Lola av The Kinks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lola
Singel av The Kinks
frå albumet Lola Versus Powerman and the Moneygoround, Part One
B-side
  • «Berkeley Mews» (Storbritannia)
  • «Mindless Child of Motherhood» (USA)
Utgjeve 12. juni 1970
Innspelt April–mai 1970
Studio Morgan Studios i Willesden i London
Sjanger
Lengd 4:03
Selskap
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi
«Victoria»
(1969)
Lola «Apeman»
(1970)


«Lola» er ein song av The Kinks frå 1970 skriven av Ray Davies. Songen omhandlar eit romantisk møte mellom ein ung mann og ein transvestitt han møter i Soho i London.

Songen er ein av dei mest kjende til The Kinks og vart gjeven ut som singel frå albumet Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One. Singelen nådde andreplassen i Storbritannia og niandeplassen i USA. Songen vart i 2003 rangert på 422. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista deira frå 2010 var songen ute av lista.

Inspirasjon for songen[endre | endre wikiteksten]

I boka The Kinks: The Official Biography fortel Ray Davies at han vart inspirert til å skrive songen etter at manageren deira Robert Wace hadde dansa med ein transvestitt på ein nattklubb. Seint i 1969 oppfordra far til Davies han om å yte litt ekstra for å få ein ny stor hitsingel etter ein lang periode utan hittar for bandet, og «Lola» vart resultatet. Davies og The Kinks brukte ekstra lang tid på å spele inn og utforme songen i Morgan Studios i London tidleg i 1970.

I sjølvbiografien sin hevdar Dave Davies at han skreiv musikken til det som vart «Lola». Etter at Dave hadde spelt musikken til broren, skreiv Ray teksten. Dave hevdar så at broren tok all æra for songen. Den opphavlege teksten hadde orda «Coca-Cola», men sidan BBC dermed ikkje ville spele songen på grunn av reklamen det gav, måtte dei endra teksten til «cherry cola» for singelen.[2]

Suksessen singelen hadde fekk konsekvensar for bandet på eit kritisk tidspunkt i karrieren deira. Dei kunne no forhandle ein ny kontrakt med RCA Records, bygge sitt eige London Studio og ta kreativ kontroll over karrieren sin. «Lola» vart ein særs populær konsertsong for bandet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970–71) Plassering
Australia (Go-Set)[3] 6
Australia (Kent Music Report) 4
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[4] 2
Canada Top Singles (RPM)[5] 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[6] 3
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7]
Live version (1980–1981)
1
Tyskland (Media Control AG)[8] 2
Irland (IRMA)[9] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[10] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[11]
Live version (1980–1981)
1
Nederland (Mega Single Top 100)[12] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[13]
Live version (1980–1981)
1
New Zealand (Listener)[14] 1
Sør-Afrika (Springbok)[15] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[16] 4
UK Singles (Official Charts Company)[17] 2
US Billboard Hot 100[18] 9
US Billboard Hot 100[18]
Live version (1980–1981)
81
US Cash Box Top 100[19] 8

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Passering
Australia (Kent Music Report)[20] 94
Canada Top Singles (RPM)[21] 38
Nederland (Single Top 100)[22] 4
US Billboard Hot 100[23] 52
US Cash Box [24] 78

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Av artistar som har spelt songen finn Don Fardon i 1974, The Raincoats i 1979, Andy Taylor (frå Duran Duran) i 1990, Bad Manners i 1993, Dana Baitz, Madness i 2005, Jan Rot, Robbie Williams, McFly og Travis i 2008

I 1981 spelte «Weird Al» Yankovic ein parodiversjon av songen kalla «Yoda», ein karakter frå Star Wars.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Lola Versus Powerman and the Moneygoround, Part One». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/lola-vs-the-powerman--the-money-go-round-pt-1-r744966. 
  2. «Banning songs not a rare occurrence for the BBC», New Zealand Herald, 19. desember 2007
  3. «Go-Set Australian Charts – 16. januar 1971». http://www.poparchives.com.au/gosetcharts/1971/19710116.html. Henta 8. april 2015. 
  4. "The Kinks – Lola – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 9. april 2018.
  5. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 9. april 2018.
  6. "Ultratop.be – The Kinks – Lola" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 9. april 2018.
  7. "Ultratop.be – The Kinks – Lola (Live)" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 9. april 2018.
  8. "The Kinks - Lola". Charts.de. Media Control. Henta 9. april 2018.
  9. "The Irish Charts – Search Results – Lola". Irish Singles Chart. Retrieved 9. april 2018.
  10. "Nederlandse Top 40 – week 39, 1970" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 9. april 2018.
  11. "Nederlandse Top 40 – week 02, 1981" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 9. april 2018.
  12. "Dutchcharts.nl – The Kinks – Lola" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 9. april 2018.
  13. "Dutchcharts.nl – The Kinks – Lola (Live)" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 9. april 2018.
  14. «flavour of new zealand - search listener». http://www.flavourofnz.co.nz/index.php?qpageID=search%20listener&qsongid=3627#n_view_location. Henta 9. april 2018. 
  15. «South African charts». http://rock.co.za/files/springbok_top_20_(K).html. Henta 9. april 2018. 
  16. "The Kinks – Lola – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 9. april 2018.
  17. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 9. april 2018.
  18. 18,0 18,1 "Kinks?f=379&g=Singles The Kinks Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Kinks. Prometheus Global Media. Henta 9. april 2018.
  19. Cash Box Top 100 Singles, 31. oktober 1970
  20. Steffen Hung. «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Arkivert frå originalen den 2. juni 2016. https://web.archive.org/web/20160602084720/http://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=35092. Henta 9. april 2018. 
  21. «RPM Top 100 for 1970». RPM. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.3805&type=1&interval=50&PHPSESSID=rh9son8k51bh9f34ofiok21bn7. Henta 9. april 2018. 
  22. «Jaaroverzichten – Single 1971» (på nl). Single Top 100. Hung Medien. http://dutchcharts.nl/jaaroverzichten.asp?year=1971&cat=s. Henta 25. februar 2018. 
  23. «Billboard Top 100 – 1970». Billboard. ISSN 0006-2510. Henta 2011-01-03. 
  24. Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 26. desember 1970

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]