Elisabeth Erke
| Elisabeth Erke | |||
| | |||
| Fødd | 8. september 1962 | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Senterpartiet, Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, lærar | ||
| Utdanna ved | Alta lærerhøgskole Universitetet i Oslo | ||
| Alle verv |
| ||
Elisabeth Erke (fødd 8. september 1962) er ein norsk samisk politikar, frå 2017 medlem av Sametinget.[1] Ho vart innvald frå Austre valkrets, der ho stod øvst på Ap-lista. I mai 2018 meldte ho seg ut av Ap og trekte seg samstundes som plenumleiar på Sametinget.[2] Seinare same året meldte ho seg inn i Senterpartiet.[3]
Ho vart utdanna lærar ved Alta lærarhøgskule på 1980-talet, før ho tok videreutdanning innan spesialpedagogikk, rettleiing, mentoring og coaching.
Erke har arbeidd i grunnskulen både i Akershus, Oslo og Tana. Ho har òg vore rektor ved den private Nyskolen i Oslo. Frå 2013 har ho arbeidd som museumsleiar ved Tana museum, elvesamisk museum, som er ein del av Tana og Varanger Museumssiida.
I åra 1998 til 2012 budde ho delar av tida i Sveits.
Ho byrja den politiske aktiviteten sin då ho som lærarstudent i Alta sat i landsstyret for Noregs Lærarstudentar. I åra 1997 til 2001 var ho vararepresentant på Sametinget, den gongen for Senterpartiet. Ho gjekk over til Ap i 2003. Etter kvart vart ho innvald i kommunestyret i Tana, der ho i 2017 er varaordførar.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ birthday.se
- ↑ Aslaksen, Eilif Andreas (7. mai 2018), «Sametingstopp: – Avstanden mellom meg og Ap ble for stor», NRK (på norsk bokmål), henta 21. juni 2019
- ↑ «(+) Erke har meldt seg inn i Senterpartiet - mulig ordførerkandidat i Tana», www.ifinnmark.no (på norsk), 5. august 2018, henta 21. juni 2019
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Erke» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2019.