Ulvik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°34′2″N 6°55′2″E

Ulvik kyrkje
kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Ulvik
Fellesråd Ulvik
Type Krosskyrkje
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Material Tre
Innvigd 1859
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont I kleberstein, frå mellomalderen
Altartavle Måla av Anders Askevold i 1878
Wikimedia Commons: Ulvik kyrkje

Ulvik kyrkje er ei krosskyrkje frå 1859 i Ulvik herad i Hordaland fylke. Kyrkja ligg på Brakanes i tettstaden Ulvik.

Byggverket er i tre og har 500 plassar. Ho er ei av mange kyrkjer i Noreg som på 1800-talet vart førd opp etter mønsterteikningane til Hans Ditlev Franciscus Linstow. Kyrkja vart dekorert innvendig i 1923 med måleri av kunstnaren Lars Osa frå Ulvik. Han har òg dekorert Granvin kyrkje.

Kyrkja var det einaste som stod att på Brakanes etter at tyske krigsfartøy hadde løyst eld mot staden 25. april 1940, resten av sentrum vart lagd i ruiner.

Altartavla i kyrkja, måla av Anders Askevold.

Eldre kyrkjer i Ulvik[endre | endre wikiteksten]

Dette er den tredje kyrkja i Ulvik. Fyrste gongen ei kyrkje er nemd i kjeldene er i 1309, då stod det ei stavkyrkje på garden Nedre Hakastad, om lag ein halv km lenger nordaust for der Ulvik-kyrkja ligg no. Stavkyrkja vart riven i 1710, og ei ny trekyrkje vart bygd. Denne stod til dagens kyrkje var ferdig i 1859, då vart ho riven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]