road
(1980)
Singlar frå Low Budget
  1. «(Wish I Could Fly Like) Superman»
    Utgjeve: 26. januar 1979
  2. «A Gallon of Gas»
    Utgjeve: 7. august 1979 (USA)
  3. «Catch Me Now I'm Falling»
    Utgjeve: 5. september 1979 (USA)
  4. «Moving Pictures»
    Utgjeve: 28. september 1979 (Storbritannia)
  5. «Pressure»
    Utgjeve: 30. november 1979 (Storbritannia)

Low Budget er det 17. studioalbumet til den engelske rockegruppa The Kinks, utgjeve i 1979. Etter den mindre suksessen til albumet Misfits i 1979, spelte bandet inn det meste av dette albumet i New York og ikkje i London. I motsetnad til dei meir nostalgiske temaa frå mange av dei tidlegare Kinks-albuma, inneheld Low Budget songar som var meir samtidige. Musikalsk er albumet eit framhald av «arenarock»-fasen til bandet med eit tydeleg rockepreg og moderne produksjon.

Albumet gjekk ikkje inn på albumlista i Storbritannia, men vart ein stor suksess for gruppa i USA. Ikkje berre vart dette det mestseljande albumet deira i USA (om ein ser bort frå samlealbum), men det nådde òg 11. plassen på den amerikanske albumlista. Den første singelen, «(Wish I Could Fly Like) Superman», vart òg ein mindre hit i USA og nådde 41. plassen. Albumet fekk god kritikk blant mange kritikarar i USA, men vart meir lunke motteke i heimlandet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha brukt det meste av 1970-åra på å spele inn høgtflygande konseptalbum, som rockeoperaen Preservation, hadde The Kinks byrja å selje stadig dårlegare, og hadde ikkje hatt større hittar sidan «Lola» i 1970. Då dei gjekk frå RCA Records til Arista Records sommaren 1976, byrja dei gradvis å få meir suksess i USA. Dei gjekk bort frå konseptalbuma og skreiv enklare rockelåtar frå og med Sleepwalker frå 1977 og Misfits frå 1978, som begge hadde blitt ein suksess i USA.

Bandet opplevde derimot konfliktar i denne perioden, og begge bassistane, John Dalton og den kortvarige erstattaren Andy Pyle, og klaverspelaren John Gosling slutta i bandet, medan den opphavlege trommeslagaren Mick Avory vurderte å slutte.[2] Avory vart verande, medan den tidlegare Argent-bassisten Jim Rodford og klaverspelaren Gordon John Edwards vart henta inn i albumet. Edwards kom då frå The Pretty Things etter å ha spelt på albumet deira Silk Torpedo.[3] Edwards vart etter kort tid sparka fordi han ikkje møtte opp for innspelingane til Low Budget, og vart erstatta av Ian Gibbons då albumet kom ut.[4]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innpelinga for Low Budget byrja tidleg i 1979 i bandet sitt eige Konk Studios i London, der «(Wish I Could Fly Like) Superman» vart spelt inn etter Arista-sjefen Clive Davis bad om ein radiovennleg hit. Tittelsporet til albumet vart òg spelt inn då.[5] Resten av albumet vart spelt inn i Power Station og Blue Rock Studios i New York. Studioteknikaren John Rollo sa om desse første innspelingane: «Albumet før [Low Budget, Misfits] var vakkert spelt inn, men ikkje så rock and roll. Eg syns dei to første songane, «(Wish I Could Fly Like) Superman» og «Low Budget», gjekk særs bra og bandet ønskte å bruke tid i New York, kom seg bort frå distraksjonar og halde det som ei rå bandinnspeling.»[5]

Innspelinga i New York byrja i april 1979.[6] I lag med songar som kom med på den endelege utgåva av Low Budget, vart det òg spelt inn songar som kom ut på det neste albumet deira, Give the People What They Want, som «Destroyer» og «Give the People What They Want» (og kanskje «Yo-Yo» og «Better Things»).[6] Andre songar somv art spelt inn då var «Massive Reductions», B-sida til «Better Things» i Storbritannia, som seinare vart spelt inn på ny i 1984 for albumet Word of Mouth, i tillegg til «Hidden Qualities» og «Laugh at the World».[6] Endelege miksar og rekkjefølgje for albumet vart fullført i juni det året.[7]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Etter eit tiår med mange konseptalbum vart songane her enklare. Low Budget markerte ei ny retning for The Kinks med å omhandle samtidige saker som inflasjon, arbeidsuroa og energikrisa i 1979. Songar som «Catch Me Now I'm Falling», som omhandla den minkande påverknanden Amerika hadde på verda, «(Wish I Could Fly Like) Superman», «Low Budget» og «A Gallon of Gas», illustrerte dette

