Marcus Schnabel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marcus Schnabel
Fødd 21. juni 1744
Død

5. juni 1780

Yrke prest

Marcus Schnabel (21. juni 17445. juni 1780) var ein norsk prest og språkforskar frå Ulvik i Hardanger, særleg kjend for å ha skrive «Prøve paa hvorvidt det gamle Norske Sprog endnu er til udi det Hardangerske Bondemaal» i 1774.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Marcus Schnabel vart fødd som son av presten i Ulvik kyrkje, og voks opp der i bygda. I barndommen fekk han undervisning av far sin, men frå 1759 vart han teken inn ved katedralskulen i Bergen. Schnabel fylte 15 år dette året. På katedralskulen studerte han naturfag og matematikk til han i 1762 reiste til København der han fordjupa seg i naturfag og teologi. I 1766 tok han teologisk eksamen og kom deretter heim til Ulvik for å hjelpa faren i prestetenesta. I 1771 vart Schnabel personellkapellan i Ulvik.

Marcus Schnabel var interessert i både meteorologi og språkforsking. Han reiste til Volda for å vitja presten Hans Strøm og læra meir om meteorologi. Særleg var han interessert i vêret i Ulvik og korleis nedbøren påverka jordbruket. Schnabel skreiv ned nokre manuskript om dette og sende til Det Norske Videnskaps-Akademi i Trondheim, men dei vart ikkje trykte. I Volda stifta Schnabel òg ein livslang venskap med diktaren Claus Frimann.

Marcus Schnabel gifte seg i 1778 med dottera til Hans Egede. Året etter søkte han om prestekall i Strandebarm, men i staden fekk han jobb i Lier og flytte dit i 1779. Her vart Schnabel diverre alvorleg sjuk, og han døydde allereie i 1780 av det Hans Strøm kalla «forraadnende feber». Strøm hadde fått kall i grannebygda Eiker, og tok seg difor av dei etterlatne dokumenta etter Schnabel.

Vitskaplege verk[endre | endre wikiteksten]

I 1772-1773 skreiv Schnabel ein «presbyteriologi» over Voss og Hardanger som vart utgjeven i Det Bergenske Magazin. Schnabel arbeidde òg med ei vitskapleg skildring over Ulvik og området rundt. M.a. teikna han kart over Bergens stift, Ulvik og Kvam, kopierte ein primstav og skreiv kommentarar til. Desse dokumenta vart samla av Hans Strøm og gjevne ut i 1781 under tittelen «Udkast til Beskrivelse over Hardanger».

I studietida si hadde Marcus Schnabel studert norrønt og lese Kongsspegelen, og må ha ant at det var ein samanheng mellom det norrøne språket og dialekta i Hardanger. Det var slike idéar som fekk han til å arbeida med boka med den talande tittelen «Prøve paa hvorvidt det gamle Norske Sprog endnu er til udi det Hardangerske Bondemaal» som han skreiv i 1774. I innleiinga til boka syner Schnabel at einskilde norrøne ordformer, slik som röðu mína (talen min) likna svært mykje på den tilsvarande dialektforma i harding; rødo mi. Schnabel fortel vidare at han hadde vist utdrag av Kongsspegelen til dei gamle hardingane, men utan at dei forstod særleg mykje av det han las opp for dei. Hovuddelen av boka er ei ordliste med norrøne ord frå Kongsspegelen som har ei tilsvarande ord i hardingdialekta. Ordlista går berre frå A til F. Også denne boka vart send til vitskapsakademiet i Trondheim, og vart trykt ti år seinare, i 1784. Når Schnabel allereie i 1770-åra såg ein samanheng mellom gamalnorsk språk og norske målføre føregreip han til og med idéane til Ivar Aasen. Schnabel var då også til inspirasjon for både Aasen og Hans Ross.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]