MS «Vingtor» (1990)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vingtor (1991).jpg
MS «Vingtor» ved Strandkaien i Bergen. Foto av Harald Sætre.
Karriere Flag of Thailand.svg Thailand
Namn: MS «Pattaya Express»
Eigar: Jet Cat Tours Ltd.
Verft: Kværner Fjellstrand i Omastrand
Verftsnummer: 603
Sjøsett: 1990
Heimehamn: Bangkok
Kjennemerke: LIBP
IMO-nummer: 9011569
Generelle mål
Type: Snøggbåt/katamaran
Tonnasje: 478 bruttotonnregister, 155 nrt
Daudvekt: 100
Lengd: 40,00 m
Breidd: 10,10 m
Djupgang: 1,55 m
Installert effekt : 4868 bhk
Framdrift: 2x 16cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen)
Fart: 36 knop
Passasjerar: 1990-2010: 272
2010-2011: 350
2011- : 314 passasjerar
Karriere Flag of Thailand.svg Thailand
Namn: MS «Jet Cat» (1991)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Vingtor»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Sett i teneste: 22. mai 1996
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Greece.svg Hellas
Namn: MS «Puglia Queen L»
Eigar: Simplioktisia VI,
Sett i teneste: Februar 2010
Heimehamn: Kos
Kjennemerke: SVA4330
Karriere Flag of Qatar.svg Qatar
Namn: MS «USS Cat 1»
Eigar: Urbacon Trading & Contracting
Sett i teneste: Oktober 2013
Heimehamn: Doha
Kjennemerke: A7EK

MS «Vingtor» er ein katamaran bygt i 1990 som MS «Pattaya Express» i Omastrand.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då katamaranen var ferdigbygd vart han lasta om bord på MS «Paper Trader» for transport til Bangkok i Thailand og gjekk i rute mellom Bangkok og Pattaya frå 1991. Alt same året skifta båten namn til «Jet Cat».

I mars 1996 vart katamaranen frakta med MS «Wiebke» attende til Noreg og Leirvik på Stord. Her vart han opprusta for 6 millionar kroner ved Oma Slipp på Leirvik. I mai 1996 vart katamaranen kjøpt opp av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) for 2,1 millionar USD og endra namn til «Vingtor». Båten gjekk i rutefart i Flaggruten for Tide Sjø. Ein føregangar på same ruta, ein hydrofoilbåt, hadde same namn.

22. juni 1998 kolliderte «Vingtor» med MS «Sunnhordland» i tett tåke ved Haugesund. Årsaka var feilmanøvrering av «Vingtor».[1] Månaden etter, i juli 1998, assisterte «Vingtor» ein fritidsbåt som fekk motorstopp i kuling ved Rennesøy.[1]

21. mars 2001 kolliderte «Vingtor» med kaien i Kopervik etter propellstraum frå MS «Tjelden» og fekk store skadar i baugen. Seinare same året, 20. august, vart båten utsett for innbrot og hærverk i Stavanger, då varer for 6 000 kroner vart stolen.[1]

I januar 2010 vart båten seld til Hellas og omdøypt «Pugla Queen L». Ho gjekk då i rute mellom Kos og Syros i Hellas, og mellom Kos og Bodrum i Tyrkia.

I juni 2013 vart båten selt vidare til Qatar med namnet «UCC Cat 1». Båten vart sist observert i Doha i 2014 og det er ukjend om han framleis er i drift.

Ruter i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • 22. mai 1996 - 24. august 1999: Flaggruten (Stavanger - Bergen)
  • 27. august 1999 - Desember 1999: Bergen - Ølen
  • 9. desember 1999 - mai 2001: Flaggruten (Stavanger - Bergen)
  • 2. mai 2001 - 31. desember 2001: Flaggruten (Stavanger - Bergen) / Stavanger - Jørpeland
  • 25. oktober 2002 - mai 2006: Flaggruten (Stavanger - Bergen)
  • Mai 2006 - november 2008: Flaggruten (Stavanger - Bergen) / Stavanger - Jørpeland
  • 26. november 2008 - 1. februar 2010: Flaggruten (Stavanger - Bergen)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Kat. "VINGTOR" 1996-2010». Henta 21. april 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: MS «Vingtor» (1990)