Marisko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marisko

Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: VU Sårbar[1]

Cypripedium calceolus wiki mg-k01.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Cypripedium
Art: C. calceolus
Vitskapleg namn
Cypripedium calceolus
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Eurasia

Marisko (Cypripedium calceolus) er ein plante i mariskoslekta Cypripedium i orkidéfamilien (marihandfamilien Orchidaceae) som veks i heile Norden.[2][3] Den er relativt sjeldan i dag, og har i lang tid vore freda i heile Noreg,[4] då den er avhengig av gamalskog for å vekse, og av di den vert mykje plukka.
 Blomen er på Norsk raudliste for artar 2021 oppgradert frå nær truga til sårbar (VU).

Den særprega utsjånaden har gjeve blomen fleire lokale namn i Noreg: Jomfru Maria gullsko (Etnedal, Lavangen), tøffel (Arendal), Olavsbolle (Fyresdal), Hellig Olavs tøffel (Troms), Marias bolle (Røyken) og bjønnsko (Hattfjord).

Ein marisko får som oftast ein eller to blomar, som blir rekna av fleire til å vere dei venaste viltveksande blomane i Noreg. Dei blir som regel 30-50 cm høge, og står i grupper på, frå nokon få til fleire titals individ.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Marisko.

Eit særdrag med marisko er den tøffelforma, hóle leppa (hjå denne arten lysgul og fast, med ein voksliknande konsistens). Denne leppa er, når blomen blømer, særs framtung, og gjer sånn at blomen bøyer seg. Framom dei raudflekka blada, finst den opningen som leier inn til leppa si hóle, som er fylt med nektar. Eit insekt som kryp ned denne vegen, passerer over ein stor, tungeliknande staminodier, som då vert dekt av pollen om insektet har med pollen utanfrå. I botnen av «tøffelen» finn insektet korte, saftfylte hår, som det et på. Men tøffelen si form hindrar insektet å koma opp til munningen att, der den kom inn, og før eller seinare oppdagar det fanga insektet to små opningar ved tøffelen sitt festepunkt. Men berre småinsekt kan trenge seg ut av dei tronge opningane, og større insekt vert innestengde og døyr inne i leppa. Dei to fertile knappane sit i vegen ved kvar av dei to utgangane, og når insekt trengjer seg ut, blir dei difor dekt av pollen. Blomen si leppe er altså ei felle som er meint til å halde på insekta ei tid, så dei kan bli pollinerte.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ein finn marisko i eit band frå Europa aust gjennom Asia til Stillehavet. Marisko veks spreidd og sjeldant i lauv- eller furuskog på kalkhaldig jord i Norden. I Bøverdalen veks planten opp til 1150 moh.

I Noreg finn ein marisko i alle fylka med unnatak av Rogaland, Sogn og Fjordane og Agder-fylka. I dei andre fylka er det berre nokre få funnstader.[5][6]

Arten finst òg i Sverige (LC) (svensk namn: «guckusko»),[7] i Danmark (VU) (dansk namn: «fruesko»)[8] og i Finland (NT) (finsk namn: «tikankontti»).[9]

I England finst marisko berre i Yorkshire. Planten var tidlegare utbreidd i heile Nord-England, særleg i kalkhaldige delane av Yorkshire Dales.[10] Ved slutten av 1900-talet kjende ein berre til éin einsleg plante i ein av dalane.[11] Tilbakegangen til planten i Storbritannia blir forklart med sanking til hagar og botanikksamlingar, men kan også koma av skogrydding i vekstområdet følgd av sauebeiting.[12] Ein driv i dag med reintroduksjon av planten i Yorkshire Dales, og talet har auka til fleire hundre.[11][13] Marisko (engelsk namn: «lady's slipper orchid») er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[14] I den britiske raudlista har arten status som kritisk truga (CR),[15] likeeins lokalt for England.[16]

Marisko i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Snåsa kommune.

Snåase/Snåsa kommune har marisko på våpenskjoldet,[17] medan marisko var fylkesblome for Nord-Trøndelag.[18]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Raudlista: Marisko». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 4. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Artsopplysningar marisko». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Namnetre marisko». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022. 
  4. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 4. mars 2022. 
  5. «Marisko». botanikk.no. Henta 4. mars 2022. 
  6. «Artskart: Marisko, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022. 
  7. «Artfakta: Cypripedium calceolus guckusko». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  8. «Naturbasen: Fruesko Cypripedium calceolus». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  9. «LAJI: Cypripedium calceolus». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  10. Jan Čeřovský (1995). Endangered Plants. London: Sunburst Books. s. 121–122. ISBN 1-85778-101-5. 
  11. 11,0 11,1 «Lady’s-Slipper Orchid Cypripedium calceolus Species Action Plan» (PDF). Yorkshire Dales National Park Authority.  Arkivert 2010-12-23 ved Wayback Machine.
  12. Peter Marren (1999). Britain’s Rare Flowers. T & A D Poyser Natural History. s. 143. ISBN 0-85661-114-X. 
  13. Phillip Cribb (July 2003). «Orchid Research Newsletter No. 42» (PDF).  Arkivert 2008-05-07 ved Wayback Machine.
  14. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  15. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. Henta 9. mars 2022. 
  16. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  17. «Kommunevåpen». Snåsa kommune. Henta 4. mars 2022. 
  18. «Fylkesblomst for Nord-Trøndelag: Marisko». Naturhistorisk museum. Henta 4. mars 2022. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]