Something Else by the Kinks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Something Else by the Kinks
Studioalbum av The Kinks
Språk engelsk
Utgjeve 15. september 1967
Innspelt April 1966 – juli 1967
Studio Pye Studios i London
Sjanger
Lengd 36:17
Selskap Pye
Produsent
The Kinks-kronologi 
Face to Face
(1966)
Something Else by the Kinks The Kinks Are the Village Green Preservation Society
(1968)
Singlar frå Something Else by The Kinks
  1. «Waterloo Sunset»
    Utgjeve: 5. mai 1967
  2. «Death of a Clown»
    Utgjeve: 7. juli 1967
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[4]
Pitchfork9.3/10[5]
Rolling Stone(positiv)[6]

Something Else by the Kinks, ofte berre kalla Something Else, er eit album av det engelske rockebandet The Kinks frå september 1967. Albumet var det siste Kinks-albumet som den amerikanske produsenten Shel Talmy medverka på, og Ray Davies tok over som produsent. Mange av songane er med Nicky Hopkins på piano og kona til Ray Davies, Rasa, på korvokal.

Songane på albumet er skrivne av Ray Davies og er sterkt prega av engelske tema. Albumet inneheld hitsingelen «Waterloo Sunset» og singelen «Death of a Clown» som vart skriven i lag med broren og sologitaristen Dave Davies.

Albumet vart spelt inn mellom hausten 1966 og sommaren 1967, då Kinks hadde starta å turnere mindre. Albumet inneheld tre songar skrivne av Dave Davies, mellom anna hitsingelen «Death of a Clown». Den uventa suksessen til denne songen førte til at Davies starta ei solokarriere. Dei neste singlane hans klarte derimot ikkje å oppnå same suksess og frå midten av 1969 la han solokarriera på is dei neste ti åra.

Albumet selde ikkje særleg godt i Storbritannia, mellom anna fordi det konkurrerte med billige samlealbum av dei tidlegare Kinks-singlane frå 1964-1966. Pye Records gav òg ut både «Waterloo Sunset» og «Death of a Clown» før sjølve albumet, og dette førte kanskje til at interessa for albumet ikkje vart like stor. Det låge salstalet heldt fram på det neste albumet, The Kinks are the Village Green Preservation Society. Dei fekk ein stor britisk hit til kort tid etter Something Else med «Autumn Almanac», men fram til «Lola» i 1970 fekk dei ikkje fleire i heimlandet.

Something Else selde òg dårleg i USA då det kom ut her i januar 1968. Desse albuma hadde tydelege britiske tema, og i tillegg var bandet bannlyst frå å halde konsertar i USA. Albumet fekk likevel god kritikk, særleg i den gryande undergrunnspressa, som Crawdaddy. I 2010 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone på 289. plass på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«David Watts»2:32
2.«Death of a Clown» (Ray Davies/Dave Davies)3:04
3.«Two Sisters»2:01
4.«No Return»2:03
5.«Harry Rag»2:16
6.«Tin Soldier Man»2:49
7.«Situation Vacant»3:16
Side to
Nr.TittelLengd
8.«Love Me Till the Sun Shines» (Dave Davies)3:16
9.«Lazy Old Sun»2:48
10.«Afternoon Tea»3:27
11.«Funny Face» (Dave Davies)2:17
12.«End of the Season»2:57
13.«Waterloo Sunset»3:15
Bonusspor på CD-utgåva frå 1998 og 2004
Nr.TittelLengd
14.«Act Nice and Gentle»2:39
16.«Autumn Almanac»3:05
17.«Susannah's Still Alive» (Dave Davies)2:22
18.«Wonderboy»2:49
19.«Polly»2:51
20.«Lincoln County» (Dave Davies)3:12
21.«There Is No Life Without Love» (Ray Davies/Dave Davies)2:01
22.«Lazy Old Sun» (Unreleased alternate stereo take)2:53
Bonusspor på Sanctuary Records si luksus utgåve frå 2011 - Plate ein (mono)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«Act Nice and Gentle» (mono) 2:39
15.«Mr. Pleasant» (mono) 3:00
16.«Susannah's Still Alive» (mono)D. Davies2:21
17.«Autumn Almanac» (mono) 3:09
18.«Harry Rag» (alternative take) 2:13
19.«David Watts» (Alternative take) 2:32
20.«Afternoon Tea» (Canadian mono mix) 3:26
21.«Sunny Afternoon» (spelt inn for BBC) 2:52
22.«Autumn Almanac» (spelt inn for BBC) 3:05
23.«Mr. Pleasant» (spelt inn for BBC) 2:48
24.«Susannah's Still Alive» (spelt inn for BBC)D. Davies2:14
25.«David Watts» (spelt inn for BBC) 2:10
26.«Love Me Till the Sun Shines» (spelt inn for BBC, ikkje same som i plateboksen Picture Book boxset)D. Davies2:19
27.«Death of a Clown» (spelt inn for BBC)D. Davies, R. Davies2:54
28.«Good Luck Charm» (spelt inn for BBC) 1:20
29.«Harry Rag» (spelt inn for BBC) 2:25
30.«Little Women» (akkompagnement) 2:10
Bonusspor på Sanctuary Records si luksus utgåve frå 2011 - Plate to (stereo)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«Susannah's Still Alive» (stereo)D. Davies2:21
15.«Autumn Almanac» (stereo) 3:13
16.«Sand on My Shoes» (stereo) 3:05
17.«Afternoon Tea» (alternativ versjon) 3:45
18.«Mr. Pleasant» (alternativ versjon) 3:22
19.«Lazy Old Sun» (alternativ vokalversjon) 3:15
20.«Funny Face» (alternativ stereoversjon)D. Davies2:42
21.«Afternoon Tea» (tysk stereoversjon) 2:15
22.«Tin Soldier Man» (alternativt akkompagnement track) 3:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]