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]
Blender3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[9]
Robert ChristgauB−[10]
Rolling Stone(positiv)[11]

Før Low Budget kom ut, vart «(Wish I Could Fly Like) Superman» gjeven ut på singel tidleg i 1979, med B-sida «Low Budget». Singelen selde ikkje godt nok i Storbritannia, men i USA vart han ein mindre hit med ein 41. plass på singellista.[12] Low Budget kom så ut 10. juli 1979 i Amerika og 7. september 1979 i Storbritannia. Albumet vart ein stor suksess i USA og nådde 11. plassen på Billboard 200 (den beste plasseringa deira til no).[7] Trass i større salssuksess i Amerika, klarte ikkje albumet å nå albumlista i heimlandet.[7] Dei neste singlane etter «Superman» («A Gallon of Gas» og «Catch Me Now I'm Falling» i USA, «Moving Pictures» og «Pressure» i Storbritannia) gjekk ikkje inn på singellistene.[13]

Low Budget fekk generelt god kritikk av musikkjournalistane. Melody Maker skreiv positivt om albumet og sa at «Low Budget er faktisk verdt å bruke pengar på.»[14] Rolling Stone likte òg albumet og skreiv at «The Kinks har ikkje ladd eit slik rock & roll-åtak sidan 'Lola'.»[11] Dei konkluderte med at «Low Budget er ikkje blant dei beste av dei kring 20 albuma dei har gjeve ut i Amerika, men det er ikkje dårleg heller.»[11][7]

I America vart ein versjon av «Low Budget» gjeven ut på 12"-versjonen av «Superman» med ytterlegare to vers. Denne versjonen var opp under fem minuttar lang. Denne versjonen, og en lengre versjonen av «Come Dancing» fire år sseinare, har aldri blitt gjevne ut som bonusspor, og eg berre tilgjengeleg på vinyl.

The Kinks la ut på ein større turné i Amerika for å marknadsføre albumet. Seks av elleve songar på albumet finst på konsertalbumet One for the Road som vart spelt inn i 1979 og 1980 under denne turneen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Attitude»   3:47
2. «Catch Me Now I'm Falling»   5:58
3. «Pressure»   2:27
4. «National Health»   4:02
5. «(Wish I Could Fly Like) Superman»   3:36
Side to
# Tittel Lengd
1. «Low Budget»   3:50
2. «In a Space»   3:44
3. «Little Bit of Emotion»   4:51
4. «A Gallon of Gas»   3:48
5. «Misery»   2:57
6. «Moving Pictures»   3:47
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Lengd
12. «A Gallon of Gas» (Lengre amerikansk singelversjon) 3:52
13. «Catch Me Now I'm Falling» (Lengre utgåve. Ikkje utgjeven før) 6:49
14. «(Wish I Could Fly Like) Superman» (12" disco mix) 5:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Kinks

med:

  • Nick Newall - saksofon
Teknisk
  • John Rollo - lydteknikar
  • Gary Gross - fotografi
  • Konsept for omslaget av Ray Davies

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kinks, The - Low Budget». discogs.com. Henta 27. april 2018. 
  2. Jovanovic 2014, s. 231-232.
  3. Jovanovic 2014, s. 233-234.
  4. Jovanovic 2014, s. 236.
  5. 5,0 5,1 Jovanovic 2014, s. 235-236.
  6. 6,0 6,1 6,2 Hinman 2004, s. 228.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Hinman 2004, s. 230.
  8. Erlewine, Stephen Thomas. Low BudgetAllmusic. Henta 27. april 2018.
  9. Blender review Mal:Webarchive
  10. Christgau, Robert. «The Kinks». RobertChristgau.com. Henta 27. april 2018. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Fricke, Davie (20. september 1979). «The Kinks: Low Budget». Rolling Stone (Straight Arrow) (RS 300). ISSN 0035-791X. Arkivert frå originalen 2. oktober 2007. 
  12. Hinman 2004, s. 226.
  13. Hinman 2004, s. 232-235.
  14. Jovanovic 2014, s. 237.