Ludvig Karsten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Selvportrett, 1912

Ludvig Peter Karsten (8. mai 187619. oktober 1926) var ein norsk kunstmålar. Målarkunsten hans merkar seg ut gjennom bruken av intense fargekontrastar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Karsten var fødd i Oslo (Kristiania) og oppvaksen der. Faren var ein innvandra murmeister frå Tyskland, ein mann som sanka seg stor formue. Sonen Ludvig gjekk i lære ved Tegneskolen si kveldsundervisning frå han var femten år gammal (1891-95). Deretter studerte han i Roma 1895-96, i München 1896 og 1900, og i Paris 1901 og 1910. Han reiste mykje, besøkte både Italia, Tyskland, Spania, Frankrike, Nord-Afrika og Tyrkia. Frå 1907 hadde han fleire opphald i Son. Om lag frå same tid budde han for det meste i København.

Karsten mottok avgjerande inntrykk frå Edvard Munch, som han trefte fyrste gongen i 1901 i Åsgårdstrand. Han lærte også av dei franske målarane Eugen Carrière (i 1901) og Henri Matisse (i 1910) i Paris. Debuten fann stad på Haustutstillinga i 1901, si fyrste separatutstilling heldt han i 1904 i Oslo.

I samtida vart Karsten sett som den viktigaste norske målaren inspirert av Edvard Munch, og den einaste som hadde eit sjølvstendig uttrykk. Christian Krohg karakteriserer i ein artikkel frå 1910 Karsten som ein av Noregs seks førande impresjonistar. Fram om alt var Karsten ein leiande kolorist i norsk målarkunst. Han var mindre interessert i form, line og motiv.

Blått kjøkken, 1913

Til dei mest kjende bileta hans høyrer Sysken (1901), Tæringssyk (1907), Blått kjøkken (1913) og Ved speilet (1914). Karsten laga elles personlege parafrasar etter gamle meistrar, Nedtagelsen etter den spanske målaren José de Ribera fekk mykje åtgaum.

Etter unionsoppløysinga (mellom Noreg og Sverige) fekk Karsten i oppdrag å måle stortingspresident Carl Berner. Han fekk då tildelt atelier med divan i stortingsbygninga. Etter kvart vart det vanleg at Krohg og andre vener vart med Karsten på nachspiel på Stortinget, etter at serveringsstaden Grand stengde for kvelden. Då dette vart oppdaga mista Karsten atelieret.

Karsten omkom ved eit fall i eit hotell i Paris. Han er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gauguin, Pola. Ludvig Karsten. 1949
  • Krohg, Christian. "De seks". I: Kunst og kultur, 1911. Om: Bernhard Folkestad, Ludvig Karsten, Theodor Laureng, Henrik Lund, Søren Onsager, Anders Castus Svarstad
  • Messel, Nils. Ludvig Karsten. Messel forlag, 1995. ISBN 82-7631-027-3
  • Stenersen, Rolf E. «Nogen ord om Edv. Munch, Ludvig Karsten og Henrik Sørensen». I: Vor Verden, nr 9, 1928
  • Det søte liv: kolorister i nord 1910-1920 Blaafarveværket, 1996. (Utstillingskatalog). ISBN 82-90734-15-8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. VIII. bandet
  • Bokmålswikipedia