Marius Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marius Eriksen
Marius Eriksen (1922-2009).jpg
Fødd8. desember 1922
FødestadChristiania
Død6. juli 2009
DødsstadOslo
EiningLuftforsvaret, Flyvåpnenes Felleskommando
Frå 332 skvadron sitt kvilerom på RAF-basen Catterick nord i Yorkshire i april 1942. Marius Eriksen sit heilt til høgre i biletet.

Marius Eriksen (fødd 8. desember 1922 i Kristiania, daud 6. juli 2009 i Oslo) var ein norsk alpinist og jagarflygar.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Spitfire Mk.IX, same type fly som Marius Eriksen flaug under andre verdskrig. Foto frå 1943.
Foto: Official U.S. Air Force photo no. 080306-f-3927A-060

Løytnant Eriksen var jagerflygar i 332 (N) Squadron under andre verdskrigen. Han fekk flygarutdanning ved Little Norway i Canada, etter å ha flykta frå Noreg til Skottland, via Ålesund 5. november 1940 som syttenåring. Han klarte dette ved å lyga om at han var 18 år gammal.[1] Han skaut ned ni fiendtlege fly og skadde tre. Med meir enn fem nedskotne fly kvalifiserte han seg til nemninga flygaress.

Han vart sjølv skoten ned i sin Spitfire den 2. mai 1943 av Hauptmann Dietrich Wickop frå Jagdgeschwader 1, Woensdrecht utanfor kysten av Nederland, og sat som krigsfange ved Stalag Luft III nær byen Żagań i Polen til frigjeringa i 1945. Wickop måtte sjølv nødlanda med sin Focke-Wulf Fw 190 etter duellen med Eriksen.

Idrett og film[endre | endre wikiteksten]

Henki Kolstad, Jytte Ibsen og Marius Eriksen frå innspelinga av lystspelet Troll i ordSkeikampen i Gausdal 1954. I filmen vert den populære mariusgenseren lansert.

Eriksen vart norgesmester i slalåm i 1947 og 1948. Han deltok under vinter-OL for Noreg i 1948 i St. Moritz med 20.-plass i utfor og 20.-plass i alpin kombinasjon.

I 1954 debuterte Eriksen som filmskodespelar og hadde rolla som skiinstruktør i komedien Troll i ord av Jon Lennart Mjøen og same år som journalist i Kasserer Jensen av Nils R. Müller. I filmen Slalåm under himmelen (regi Edith Carlmar, 1957) spelar han flygaren på F-84 Thunderjet.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen dreiv Eriksen eigen sportsbutikk og opna klesbutikken «Bentestova» i Oslo.

Han var son av turnaren Marius Eriksen sr., bror av alpinisten Stein Eriksen, svigerson av Bjarte Ording og far til Beate Eriksen. Den såkalla mariusgenseren er kalla opp etter han.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Eriksen vart høgt dekorert for krigsinnsatsen. Han mottok den høgaste utmerkinga i Noreg,, Krigskrossen med sverd.[2] Han vart òg tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein,[2] Krigsmedaljen, Deltakermedaljen og Haakon VIIs 70 års medalje. Han fekk i tillegg dei britiske utmerkingane Distinguished Flying Cross og Distinguished Flying Medal, og den amerikanske Silver Star.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Forsvarets forum (1. september 2009). Stordahl, Tor Eigil, red. «Forsvarets forum» (PDF). Forsvarets forum september 2009. Forsvarets forum. Arkivert frå originalen (PDF) 2015-09-24. 
  2. 2,0 2,1 Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren. Oslo: Grøndahl Dreyer. 1995. ISBN 8250421906. 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]