Maja Kristine Jåma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maja Kristine Jåma
Maja Kristine Jåma, rådsmedlem (51618584620).jpg
Fødd8. juli 1993
Statsborgar avNoreg
PartiNorske Samers Riksforbund
Yrkepolitikar

Maja Kristine Jåma (fødd 8. juli 1993) er ein norsk, samisk politikar. Ho sit i sametingsrådet – regjeringa til Sametinget – for Norske Samers Riksforbund. Medan ho sit i rådet, møter Kristin Sara fast på Sametinget for ho.

I sametingsrådet har Jåma ansvar for kultur; klima, miljø og energi; areal og medium. Ho har vore reindriftsutøvar, lærar i sørsamisk og politisk rådgjevar for sametingsrådet.[1]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Våre kandidater», NSR (på norsk bokmål), henta 5. november 2021