Face to Face

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Face to Face
Studioalbum av The Kinks
Utgjeve 28. oktober 1966
Innspelt 23. oktober 1965 – 21. juni 1966
Studio Pye Studios i London
Sjanger
Lengd 38:32[1]
Selskap
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi
The Kink Kontroversy
(1965)
Face to Face Something Else by The Kinks
(1967)
Singlar frå Face to Face
  1. «Sunny Afternoon»
    Utgjeve: 3. juni 1966
  2. «Dandy»
    Utgjeve: Oktober 1966
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
MusicHound5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]

Face to Face er eit album av The Kinks frå 1966Pye Records i Storbritannia og Reprise Records i USA. Det var eit stort kunstnarisk gjennombrot får låtskrivaren Ray Davies og er det første heile albumet der Davies nytta den forteljande, observerande forteljarstilen med ironiske samfunnskommentarar i songane sine. The Kinks flytta seg her bort frå den harde rock and roll stilen frå 1964-65, som hadde gjort bandet til stjerner. Dette vart òg det første Kinks-albumet som berre bestod av Ray Davies-songar, og var det første albumet deira som vart spelt inn over ein lang periode og ikkje berre i løpet av ei kort innspeling.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Davies, som hadde hatt eit nervesamanbrot like før innspelinga av albumet kom i gang, ser ut til å svare på det store presset han følte ved å skrive songar om vanlege forstadsfolk med feila og frustrasjonane deira. Denne nye stilen hadde gradvis kome til i løpet av det føregåande året med songar som «A Well Respected Man» og «Dedicated Follower of Fashion». Stilen slo ut for fullt i mai 1966 med hitsingelen «Sunny Afternoon», som nådde førsteplassen i Storbritannia og var den einaste førsteplassen bandet fekk i Noreg. Den store suksessen denne songen fekk viste for Davies og managerane til The Kinks at bandet kunne oppnå suksss òg med denne stilen. Det nye albumet følgde dette mønsteret, og det same gjorde dei neste albuma deira dei fem neste åra. Perioden frå 1966 til 1971 er vorte kalla «gullalderen» til The Kinks.

Albumet kom ut eit år med mykje uro for bandet. Bandet sleit med personlege problem (bassist Pete Quaife vart skadd, slutt i bandet og kom seinare attende), rettslege kontraktstridar og hektisk turnering. Albumet fekk god kritikk, men selde ikkje veldig mykje, særleg ikkje i USA.

Songane[endre | endre wikiteksten]

Songane på albumet er fulle av dei spottande, smarte tekstane til Davies. Han kritiserer ein lat Don Juan i «Dandy» og syng om den sjølvopptekne og hyklerske rike eliten i «House in the Country» og «Most Exclusive Residence for Sale». Medmenneskelegdomen til Davies kjem òg til syne på songar som «Rosie, Won't You Please Come Home», ein uvanleg popsong i 1960-åra som støtta foreldre som var mot vald mot opprørske barn (eit godt døme på at The Kinks valde tidlause tema som var umoderne på tida dei vart skrivne).

Enkelte musikkhistorikarar har omtalt albumet som det første konseptalbumet i rock and roll der det lause temaet er samfunnskommentarar. Davies hadde ønska å knyte songane saman med lydeffektar, men vart tvungen av Pye Records til å gjere det om til eit standard album. Nokre av effektane er likevel med som på «Party Line», «Holiday in Waikiki», «Rainy Day in June» og andre songar som ikkje kom med på det endelege albumet («End of the Season», «Big Black Smoke»). På grunn av problem med platekontrakten vart albumet halde tilbake fleire månader etter den siste innspelinga, og Davies krangla i tillegg med Pye om korleis plateomslaget skulle sjå ut. Selskapet meinte at det psykedeliske temaet var upassande.

To songar på Face To Face vart opphavleg spelt inn og gjeve ut av andre britiske band månader før albumet kom ut, trass i at dei var skrivne av Davies. The Pretty Things hadde ein liten britisk hit i juli 1966 med «A House In The Country», som nådde 50. plass og var den siste singelen dei fekk inn på salslista. Herman's Hermits tok samstundes deira versjon av «Dandy» til Topp 10 i mange land.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Party Line»   2:35
2. «Rosie Won't You Please Come Home»   2:34
3. «Dandy»   2:12
4. «Too Much on My Mind»   2:28
5. «Session Man»   2:14
6. «Rainy Day in June»   3:10
7. «A House in the Country»   3:03
Side to
# Tittel Lengd
8. «Holiday in Waikiki»   2:52
9. «Most Exclusive Residence for Sale»   2:48
10. «Fancy»   2:30
11. «Little Miss Queen of Darkness»   3:16
12. «You're Lookin' Fine»   2:46
13. «Sunny Afternoon»   3:36
14. «I'll Remember»   2:27

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Billboard Cash Box Record World
1966 135[5] 57[5] 47[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]